Lerum Fabrikker

Multi tool useLerum Fabrikker eller Lerum Konserves er eit norsk familiekonsern som produserer hushaldingsprodukt. Det er delt inn i to selskap: Lerum Fabrikker AS og Lerum Konserves AS. Konsernet rår over tre fabrikkar på Kaupanger, i Sogndal og i Lærdal. Mest kjend er verksemda for å produsere saft, som var det første Lerum produserte for sal. Lerum er den største produsenten av ekte saft i Noreg.
Lerum starta opp som ein liten landhandel, driven av Kari og Nils H. Lerum i Luster kommune. Den her landhandelen har i dag vorte gjort om til eit industri- og handelsmuseum. Fabrikkane har hatt stor innflytnad på lokalsamfunna der dei har vorte etablert. Supportarlaget til Sogndal Fotball kallar seg Saftkokaradn (Saftkokarane), noko som viser at Lerum sin saftfabrikk er ein viktig hjørnestein i lokalsamfunnet.
Lerum Fabrikker produserer den norske Max Havelaar-appelsinjuicen.
Historie |

Lerum syltetøyfabrik i Sogndal.
Verksemda vart først starta opp i 1905 som ein liten landhandel i kjellaren til Kari og Nils H. Lerum i Luster kommune. Her vart dei eit mellomstopp for bær som den lokale folkesetnaden skulle sende til Bergen.
I 1909 bygde dei eit lite hus i den veglause bygda Sørheim for å presse bær til saft for sal. I følgje soga fekk dei idéen allereie i 1907, då nokre stampar med bær ikkje hadde fått plass på båten, og Kari Lerum hadde funne det for godt å presse saft av dei. I 1919 vart produksjonen utvida og flytta frå Sørheim til Sogndal, der det var stor råvaretilgang frå dei mange lokale bøndene.
I 1982 kjøpte Lerum ein fabrikk på Hermansverk frå det konkursråka Bergens & Drægni Produkter AS (tidlegare AS Halvard Drægni). Her vart det laga syltetøy, og seinare brus og juice, fram til produksjonen vart nedlagd i desember 1998, då konsernet hadde bygt opp eit nytt anlegg på Kaupanger og utvida fabrikken i Sogndal.
Bakgrunnsstoff |
E3G,knX7RCTJHFZmwF
Popular posts from this blog
For det lutherske bispedømet, sjå Nidaros bispedøme. Nidaros erkebispedøme var eit katolsk erkebispedøme med sete i Nidaros. Det vart oppretta av kong Olav Kyrre mellom 1070 og 1080 som bispedøme. Bispedømet vart opphøgd til erkebispedøme i 1153. Erkebispedømet vart innstifta av pave Anastasius IV i 1154, og var i funksjon fram til reformasjonen i 1537. Erkebiskopen sitt hovudsete var Erkebispegarden, rett ved domkyrkja Nidarosdomen. Frå 1152 til 1154 var Nicholas Breakspear i Skandinavia som paveleg utsending, og organiserte opprettinga av erkesetet. Innhaldsliste 1 Utbreiing og jurisdiksjon 2 Overhyrdar 2.1 Lydbiskopar 3 Biskopar 3.1 Biskopar 3.2 Erkebiskopar Utbreiing og jurisdiksjon | Kart over den nordiske kyrkjeprovinsen (1153-1387) Erkebispedømet omfatta i tillegg til Noreg øyane i vest i Noregsveldet. Nidaros var eit metropolitanerkebispedøme med fylgjande underliggjande bispedøme suffraganar: Bj...
Do VLANs within a subnet need to have their own subnet for router on a stick?
What are the differences between the usage of 'it' and 'they'?
Dragon forelimb placement
How do we improve the relationship with a client software team that performs poorly and is becoming less collaborative?
What typically incentivizes a professor to change jobs to a lower ranking university?
How to write a macro that is braces sensitive?
Modeling an IPv4 Address
Writing rule stating superpower from different root cause is bad writing
Can I ask the recruiters in my resume to put the reason why I am rejected?
Approximately how much travel t...
Tettstaden Birsay på Orknøyane. Ruinane av jarleplasset om lag midt i biletet. (Fotografi frå 2012) Utsikt mot Birsay og Brough of Brisay (fotografi frå 2009) Birsay er ein tettstad i eit sokn (parish) med same namn, nordvest på øya Mainland [Note 1] på Orknøyane, om lag 31 km frå Kirkwall. Staden er omtala fleire stader i Orknøyingasoga [1] , der han er kalla «Byrgesherad» (norrønt: Birgisherað ). Namnet skriv seg truleg frå elvenamnet Birgisá [2] . Innhaldsliste 1 Den gamle hovudstaden 2 Bispesetet 3 Jarlepalasset 4 Kjelder og utfyllande opplysningar 4.1 Notar 4.2 Fotnotar 4.3 Bakgrunnsstoff Den gamle hovudstaden | Hovudartikkelen for dette emnet er Torfinn Sigurdsson . Soknet er i dag i hovudsak ei jordbrukskommune men er mest kjend for dei mange kulturminna i området. Tettstaden Birsay blir gjerne omtala som «den gamle hovudstaden på Orknøyane» [3] , og ein viser d...