Storkefamilien



Storkar omdirigerer hit, sjå også Storfolk











Storkefamilien



Stork (Ciconia ciconia) Foto: Krzysztof Kin
Stork (Ciconia ciconia)
Foto: Krzysztof Kin


Systematikk

Rike:

Animalia

Rekkje:

Chordata

Klasse:

Aves

Orden:

Ciconiiformes

Familie:

Ciconiidae

Storkefamilien (Ciconiidae) er ein familie av 19 store fuglar, og einaste familie i ordenen storkefuglar, Ciconiiformes. Dei er spreidde i alle verdsdelar unntatt Antarktis. Det karakteristiske for desse fuglane er lang hals, lange kraftige bein og langt nebb. Alle et animalsk føde, men dietten varierer med arten. I Europa er ein art mest kjent, Ciconia ciconia, namnet på arten er stork på norsk språk.




Arten stork (Ciconia ciconia), byggjer relativt store reir på luftige plassar, som òg er vanleg for andre storkar.





Ullhalsstork, Ciconia episcopus


Storkar varierer i storleik frå 75 cm for blåmaskestork til 150 cm for salnebbstork. Og målt i vekt frå ca. 1 kg for gapenebba (Anastomus), til ca. 9 kg for marabustork. Hannfuglar kan vere litt større enn hoer, det er mest tydeleg hos salnebbstork og svarthalsstork. Utsjånaden minner om hegrar, men storkar er vanlegvis meir massive og tyngre i kroppen.


Alle artar i familien har langt nebb, men forma kan variere. Det typiske, slanke storkenebbet finn vi hos fuglar i slekta Ciconia. Derimot har salnebbstork, svarthalsstork og jabirustork mektige nebb som er bøygde lett oppover. Spesielt for hannfuglar av marabustork er at nebbet veks gjennom heile livet og kan nå opp til 35 cm i lengd. Det synast som dette nebbet hovudsakleg tener til å halde konkurrentar på avstand når dei et av åtsel. Gulnebbstork og andre i slekta Mycteria har eit svakt nedbøygd nebb. Dei to artane av gapenebb har eit lite mellomrom mellom overnebb og undernebb når nebbet er klemt saman på spissen.


Storkeføter har ei tå retta bakover og dei tre andre framover, som vanleg for fuglar. Det finst restar av symjehud på basis av tærne. Dei lange beina tillèt berre langsam gange og det er sjeldan storkar flyttar seg over korte avstandar med raske skritt.


Vengene er store, breie og er godt eigna for glideflukt, vengeslaga er langsame. Med eit vengespenn på opp til 320 cm er marabustorken blant fugleartane med størst vengespenn, berre albatrossar og pelikanar har vidare vengespenn. Til likskap med hegrar flyg marabustorkar med samantrekt hals. Typisk for andre storkar er at dei flyg med utstrekt hals, det er eit karakteristiske kjenneteikn som skil dei frå hegrar. Storkar flyg i grupper, men dei byggjer ikkje formasjonar i lufta.


Fjørdrakta er generelt i svart og kvitt, fordelinga varierer med arten. Svarte fjørdrakter har ofte ein metallisk glans som blir forsterke i hekkesesongen. Dei kvite fjørdraktene blir òg meir skinande i hekkesesongen. Likeins gjelder dette kroppsdelar som ikkje har fjørklede, mange artar er heilt utan fjør i andletet og dei tre marabustorkartane i slekta Leptoptilos har naken hud på det meste av halsen. Marabustorkar stikk hovudet langt inn i åtsla dei et på utan at fjør blir tilgrisa, medan gulnebbstork og andre artar i slekta Mycteria unngår å skitne til fjør når dei et av åtsel.


Storkar manglar syrinx og kan ikkje gje lyd som fuglar flest. Andre lydar som klappring med nebb er kjente.


Utbreiingsområdet er dei fleste av dei varmaste områda i verda og storkar har ein tendens til å leve i tørrare habitat enn fuglefamiliane som dei liknar, hegrar, skeistorkar og ibisar. Storkar manglar dunfjøra som desse andre gruppene brukar for å tørke bort slim frå fisk. Mange storkartar er trekkfuglar. Dei fleste storkar har diett av frosk, fisk, insekt, øgler, makk, og småfuglar.


Reira vert ofte store og kan gjenbrukast i mange år. Det er kjent at reir kan vekse til over 2 m i diameter og ca. 3 m i høgd. Ein trudde tidlegare at storkar var monogame, men dette er berre dels sant. Dei kan danne nye par etter trekket, og dei kan migrere aleine utan maken.


Storleik, monogami og truskap mot reirplassen kan ha bidrege til at storkar er mykje kjent i mytologi og kultur.



Taksonomi og artsliste |


Storkefuglar (Ciconiiformes) var ei gruppering av storkar, hegrar, ibisar, skuggefugl og treskonebb i ein biologisk orden. I 2011 blei ordenen storkefuglar og ordenen pelikanfuglar sterkt omgruppert etter klassifiseringa i Clements-rekkjefølgja. Hegrar, ibisar og skeistorkar, skuggefugl og treskonebb blei flytta inn i pelikanfuglar, slik at storkefamilien Ciconiidae står att som einaste familien i Ciconiiformes. [1][2]


Storkar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[4]



Slekt Anastomus



  • Asiagapenebb, Anastomus oscitans, Asian Openbill, LC, Boddaert, 1783


  • Afrikagapenebb, Anastomus lamelligerus, African Openbill, LC, Temminck, 1823

Slekt Ciconia



  • Svartstork, Ciconia nigra, Black Stork, LC, Linné, 1758


  • Blåmaskestork, Ciconia abdimii, Abdim's Stork, LC, Lichtenstein, 1823


  • Ullhalsstork, Ciconia episcopus, Woolly-necked Stork, VU, Boddaert, 1783


  • Svartkronestork, Ciconia stormi, Storm's Stork, EN, Blasius, 1896


  • Maguaristork, Ciconia maguari, Maguari Stork, LC, Gmelin, 1789


  • Stork, Ciconia ciconia, White Stork, LC, Linné, 1758


  • Svartnebbstork, Ciconia boyciana, Oriental Stork, EN, Swinhoe, 1873

Slekt Ephippiorhynchus



  • Svarthalsstork, Ephippiorhynchus asiaticus, Black-necked Stork, NT, Latham, 1790


  • Sadelnebbstork, Ephippiorhynchus senegalensis, Saddle-billed Stork, LC, Shaw, 1800

Slekt Jabiru



  • Jabirustork, Jabiru mycteria, Jabiru, LC, Lichtenstein, 1819

Slekt Leptoptilos



  • Småadjutant, Leptoptilos javanicus, Lesser Adjutant, VU, Horsfield, 1821


  • Marabustork, Leptoptilos crumenifer, Marabou Stork, LC, Lesson, 1831


  • Storadjutant, Leptoptilos dubius, Greater Adjutant, EN, Gmelin, 1789

Slekt Mycteria



  • Amerikastork, Mycteria americana, Wood Stork, LC, Linné, 1758


  • Malaystork, Mycteria cinerea, Milky Stork, EN, Raffles, 1822


  • Gulnebbstork, Mycteria ibis, Yellow-billed Stork, LC, Linné, 1766


  • Beltestork, Mycteria leucocephala, Painted Stork, NT, Pennant, 1769



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Störche» frå Wikipedia på tysk, den 14. juli 2009, dels òg på «Ciconiiformes» frå Wikipedia på engelsk, same dato.


Referansar |




  1. The Clements Checklist Updates & Corrections - Feb 2011 Lest 4. juli 2012


  2. AOU Committee on Classification and Nomenclature (North & Middle America) 2009 N&MA Classification Committee: Proposals 2009-C Lest 4. juli 2012


  3. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 


  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)



Bakgrunnsstoff |




Wikispecies

Wikispecies har taksonomisk informasjon om Ciconiidae



  • Videoar av storkar hos Internet Bird Collection

Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?