Bispedømme
Eit bispedømme eller stift er eit geografisk område og ei administrativ eining i kyrkja, leidd av ein biskop og eventuelt av eit bispedømmeråd. 
Nemninga er brukt i Den katolske kyrkja, Den anglikanske kyrkja og i nokre protestantiske kyrkjer, mellom anna Den norske kyrkja. I Den ortodokse kyrkja finst ei tilsvarande eining som typisk blir kalla eparki. 
Bispedømme i Noreg | 

Kart over bispedømma i Den norske kyrkja.
I Noreg er det tre bispedømme i Den katolske kyrkja og elleve bispedømme i Den norske kyrkja.
Bispedømme i Den katolske kyrkja i Noreg | 
- Oslo katolske bispedømme
- Trondheim stift
- Tromsø stift
Bispedømme i Den norske kyrkja | 
Fram til 1919 var nemninga stift.
 Agder og Telemark bispedømme
 Bjørgvin bispedømme
 Borg bispedømme
 Hamar bispedømme
 Møre bispedømme
 Nidaros bispedømme
 Nord-Hålogaland bispedømme
 Oslo bispedømme
 Stavanger bispedømme
 Sør-Hålogaland bispedømme
 Tunsberg bispedømme
| 
 |