Ilke Wyludda
| Ilke Wyludda | |
|  | |
| Fødd | 28. mars 1969 Leipzig | 
| Yrke | friidrettsutøvar | 
| Ilke Wyludda på Commons | |
Ilke Wyludda (fødd 28. mars 1969) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Leipzig som representerte Aust-Tyskland og seinare Tyskland i diskoskast og kulestøyt. Ho spesialiserte seg i diskoskasting og vart europameister i øvinga i 1990 og 1994, og olympisk meister i 1996. Frå 1989 til 1991 vann ho 41 strake sigrar, og vart einast slått av Tsvetanka Khristova under VM 1991.
Innhaldsliste
 1 Aktiv
 2 Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
 3 Sjukdom
 4 Kjelder
Aktiv | 
Wyludda lukkast ikkje å kome med på Aust-Tyskland sitt lag til Sommar-OL 1988. Derimot sette ho den 13. september 1988, like etter olympiaden, å setje ein nærast uslåeleg juniorverdsrekord på 74,40 meter, to meter lengre enn vinnarkastet i OL.
Wyludda vann EM-gullet i diskos i 1990 og tok sølvmedaljen i øvinga i Tokyo-VM året etter. Dei neste sesongane var ho sett noko tilbake, grunna skadeproblem. Perioden 1994-96 var ho atter i den ypparste verdstoppen, og forsvarte EM-tittelen i Helsinki i 1994, før ho tok eit nytt VM-sølv i 1995. Under dei olympiske leikane i Atlantla 1996 var ho heilt i ei eiga klasse og vann diskostevlinga med over tre meters margin til sølvmedaljøren.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap | 
 VM 1987 i Roma: Nr 4 – 68,20 m
 EM 1990 i Split: Gullmedalje – 68,46 m, framom Olga Tsjernjavskaja (66,72 m)
 VM 1991 i Tokyo: Sølvmedalje – 69,12 m, bakom Tsvetanka Khristova (71,02 m)
 OL 1992 i Barcelona: Nr 9 – 62,16 m
 VM 1993 i Stuttgart: Nr 11 – 60,42 m
 EM 1994 i Helsinki: Gullmedalje – 68,72 m, framom Ellina Zvereva (64,46 m)
 VM 1995 i Göteborg: Sølvmedalje – 67,20 m, bakom Ellina Zvereva (68,64 m)
 OL 1996 i Atlanta: Gullmedalje – 69,66 m, framom Natalja Sadova (66,48 m)
 EM 1998 i Budapest: Nr 6 – 63,46 m
 OL 2000 i Sydney: Nr 7 – 63,16 m
Sjukdom | 
I desember 2010 førte ein infeksjon til at Wyludda måtte få amputert høgrebeinet frå låret. Ho har sidan delteke i handikappidrett, mellom anna var ho med ved Sommar-Paralympics i 2012.
Kjelder | 
- Denne artikkelen bygger på «Ilke Wyludda» frå Wikipedia på tysk, den 15. august 2016.
| 
 |