Lik




Mor og far med si avdøde dotter. I viktoriatida var det vanleg å ta bilete av lik som minne.


Lik (av norrønt lík, 'skapnad; lekam, lik') er kroppen til eit menneske som har dødd, det vil seia at alle livsfunksjonar har opphøyrd. Ein skil gjerne mellom kroppen til døde menneske, som blir kalla lik, og til dyr, som blir kalla kadaver eller åtsel. Gamle, medherja lik kan også kallast kadavar, eller bli rekna som leivningar om dei er svært gamle.


Lik får som regel ei særskild behandling som reflekterer at dei er menneskelege, samstundes som dei ikkje er levande menneske lenger. Ein kan til dømes utføra visse personlege, religiøse eller tradisjonelle ritual i samband med dei, vaska, stella og kle dei dei eller dekka dei til, og til slutt sende ein endeleg stad, til dømes gravlagde, kremerte eller liknande. Ved nokre konfliktar kan lik bli vanæra av hat mot det den avdøde var eller stod for då han levde. Ein kan då til dømes nekta dei ei skikkeleg gravferd.


Det er også knytt til eit visst ubehag i høve til lik. Lik i romtemperatur vil byrja ein forråtningsprosess, og lik av folk som har døydd av ein smittsam sjukdom kan spreia smitte. Det å sjå og lukte lik kan også vera ei psykisk påkjenning. Derfor oppbevarer ein gjerne lik på ein stad som likhus, der ein held ein låg temperatur, eller balsamerer dei eller gravlegg dei kort tid etter at nokon har døydd. Vidare er det knytt mykje folketru og dikting til lik og til «levande døde», som draugar eller vampyrar.



Bakgrunnsstoff |



  • «Lik eller levninger?» ved forskning.no


Kjelder |




  • «lik» i Nynorskordboka.

  • Arnfinn Pettersen, «Det blodsugende lik, eller: Vampyrens historie, fortalt baklengs», forskning.no, 22. januar 2003

  • Harald Aastorp, «Lik gir ingen stor smittefare», forskning.no, 04. januar 2005



Popular posts from this blog

六本木駅

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Joseph Lister