Henrik Hagerup


















Henrik Hagerup
Henrik Steffens Hagerup NFB.24392.jpg
Fødd
23. april 1806
Kalundborg
Død
29. mai 1859
NasjonalitetNoreg
Yrkepolitikar
Utdanna vedSjøkrigsskulen
FarCaspar Peter Hagerup
Barn
Francis Hagerup, Henrik Steffens Hagerup
MedlemDet Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Henrik Steffens Hagerup (23. april 1806–28. mai 1859) var ein dansk-norsk offiser, stortingsmann og statsråd, fødd i Kalundborg i Danmark og død i Karlsbad. Han var far til Francis Hagerup.


Far til Hagerup var borgarmeister i Trondheim. Sjølv gjekk han frå 1819 til -24 sjøkadettinstituttet i Fredriksværn. Deretter studerte han i Breslau og 1826-27 gjekk han på Den militære høgskulen i Christiania. Frå 1828 til -32 var han hydrograf ved kystoppmålinga i Nord-Noreg. Etter to år som skipper i fraktfart på Amerika, arbeidde han åra 1835-38 som trigonometrist under den geografiske oppmålinga av kyststroka i Troms og Finnmark. I tida 1840-44 var han lærar i artilleriet ved sjøkadettinstituttet. Han var medlem i fleire kommisjonar, mellom dei om loslova i 1849 og planlegginga av den framtidige sjøstyrken til det norske riket.


Hagerup representerte Jarlsberg og Larvik amt på Stortinget i tida 1848-54. I 1848 var han medlem i Militærkomiteen, Valkomiteen og komiteane om krigen i Danmark, om statslånet og om vernepliktslova. Tre år seinare var han med i Militærkomite nr 1, Valkomiteen, Adressekomiteen og komiteane om trykking og jarnbaneanlegg. I 1854 sat han i Militærkomiteen, Valkomiteen og komiteen om nøytralitetsløyvingar. 21. mars 1856 vart Hagerup utnemnd til statsråd og sjef for Marinedepartementet. Same året vart han forfremja til kontreadmiral.



Kjelder |



  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Popular posts from this blog

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Why is system upgrade showing unstable version when upgrading in backend?System Settings > System Upgrade link does not existsComposer Error While upgrading magento version 2.1.6 to 2.2.2How to upgrade magento 1.4.0.0 to above 1.6 versionIssue with upgrading Magento Version from 2.1.7 to 2.1.12Magento 2.2.5: Error on running setup: upgrade after upgrading Magento from 2.2.2 to 2.2.5Are there any Magento Code Release Notes?getting error when upgrading from Magento 2.1.5 to Magento 2.2.6Will the installed third party plugins upgrade when we upgrade Magento version via composerWhy PHP Settings Check and Checking Component Dependency showing error during Magento 2.3 upgrade?Fatal error: Out of memory (in composer) during upgrade Magento2.2.1 to Magento 2.3 when run composer update command