Rovfuglar




Ei fiskeørn i California et av ein fisk. Med hjelp av det kraftige, bøygde nebbet riv ho opp kjøtet, og ho held byttet med dei kraftige klørne
Foto: Simon Carrasco



Rovfuglar er fuglar som i regelen jaktar føde i flukt eller med åtak frå lufta, med hjelp av spesialiserte sansar, særskilt synssansen. Dette er fuglar som jaktar virveldyr, inkludert andre fuglar. Klørne og nebba har tendens til å vere relativt store, kraftige og tilpassa for oppriving av kjøt. I dei fleste tilfella er hoene monaleg større enn hannane. På grunn av levesettet, ofte på toppen av næringskjeda, står dei overfor ulike trugsmål.


Mange fugleartar kan sjåast på som delvis eller utelukkande predatoriske, men som omgrep i ornitologi gjeld rovfugl berre ei avgrensa mengd fuglefamiliar som lista nedanfor.




Innhaldsliste





  • 1 Definisjon


  • 2 Skildring


  • 3 Rovfuglane


  • 4 Kjelder




Definisjon |




Nokre typiske silhuettar av rovfuglar:
* Lammegribb, Gypaetus barbatus
* Gyps-gribbar, t.d. skjelgribb
* Gjøgleørn, Terathopius ecaudatus
* Aquila-ørner, t.d. kongeørn
* Buteo-våkar, t.d. fjellvåk
* Kjerrhaukar, t.d. sivhauk
* Milvus-glentar, t.d. glente
* Svaleglente, Elanoides forficatus
* Falkar, t.d. tårnfalk
* Accipiter-haukar, t.d. hønsehauk

Illustrasjon ved Wikimedia-brukar Shyamal




I vidaste tyding kan rovfuglar omfatte fuglar som jaktar og lever av dyr, òg dei som et svært små insekt.[1] Innanfor ornitologien, og definisjonen brukt her, har omgrepet ei smalare tyding: fuglar som har svært god synssans for å lokalisere byttedyr, sterke føter for å halde byttet og eit sterkt, bøygd nebb for å rive kjøtet.[2] Dei fleste rovfuglane har òg sterke, kurva klør for å fange eller drepe byttedyr.[2] Rovfuglar tar i regelen virveldyr som vanlegvis er ganske store i høve til storleiken på rovfuglen.[1] Dei fleste et òg åtsel, særleg har gribbar og kondorar kadaver som viktigaste matkjelde.[2] På dette viset utelukkar den smalare definisjonen storkar og måsar som kan ete ganske store fiskar, blant anna fordi desse fuglane fangar og drep byttet heilt med nebbet.[1] Tilsvarande ekskluderer dette joar som tar fuglar, pingvinar som et fisk, og virveldyretande kokaburraer.


I norsk daglegtale kan dei nattaktive uglene, Strigiformes, vere nemnde som rovfuglar, men i skriftleg faglege framstillingar er uglene ikkje rekna som del av omgrepet rovfuglar.[3]



Skildring |


Dagaktive rovfuglar har sterke bein og føter med rovklør og ei kraftig bakklo. Nesten alle er kjøtetande, dei jaktar med synet i dagslys eller i tussmørker. Dei kan ha særs lang levetid, og dei fleste har låg reproduksjonsrate.


Rovfuglungar veks særs fort fram til dei er flygedyktige, deretter får dei mat ved reiret i tre–åtte veker etter første flygeturen. Det tar frå eitt til tre år før dei er forplantingsdyktige. Kjønna har tydeleg ulik storleik, hos somme artar kan hoer ha over dobbelt vekt av hannen si vekt. Meir typisk er hannen ein tredel under storleiken til hoer. Kjønnsdimorfismen er vanlegvis mest ekstrem hos spesialiserte fugleetarar, som haukane i slekta Accipiter, men han vere heilt fråverande hos gribbar. I hovudregelen er rovfuglar monogame, dei kan finne ny partnar om den gamle døyr.



Rovfuglane |


Etter definisjonen over blir følgjande familiar av fuglar rekna med i omgrepet rovfuglar på norsk, alle er dagaktive fuglar:



  • Kondorfamilien, Cathartidae, sju artar kondorar i Amerika, inkludert andeskondor

  • Fiskeørnfamilien, Pandionidae, ein art, fiskeørn, på alle kontinenta på jorda unntatt Antarktis

  • Haukefamilien, Accipitridae med nær 240 artar av haukar, glentar, gribbar, våkar, ørner, kjerrhaukar og vepsevåkar

  • Sekretærfuglfamilien, Sagittariidae, ein art, sekretærfugl, i Afrika

  • Falkefamilien, Falconidae, med totalt 64 artar:

  • Slekt Micrastur: 7 skogfalkar

  • Karakaraer: slektene Daptrius, Ibycter, Phalcoboenus, Caracara og Milvago

  • Slekt Herpetotheres: latterfalk, Herpetotheres cachinnans

  • Slekt Spiziapteryx: parakittfalk, Spiziapteryx circumcincta

  • Slekt Polihierax: afrikapygméfalk, Polihierax semitorquatus, orientpygméfalk, Polihierax insignis

  • Slekt Microhierax: 5 falkonettar

  • Slekt Falco, 38 falkar, inklusive tårnfalk Falco tinnunculus, dvergfalk Falco columbarius, lerkefalk Falco subbuteo, jaktfalk Falco rusticolus, vandrefalk Falco peregrinus.


Kjelder |




  • Kålås, John Atle; Jan Ove Gjershaug, Magne Husby, Jan Lifjeld, Terje Lislevand, Karl-Birger Strann og Hallvard Strøm. Norsk rødliste for arter 2010: Fugler (PDF). Trondheim: Artsdatabanken. ISBN 978-82-92838-26-6. Henta 3. januar 2010.  Cite uses deprecated parameter |coauthor= (hjelp)

  • Denne artikkelen bygger på «Bird of prey» frå Wikipedia på engelsk, den 3. januar 2011




  1. 1,01,11,2 Burton, Philip (1989). Birds of Prey. illustrated by Boyer, Trevor; Ellis, Malcolm; Thelwell, David. Gallery Books. s. 8. ISBN 0831763817. 


  2. 2,02,12,2 Perrins, Christopher, M; Middleton, Alex, L. A., red. (1984). The Encyclopaedia of Birds. Guild Publishing. s. 102. 


  3. Sjå til dømes Norsk rødliste for arter 2010, side 424: oppramsing av kategoriar: «sjøfugl, rovfugl og ugler».



Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Popular posts from this blog

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Why is system upgrade showing unstable version when upgrading in backend?System Settings > System Upgrade link does not existsComposer Error While upgrading magento version 2.1.6 to 2.2.2How to upgrade magento 1.4.0.0 to above 1.6 versionIssue with upgrading Magento Version from 2.1.7 to 2.1.12Magento 2.2.5: Error on running setup: upgrade after upgrading Magento from 2.2.2 to 2.2.5Are there any Magento Code Release Notes?getting error when upgrading from Magento 2.1.5 to Magento 2.2.6Will the installed third party plugins upgrade when we upgrade Magento version via composerWhy PHP Settings Check and Checking Component Dependency showing error during Magento 2.3 upgrade?Fatal error: Out of memory (in composer) during upgrade Magento2.2.1 to Magento 2.3 when run composer update command