Kunst





Fotografisk kunst av ein utøvande poikunstnar. (Foto: Hendrik Kueck)


Kunst (frå urgermansk kunst, 'kunne') er skapande verksemder som kan ha dekorativt eller kjenslemessig uttrykk, og resultatet av slike verksemder. Medan 'kunst' opphavleg omfatta all menneskeleg aktivitet, også handverk og vitskap, blir det i dag sett på som eit uttrykk for menneskeleg skaparevne.


Menneske i alle kulturar har skapt kunst frå steinalderen og fram til våre dagar, både for si eiga skuld og for å skapa underhalding eller venleik for andre. Den kunstnariske skapartrongen kan derfor sjå ut til å vera ein viktig del av det å vera menneske.




Innhaldsliste





  • 1 Kunstomgrepet


  • 2 Kunstformer

    • 2.1 Liste over kunstformer



  • 3 Bakgrunnsstoff

    • 3.1 Kjelder





Kunstomgrepet |




Denne Bodhisattvafiguren frå Java blei laga av ein handverkar. Likevel vil dei fleste kalla han eit kunstverk.


Omgrepet 'kunst' har hatt ulike tydingar til ulike tider. I mange samfunn, mellom anna i det gamle Hellas stod 'kunst' for praktisk kunne, som ein motsats til teoretisk kunne. All menneskeleg aktivitet som kravde eit visst handlag var kunst. Dei som skapte kunst var dyktige handverkarar.


I løpet av renessansen fekk omgrepet gradvis delvis nytt innhald. I tillegg til den personlege kunna til skaparen snakka ein no òg om det han laga som 'kunst'. I takt med at kunstverka fekk mindre praktisk bruk og blei høgare verdsette for innhaldet, blei òg opphavsmennene viktigare. Desse blei etter kvart sett på som kunstnarar, ei eiga gruppe menneske fylte av ei genial, skapande kraft.


På slutten av 1900-talet blei idéen om ein indre kjerne og meining i kunsten forkasta av postmodernistiske tenkjarar. Kunst blei i staden sett på som eit produkt av prosessar påverka av samfunn og kultur. Under denne definisjonen kunne ein ikkje skilja mellom "god" og "dårleg" kunst. Det er i dag vanskeleg å definera kva som er kunst og kva som ikkje er det.


Mange held fortsatt på den opphavlege tydinga av kunst som noko ein kan skapa om ein har ein viss evne. I norsk finst spor etter denne haldninga i vanlege uttrykk som "det er inga kunst", eller bruken av "kunst" om ting som er skapte ved hjelp av menneskekunne, slik som kunstfiber eller kunstgjødsel.



Kunstformer |




Vestleg opera samanfatter mange ulike kunstformer, som song, dans, skodespel og bildekunst.


Det finst ei rekke ulike måtar å uttrykka seg kunstnarisk på. Dei kan delast inn på ulike måtar, til dømes i utøvande kunst, som musikk og teater, og skapande kunst, som bildekunst og arkitektur. Samstundes vil ofte fleire ulike kunstformer gå over i kvarandre.



Liste over kunstformer |


  • Arkitektur


  • Bildekunst
    • Fotografi

    • Grafikk

    • Installasjon

    • Lyskunst

    • Måleri

    • Skulptur

    • Teikneserie

    • Teikning

    • Videokunst

    • Datakunst


  • Film

  • Litteratur

  • Musikk


  • Scenekunst

    • Dans
      • Ballett

      • Kunstløp


    • Happening

    • Fluxus

    • Improvisasjonskunst

    • Performance


    • Teater
      • Skodespel

      • Musikkteater

      • Opera

      • Operette

      • Musikal

      • Høyrespel


      • Figurteater (dokketeater)


    • Varieté



Bakgrunnsstoff |



Kjelder |


  • Svensk Wikipedia

  • Bokmålswikipedia



Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kunst



Popular posts from this blog

Proving the learnability of XOR function by a particular neural networkhow to find the input for this...

Magento2: How to add a new product type

Why is system upgrade showing unstable version when upgrading in backend?System Settings > System Upgrade link does not existsComposer Error While upgrading magento version 2.1.6 to 2.2.2How to upgrade magento 1.4.0.0 to above 1.6 versionIssue with upgrading Magento Version from 2.1.7 to 2.1.12Magento 2.2.5: Error on running setup: upgrade after upgrading Magento from 2.2.2 to 2.2.5Are there any Magento Code Release Notes?getting error when upgrading from Magento 2.1.5 to Magento 2.2.6Will the installed third party plugins upgrade when we upgrade Magento version via composerWhy PHP Settings Check and Checking Component Dependency showing error during Magento 2.3 upgrade?Fatal error: Out of memory (in composer) during upgrade Magento2.2.1 to Magento 2.3 when run composer update command