Apple Inc.


«Apple» omdirigerer hit. For plateselskapet, sjå Apple Records.




















Apple Inc.
Apple logo black.svg
Logoen til Apple
Tidlegare kallaApple Computer Company
(1976–1977)
Apple Computer, Inc.
(1977–2007)
SelskapsformAllmenaksjeselskap
Skipa
1. april 1976
Bransje
Datamaskinar
Programvare
Elektroniske varer
Produkt

  • Macintosh

  • iPod

  • iPhone

  • iPad



  • Apple Watch

  • Apple TV



  • HomePod

  • macOS

  • iOS



  • watchOS

  • tvOS

  • iLife

  • iWork

Tenester

  • Apple Pay

  • Apple Store



  • iTunes Store

  • App Store

  • Mac
    App Store

  • iBooks Store



  • iCloud

  • Apple Music

HovudkontorApple Park, 1 Apple Park Way,
Cupertino, California, USA
Adm.dir.Tim Cook
Tilsette17 787 på heiltid
2 399 mellombels
Nettstadwww.apple.no

Apple Inc. er eit amerikansk fleirnasjonalt selskap basert i Cupertino, California. Selskapet er ein produsent av forbrukarelektronikk, programvare og personlege datamaskiner. Det vart grunnlagt i 1976 av Steve Jobs og Steve Wozniak. Apple er særleg kjent for Mac-linja av datamaskiner, iPod (musikkspelar), iPhone (smarttelefon) og iPad (nettbrett), og har utvikla operativsystema OS X (for Mac) og iOS (for iPhone/iPod Touch/iPad/Apple TV). Selskapet er også utviklar av programvare som iTunes (multimedia), Aperture (bilderedigering) og Final Cut Studio (film- og lydproduksjon).


Apple er eit av dei største børsnoterte selskapa i verda. Selskapet hadde ei omsetjing på 108 milliardar amerikanske dollar og over 60 000 tilsette i 2011. Apple har ei butikkjede med 364 butikkar i 13 land (i tillegg til nettbutikk). Tim Cook vart utnemnd til CEO (administrerande direktør) i 2011. Selskapet er utnemnt av Fortune Magazine som det mest vørda selskapet i verda 2008-12. Selskapet har teke imot kritikk for den forretningsmessige praksisen sin, deriblant for arbeidskåra til arbeidarane ved Foxconn-fabrikkane i Taiwan, der mange av produkta frå Apple blir produserte.[1]




Innhaldsliste





  • 1 Historie


  • 2 Produksjon


  • 3 Referansar


  • 4 Bakgrunnsstoff




Historie |




Apple I i eit heimelaga kabinett av tre.


Den fyrste maskina, Apple I, var konstruert av Steve Wozniak. Maskina var handlaga av Wozniak og var klar for sal i juli 1976 til ein pris av US$ 666.66. Det vart produsert rundt 200 maskinar av denne typen. Året etter følgde den innebygde Apple II med tastatur og fargeskjerm, som vart ein stor suksess, og Apple vart i 1980 omdanna til aksjeselskap med raskt stigande aksjekursar. Apple III frå 1980 og Apple Lisa frå 1983, den siste med mus og grafisk brukargrensesnitt, vart ingen stor suksess, men i 1984 kom Apple Macintosh, også med mus og grafisk brukargrensesnitt. Denne bruksmåten vart ikkje vanleg blant såkalla industristandard-PCar (med prosessor frå Intel og operativsystem frå Microsoft) før tidleg i 1990-åra. Etter indre konfliktar og skuffande omsetjing forlét både Wozniak og Jobs selskapet i 1985.[1]


«Mac»-en vart gradvis forbetra og vann etter kvart eit solid fotfeste innan grafisk bransje og høgre utdanning. I midten av 1990-åra var Apple eit av dei tre største merka av personlege datamaskiner, med IBM og Compaq som vesentlege konkurrentar. Likevel tapte selskapet pengar, og fleire tusen tilsette miste jobben. 1997 kom Jobs tilbake til Apple som konsulent, og han overtok etter kvart leiinga i selskapet og gav det eit heilt nytt image. I 1998 vart modellen iMac lansert, med ny og innovativ design. Den berbare versjonen iBook kom i 1999, og operativsystemet Mac OS X i 2000.



Produksjon |


Mykje av produksjonen av produkta til Apple vert utført av andre føretak, som Foxconn, Inventec og Pegatron, der dei tilsette arbeider under svært dårlege tilhøve [2][3][4].



Referansar |




  1. 1,01,1 Apple - Store Norske Leksikon


  2. Musgrove, M., Sweatshop Conditions at IPod Factory Reported, washingtonpost.com, 16/6-2006.


  3. Eriksen, D., Hevder Apple-produkter lages under stadig dårligere forhold, nrk.no, 30/7-2013.


  4. Apple-fabrikk vedgår bruk av barnearbeidere i Kina, nrk.no, 17/10-2012.



Bakgrunnsstoff |



  • Offisiell nettstad

    Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?