Valence















Valence

Valence 2005-11-05 039 ret02.jpg



Byvåpenet til Valence

Byvåpenet til Valence
Styresmakter
Land
Region
Departement

Frankrike
Rhône-Alpes
Drôme
Geografi
Flatevidd
 - By


36,69 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik


64 260
  1 751/km²
Koordinatar

44°56′00″N 04°53′30″EKoordinatar: 44°56′00″N 04°53′30″E
Høgd over havet
123 m
Tidssone
CET (UTC+1)
Diverse anna

Heimeside: www.mairie-valence.fr
Plassering

Valence dot.png

Valence er ein by og kommune søraust i Frankrike og prefecture (hovudstad) i departementet Drôme, ved den venstre breidda av Rhône. Han ligg om lag 100 km sør for Lyon langs jernbanelinja til Marseille. Byen har om lag 65 000 innbyggjarar, som vert kalla valentinois.


Tidlegare var byen kjend som hertugdømet Valentinois, styrt av Hertugen av Valentinois, ein tittel som Fyrsten av Monaco framleis har, sjølv om han ikkje har noko administrativ kontroll over området.



Historie |


Byen var i romartida kjend som Valentia Julia og var hovudstad i Segalauni og sete for ein lovprist skule før den romerske erobringa. Han vart ein koloni under Keisar Augustus, og vart ein viktig by i Viennensis Prima under Valentinian I. Byen var sete for eit bispedøme kanskje så tidleg som på 300-talet. Ataulf omleira og erobra Jovinus ved Valentia i 413. Byen fall så inn under styret til burgundarane, frankarane, maurarane, fyrstedømet Arles, keisarane i Tyskland, grevane av Valentinois, grevane av Toulouse, i tillegg til sine eigne biskopar, som kjempa for å halde kontroll over byen dei hadde vunne på 400-talet. Desse biskopane var ofte i konflikt med innbyggjarane og grevane av Valentinois. For å styrke kampen mot desse grevane slo paven i 1275 saman bispedømet med Die.


Innbyggjarane vart derimot verna av dauphinen (den franske kronprinsen), og i 1456 fekk dei av Louis XI dei same rettane og privilegiane som resten av Dauphiné. Biskopane gav seg dermed på det. På 1500-talet vart Valence eit senter for protestantisme i provinsen i 1563. Det vart bygd festningsverk i byen av Kong Frans I. Byen vart sete for eit lovprist universitet på midten av 1400-talet, men opphevinga av Ediktet i Nantes i 1685 gjekk hardt ut over industrien, handelen og busetnaden i byen.



Økonomi |


Hovudnæringen til Valence er i dag metallurgiske produkt, tekstilar, lærvarer, smykker og krigsmateriell, og er òg eit foredlings- og handelssentrum for det omliggande jordbruksområdet.


Nokre høgteknologiske selskap har slått seg ned i Valence, som Thalesgruppa, Crouzet/Schneider, Alcatel og Ascom Monetel.



Bakgrunnsstoff |


  • Offisiell turistside

Popular posts from this blog

六本木駅

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Redningsselskapet