Morten Smelror
| Morten Smelror | |
| Fødd | 12. mai 1958 Trondheim | 
| Yrke | geolog | 
Morten Smelror (fødd 12. mai 1958 i Trondheim) er ein norsk paleontolog. Han tok cand. scient i 1985 og dr. philos i 1992. 
Frå 1983 til 1985 var han stipendiat ved Paleontologisk museum ved Universitetet i Oslo. 
Han hadde ulike forskar- og leiarstillingar ved Institutt for kontinentalsokkelundersøkelser og petroleumsteknologi i Trondheim frå 1985 til 1997, og frå 1997 var han underdirektør ved Institutt for naturhistorie ved NTNU. I 2000 vart han avdelingsdirektør ved geofagleg avdeling ved Noregs geologiske undersøkingar (NGU) og sidan 2006 har han vore administrerande direktør her. 
Kjelder | 
 «Morten Smelror» av Rolv Magne Dahl i Store norske leksikon, snl.no.
| Føregangar Arne Bjørlykke | Administrerande direktør ved Noregs geologiske undersøking 2006–- | Etterfylgjar | 
| 
 |