Dei joniske øyane


For periferien med same namn, sjå periferien Dei joniske øyane


Dei joniske øyane





Itháki frå lufta.


Dei joniske øyane[1] er ei øygruppe i Det joniske havet i Hellas og ein av dei tradisjonelle regionane i landet. Dei vert ofte kalla «Dei sju øyane»,[2] men gruppa inneheld mange mindre øyar i tillegg til dei sju store. Dei sju øyane er frå nord til sør:



  • Kérkyra (Κέρκυρα), òg kalla Korfu


  • Paxí (Παξοί), òg kalla Paxos


  • Levkáda (Λευκάδα), òg kalla Lefkas


  • Itháki (Ιθάκη), òg kalla Ithaka


  • Kefaloniá (Κεφαλονιά), òg kalla Kefallinia


  • Zákynthos (Ζάκυνθος)


  • Kýthira (Κύθηρα)

Dei seks nordlege øyane ligg vest for kysten av Hellas, og den sjuande, Kýthira, ligg utanfor sørspissen av Peloponnes, den sørlege delen av det greske fastlandet. Ein bør merke seg at Kýthira ikkje er ein del av periferien Dei joniske øyane, men er ein del av Attikí.


Namnet tyder på at Det joniske havet og øyane kan ha vore knytt til Jonia, ein austleg gresk region.


Sjølve øyane er kjende under fleire forskjellige namn. Då dei var under styret til Venezia fekk dei italienske namn, og enkelte av desse vert framleis nytta på enkelte språk som engelsk. Itháki vart kalla Val di Compare, Kérkyra fekk namnet Corfu, Kýthira vart kalla Cerigo, Lefkáda vart Santa Maura og Zákynthos vart Zante. I tillegg har dei greske namna på øyane endra seg i løpet av tidene.




Innhaldsliste





  • 1 Periferiane og periferieiningane


  • 2 Historie

    • 2.1 Makedonsk, romersk og austromersk styre


    • 2.2 Venetiansk styre


    • 2.3 Napoleonstida


    • 2.4 Britisk styre


    • 2.5 Gresk styre


    • 2.6 Den andre verdskrigen



  • 3 Kjelder

    • 3.1 Fotnotar



  • 4 Bakgrunnsstoff




Periferiane og periferieiningane |


Periferiane i Dei joniske øyane og periferieiningane deira er:




















































PeriferiHovudstadAreal
Folketal[3]
Totalt
Dei joniske øyane
består av:
Kérkyra by2 307 km²
207 855
1Periferieininga KérkyraKérkyra by644 km²104 371
2Periferieininga LevkádaLevkáda by358 km²23 693
3Periferieininga IthákiVathý118 km²3 231
4Periferieininga KefaloniáArgostóli689 km²35 801
5Periferieininga ZákynthosZákynthos by408 km²40 759
Totalt
Attikí
Del av Attikí består av:
299 km²
4 041
6Kommunen Kýthira i Periferieininga Øyane
299 km²4 041
TotaltDei joniske øyane2 606 km²
211 896


Historie |


Øyane vart tidleg busette av grekarar, sannsynlegvis så tidleg som år 1000 fvt., og i alle fall på 800-talet fvt. Tidlege eritrianske busetnadar på Kérkyra vart drivne bort av kolonistar frå Korint i 734 fvt. Øyane låg stort sett i bakevja under antikken og spelte ikkje store rolla i gresk politikk. Unntaket er ein konflikt mellom Kérkyra og moderbyen Korint i 434 fvt. som blanda inn Athen og utløyste den peloponnesiske krigen.


Ithaka var namnet på øya som Odyssevs kom frå i det episke greske diktet Odysseen av Homer. Det er gjort forsøk på å identifisere Itháki med den antikke Ithaka, men geografien til den verkelege øya stemmer ikkje med skildringa til Homer.



Makedonsk, romersk og austromersk styre |


På 300-talet fvt. vart øyane, i lag med det meste av Hellas, ein del av Makedonia, og vart verande under deira styre fram til 146 fvt., då den greske halvøya vart annektert av den romerske republikken. Etter 400 år med fredeleg romersk styre gjekk øyane vidare til Austromarriket og vart verande her i 900 år fram til øydelegginga av Konstantinopel under det fjerde krosstoget av vesteuropearar og venetianarar i 1204.


Dei allierte av det fjerde krosstoget var franske herskarar av det latinske riket med base i Konstantinopel og venetianarane, som kjempa mot austromarane om handelskontroll over Middelhavet. Desse delte dei austromerske områda seg imellom, så Venezia fekk Kérkyra og Paxí, i tillegg til Kýthira, som dei nytta som stoppestad for sine handelsreiser til Levant. Kefaloniá og Zákynthos vart ein del av pfalzgrevskapet Kefalonia og Zakynthos fram til 1357, då dette vart slått saman med Lefkada og Ithaki til hertugdømet Leukadia under franske og italienske hertugar. Då grekarane tok tilbake Konstantinopel i 1261 frigjorde dei ei kort tid øyane, men venetianarane tok dei gradvis tilbake att.




Venetiansk mynt frå Dei joniske øyane.



Venetiansk styre |


På 1400-talet okkuperte Det osmanske riket det meste av Hellas og øyane aksepterte det venetianske styret som det minste av to vonder. Zákynthos vart ein permanent del av Venezia i 1482, Kefaloniá og Itháki i 1483 og Lefkada i 1502. Kýthira hadde vore venetiansk sidan 1393. Øyane vart derfor den einaste delen av den gresktalande verda som slapp unna det osmanske styret, noko som gav dei eit samhald og ein viktig plass i gresk historie som dei elles ikkje ville hatt. Under det venetianske styret talte mange i dei øvre klassane italiensk og konverterte til katolisismen, men dei fleste innbyggjarane vart verande greske i både språk og religion.


På 1700-talet oppstod det ei gresk nasjonalrørsle for sjølvstende og den frie statusen til Dei joniske øyane gjorde dei til ein naturleg base for fridomskjemparar og utanlandske sympatisørar. Øyane vart meir sjølvmedvitne greske på 1800-talet då den romantiske nasjonalismen oppstod.



Napoleonstida |


I 1797 erobra Napoléon Bonaparte Venezia og etter Campo Formio-traktaten kom øyane under fransk styre. I 1798 kasta den russiske Admiral Usjakov ut franskmennene og oppretta republikken Dei joniske øyane under russisk-osmansk vern. Dette var første gongen grekarane hadde avgrensa sjølvstyre sidan Konstantinopels fall i 1453. Men i 1807 vart dei igjen avstått til Frankrike og direkte annektert i det franske riket.



Britisk styre |


I 1809 slo britane den franske flåten ved Zákynthos (2. oktober 1809) og erobra Kefaloniá, Kýthira og Zákynthos, og tok Levkáda i 1810. Franskmennene heldt ut på Kérkyra fram til 1814. Etter Paristraktaten i 1815 vart øyane igjen omgjort til ein republikk, men denne gongen under britisk vern (5. november 1815). I januar 1817 gav britane øyane ei ny grunnlov. Øybuarane valde ei forsamling på 40 medlemmar som rettleidde den britiske høgkommisæren. Britane utbetra kommunikasjonen på øyane og introduserte moderne utdanning og rettssystem. Innbyggjarane tok imot desse reformene og byrja med ettermiddagste, cricket og andre engelske fritidsaktivitetar.


Då Hellas fekk sjølvstende etter 1830 ønskte øybuarane bli del av landet. Den britiske statsmannen William Gladstone reiste rundt på øyane og tilrådde for regjeringa si at dei burde førast over til gresk styre. Den britiske regjeringa stod imot forslaget sidan øyane fungerte som flotte marinebasar. Dei såg på den tyskfødde kongen av Hellas, kong Otto, som ein uven av Storbritannia. I 1862 vart derimot Otto avsett og Georg I innsett i staden.



Gresk styre |


I 1862 valde Storbritannia å overføre øyane til Hellas. 2. mai 1864 forlét britane øyane og dei vart tre periferiar i Kongedømet Hellas, men britane nytta framleis hamna på Kérkyra.




Tyske troppar i ein jonisk landsby i 1943.



Den andre verdskrigen |


I 1941 då Nazi-Tyskland okkuperte Hellas, vart Dei joniske øyane (bortsett frå Kýthira) gjevne over til italienarane, som i løpet av dei tre åra dei styrte her gjorde seg upopulære ved å prøve å italianisere innbyggjarane. I 1943 erstatta tyskarane italienarane og deporterte det fleire hundre år gamle jødiske samfunnet på Kérkyra til sin død. I 1944 kom det meste av øya under Den nasjonale frigjeringsfronten i Hellas/Folket sin nasjonale frigjeringshær sin kontroll.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Ionian Islands» frå Wikipedia på engelsk, den 28. juli 2007.


Fotnotar




  1. Moderne gresk Ιόνια νησιά, Iónia nisiá; antikt gresk Ιόνιοι Νήσοι, Ionioi Nesoi; italiensk Isole Ionie


  2. Gresk Επτάνησα, Eptánisa; antikt gresk Επτάνησος, Eptanesos; italiensk Eptaneso


  3. Folketeljing 2011, revidert





Bakgrunnsstoff |


  • Periferien Ionia Nisia






Tradisjonelle regionar i Hellas

Thráki • Makedonía • Ípiros • Thessalía • Sentral-Hellas • Attikí • Peloponnes • Dei egeiske øyane • Dei joniske øyane • Kreta

Koordinatar: 38°30′N 20°30′E



Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?