Lake of Menteith









Lake of Menteith

innsjø

Lake of Menteith looking towards Port of Monteith.jpg

Mot Port of Menteith

Land

Flag of Scotland.svg Skottland


Koordinatar

56°10′N 4°17′WKoordinatar: 56°10′N 4°17′W

Øyar

Inchmahome, Dog Isle, Inch Talla


Wikimedia Commons: Lake of Menteith

Lake of Menteith (skotsk-gælisk Loch Innis MoCholmaig), er ein innsjø i Skottland, ved Carse of Stirling, flodsletta i øvre delar av elvne Forth og Teith, oppfor Stirling. Fram til tidleg på 1800-talet vart det meir vanlege skotske namnet Loch of Menteith nytta[1]. Den einaste større busetnaden ved Lake of Menteith er Port of Menteith.


Det ligg fleire små øyar i innsjøen. Den største er Inchmahome og her finn ein Inchmahome kloster, eit eldgammalt kloster. Dronning Maria av Skottland søkte tilflukt her i 1547. Ho var då berre fire å gamal og var her i fire veker etter det katastrofle slaget ved Pinkie Cleugh i september dette året.


Innsjøen er ikkje særleg djup og kan fryse heilt til i kalde vintrar. Om isen vert tjukk nok vert det halde ein utandørs curlingkonkurranse her, kalla The Bonspiel eller Grand Match. Sjølv om dette er sjeldan, trekkjer det til seg tusenvis av curlingspelarar. Den siste Grand Match vart halde i 1979. De vart planlagt Bonspiel i 2010, men dette vart skrinlagd på grunn av tryggleiken.[2]


Lake of Menteith vert ofte omtalt som den einaste innsjøen i Skottland som vert omtalt med namnet «lake», men det er i røynda fleire andre. Nesten alle innsjøar i Skottland heiter noko med «loch».



Bakgrunnsstoff |


  • Inchmahome Priory ved The Lake of Menteith


Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Lake of Menteith» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2010.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


  1. «Inchmahome Priory». Undiscovered Scotland. Henta 3. september 2010. 


  2. «Grand Match off over safety fears». BBC News. 8. januar 2010. Henta 3. september 2010. 






Popular posts from this blog

六本木駅

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Joseph Lister