Svak kjernekraft



Partikkelfysikk

Teoriar

Standardmodellen

Kvantemekanikk

Kvantefeltteori (QFT)

Kvanteelektrodynamikk (QED)

Kvantekromodynamikk (QCD)

Den spesielle relativitetsteorien

Vekselverknad

Sterk kjernekraft

Elektromagnetisme

Svak kjernekraft

Gravitasjon

Fargekraft

Eigenskapar

Energi

Rørslemengd

Elektrisk ladning

Spinn

Paritet

Isospinn

Svakt isospinn

Fargeladning

Svak kjernekraft som òg vert kalla svak vekselverknad er ein av fire grunnleggjande kreftar i naturen. Dei tre andre er fargekraft, elektromagnetisme og tyngdekraft. I standardmodellen opptrer han ved utveksling av tunge W- og Z-boson. Den mest kjende effekten er betadesintegrasjon der nøytron sender ut betastråling (eit elektron), og blir til eit proton. Dette er hovudårsaka til radioaktivitet i grunnstoffa. Nemninga «svak» kjem av at han er omtrent 1013 gonger svakare enn den sterke kjernekrafta.




Innhaldsliste





  • 1 Eigenskapar

    • 1.1 Typar vekselverknad


    • 1.2 Symmetribrot



  • 2 Elektrosvak teori


  • 3 Kjelder


  • 4 Sjå òg


  • 5 Bakgrunnsstoff




Eigenskapar |


Svak vekselverknad påverkar alle venstrehendte lepton og kvarkar. Dette er den einaste krafta som påverkar nøytrinoar (utanom gravitasjon som er utan tyding på subatomært nivå). Svak vekselverknad er unik på ei rekkje felt:


  • Det er den einaste av dei fundamentale kreftane som kan endre «smak» (flavour) for lepton og kvarkar. Partikkelen blir endra til ein annan partikkel av same type, til dømes frå ned- til oppkvark eller myon til myon-nøytrino. Dette er årsaka til at vanleg stabil materie berre inneheld opp- og nedkvarkar og elektron.

  • Det er den einaste krafta som bryt paritet (P-symmetri der f(x,y,z)=f(−x,−y,−z)displaystyle f(x,y,z)=f(-x,-y,-z) òg kalla speglingssymmetri) fordi han berre virkar på venstrehendte partiklar og høgrehendte antipartiklar (sjå helisitet). Det er òg den einaste krafta som bryt CP-symmetri (ladning og paritet).

  • Han blir formidla av tunge vekselverknadskvantar (gauge-boson) som i standardmodellen forklarast av Higgs-mekanismen. Elektromagnetisme blir formidla av masselause foton, og sterk kjernekraft av gluon utan masse og pion med masse på ein tusendel av W- og Z-boson.

Tunge vekselverknadskvantar er følgjande partiklar:


















NanbLadning eSpinnMasse GeV
W++1180.4
W--1180.4
Z00191.2

Partiklane er kring 100 gonger tyngre enn proton og nøytron. Uskarpleiksrelasjonen gjev ei grense for kor langt disse partiklane kan nå før dei reabsorberast når de flyttar seg med lysfarten:


Uskarpleiksrelasjonen ΔEΔt≥h4πdisplaystyle Delta EDelta tgeq frac h4pi

Rekkevidd R=Δtcdisplaystyle R=Delta tc gjev


R≤hcE4πdisplaystyle Rleq frac hcE4pi som gjev rekkevidda 1,0-1,2•10−18m

og levetida Δt=R/cdisplaystyle Delta t=R/c er berre omkring 3•10−25s

Svak vekselverknad har derfor vesentlig kortare rekkevidd (1/1000) og styrke (1/1013) enn den sterke kjernekrafta. Den vesentlig observerbare effekten er smaksendring (flavour change) når ein kvark eller eit lepton endrar type. Eit nøytron består av tre kvarkar (opp-ned-ned) og sjølv om det har høgare energi enn eit proton (opp-opp-ned) kan det ikkje brytast ned utan smaksendring. Svak nedbryting endrar ein ned kvark til ein opp kvark. Dette skjer ved at gjev frå seg eit W-boson som raskt vert nedbrote vidare til eit elektron og ein antinøytrino. Dette blir kalla betadesintegrasjon fordi elektron med høg energi er betastråling. W-boson har langt høgare energi (80,4 GeV) enn nukleona (ca 940 MeV for nøytronet), og òg dei resulterande partiklane (elektronet 510 keV og antinøytrinoet 2,2 eV pluss deira energinivå). Dette er mogleg fordi produktet av energi og tid er mindre enn den grensa som blir sett av uskarpleiksrelasjonen, og blir ofte skildra som vekselverknad ved virtuelle partiklar.
Fordi svak vekselverknad er relativt svak, er svak desintegasjon mykje langsamare enn sterk eller elektromagnetisk desintegrasjon. Som døme vil eit elektromagnetisk nedbrote nøytralt pion ha ei levetid på omtrent 10−16 sekund medan eit svakt nedbrote ladd pion lever omtrent 10−8 s. Eit fritt nøytron har ei halveringstid på kring 15 minutt, og er den ustabile subatomære partikkelen med lengst levetid. (Som nukleon i ein atomkjerne kan nøytronet vere stabilt eller ha kortare levetid avhengig av kjernekonfigurasjonen, proton og elektron er stabile)




Nøytron nedbryting (Feynmandiagram)



Typar vekselverknad |


Svak vekselverknad har tre grunnleggjande interaksjonar. To går føre seg ved ladde boson (W+ og W-) og vert kalla ladd straum (en: charged current) vekselverknad, medan den tredje typen kallast nøytral straum (en: neutral current) vekselverknad ved Z0 bosonet:


  • Eit ladd lepton kan absorbere eller gje av eit W-boson og endre type frå eit elektron, muon eller tau-leptonpartikkel eller antipartikkel til ein tilsvarande nøytrino (elektron, muon eller tau neutrino/antinøytrino).

  • Ein kvark kan absorbere eller gje av eit W-boson og endre smak (flavor) til ein annan kvark med ulik ladning. Nedbryting går alltid frå eit massiv til ein lettare kvark, til dømes frå ein ned- til ein oppkvark som omtalt over. Når tilstrekkeleg energi er tilgjengeleg kan transisjonane gå motsett veg (Dette skjer til dømes ved p-p eller CNO kjernefysisk fusjon i stjerner).

  • Lepton og kvarkar kan absorbere eller gje av eit Z-boson

Vekselverknad med Z-bosonet er svært flyktig og vart ikkje observert før elektrosvak teori føresåg eksistensen deira tidleg på 1970-talet, og dei vart observert ved CERN i 1983.




Svak nedbryting av kvarkar[1]



Symmetribrot |


Dei grunnleggjande naturlovene vart lenge trudd å vere like i speglsymmetri, det vil sei når alle koordinatar skiftar forteikn. Vidare vart det trudd at resultatet av eit eksperiment sett via ein spegel ville vere likt det som vart produsert av ein spegla kopi av eksperiementoppsettet. I ein enkel analogi vil ein bil som blinkar til venstre observerast i ein spegel å blinke mot høgre. Slik vil òg ein spegla bil observerast. Dette blir kalla p-symmetri for bevaring av paritet og er tilfelle til dømes for klassisk gravitasjon og elektromagnetisme. På 1950-talet vart det likevel oppdaga at svak vekselverknad har p-symmetribrot fordi han berre virkar på venstre asymmetriske partiklar (og høgre asymmetriske antipartiklar). Fordi spegelsymmetri for ein venstre asymmetrisk partikkel er ein høgre asymmetrisk partikkel gjev dette maksimalt symmetribrot.


Desse teoriane tillét likevel CP-symmetri (Ladning-paritet-symmetri) sidan ein venstre asymmetrisk partikkel gjev ein høgre asymmetrisk antipartikkel. Men i 1964 vart det oppdaga at det òg opptrer små CP-symmetribrot.



Elektrosvak teori |


Standardmodellen skildrar elektromagnetisk kraft og svak vekselverknad som to ulike aspekt av ein felles elektrosvak vekselverknad. Etter denne teorien vil det ved særs høye energnivå opptre fire masselause vekselverknadskvantar (gauge-boson) liknande fotonet og eit skalart Higgs-felt. Eit skalart Higgs-felt blir trudd å bli formidla av Higgs-bosonet, ha same konstante verdi i heile universet, og gje opphav til masse når det vekselverknad med visse partiklar.


Men når energinivået fell opptrer spontane symmetribrot i Higgs-feltet og tre av dei masselause vekselverknadskvantane gjev opphav til tre masselause Goldstone-boson som «blir fortært» av tre fotonliknande felt og får med det masse. Desse tre felta gjev opphav til W+, W- og Z0 bosona, medan den fjerde vekselverknadskvanten blir verande masselaus og er fotonet i elektromagnetismen.


Denne teorien har føresagt fleire viktige fakta, som massen til Z-bosonet, før desse vart funne eksperimentelt. Det viser seg no at Higgs-bosonet er observert ved CERN. Det å observere Higgs-bosonet var eit av hovudføremåla med Large Hadron Collider (LHC) som er bygt ved CERN.[2]



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Svak kjernekraft» frå Wikipedia på bokmål, den 23. februar 2013.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:


  • Griffiths, David J. (1987). Introduction to Elementary Particles. Wiley, John & Sons Inc. ISBN 0-471-60386-4. 


  • D.A. Bromley (2000). Gauge Theory of Weak Interactions. Springer. ISBN 3-540-67672-4. 


  • Gordon L. Kane (1987). Modern Elementary Particle Physics. Perseus Books. ISBN 0-201-11749-5. 



  1. Svak vekselvirkning ved Stanford Linear Accelerator Center virtual visitor center


  2. LHC ved CERN





Sjå òg |


  • Standardmodellen

  • Kvantemekanikk


Bakgrunnsstoff |



  • Omtale for Nobelprisen i fysikk 1957 (P symmetri/brot)


  • Omtale for Nobelprisen i fysikk 1979 (Elektrosvak teori og nøytral strøm)


  • Omtale for Nobelprisen ifysikk 1980 (CP-symmetribrot)


  • Omtale for Nobelprisen i fysikk 1984 (W- og Z-boson)

  • Svak Vekselvirkning ved Stanford Linear Accelerator Center virtial visitor center


Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?