NATO-kallenamn


NATO-kallenamn er (i 2018) NATO sine kodenamn for militært utstyr frå Russland, Kina, og land fra det som vart kalla Austblokka (deriblant Sovjetunionen). Namna vart laga for å lette sambandet mellom ulike land som ikkje hadde same språk. I tillegg var russiske namn på utstyret ukjende. Mykje av dette utstyret er framleis i bruk, og NATO-kallenamna likeså.
Den første bokstaven i namnet viser kva slags utstyr det er snakk om, til dømes fekk jagarfly og angrepsfly namn som byrja med F (etter det engelske ordet Fighter), bombefly fekk namn på B, transportfly fikk namn på C (for Cargo) og dulike andre fly som til dømes øvingsfly, tankfly, Anti-ubåtfly, AWACS mm namn på M (for Miscellaneous). Propelldrivne fly fekk namn med ei staving, medan jetdrivne fekk namn med to stavingar. Helikopter fekk namn på H, Luft-til-luft missil fekk namn på A (etter air-to-air), luft-til-bakke missil fekk namn på K, bakke-til-luft missil fekk namn på G (etter groundlaunched) og bakke-til-bakke missil namn på S (etter surface-to-surface).





Mikojan-Gurevitsj MiG-31 «Foxhound»


Craig Thomas skreiv i 1977 boka Firefox med det oppdikta NATO-kallenamnet Firefox for Mikojan-Gurevitsj MiG-31. Boka vart filmatisert av Clint Eastwood i 1982. Den rette MiG-31 fikk i 1979 NATO-kallenamnet Foxhound.


Pentagon har sine eigne kodar for missil: AA- (luft-til-luft), AS- (luft-til-bakke), SA- (overflate-til-luft), SS- (overflate-til-overflate), −N- (sjøplattform), −X- (eksperimentell design) og AT- (panservernmissil).




Innhaldsliste





  • 1 Døme på fly


  • 2 Døme på missil


  • 3 Sjå òg


  • 4 Kjelder




Døme på fly |



  • Lavotjkin La-7 Fin, propelldrivne jagarfly/angrepsfly.


  • Jakovlev Jak-28P Firebar, jetdrivne jagarfly.


  • Tupolev Tu-95 Bear, propelldrivne bombefly.


  • Jakovlev Jak-28 Brewer, jetdrivne bombefly.


  • Antonov An-22 Cock, propelldrivne transportfly.


  • Tupolev Tu-134 Crusty, jetdrivne passasjerfly.


  • Beriev Be-12 Mail, propelldrivne flybåtar.


  • Jakovlev Jak-28U Maestro, jetdrivne treningsfly.


  • Kamov Ka-50 Hokum, helikopter.


Døme på missil |




AA-9 «Amos», Vympel R-33 under ein MiG-31


  • AA-9 Amos, Vympel R-33. Luft-til-luft missil nytta av MiG-31.

  • AS-15 Kent, Raduga Kh-55. Kryssermissil nytta av bombefly.

  • SA-2 Guideline, S-75 Dvina. Luftvernmissil
    • SA-N-11 Grison, 9M311K. Luftvernmissil nytta av krigsskip.

  • SS-18 Satan, R-36M. Interkontinental ballistisk missil.
    • SS-N-2 Styx, P-15 Termit. Sjømålsmissil.

    • AT-1 Snapper, 3M6 Sjmel. Panservernmissil.



Sjå òg |


  • NATO-kallenamn for jagarfly

  • NATO-kallenamn for bombefly


Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «NATO-kallenavn» frå Wikipedia på bokmål, den 30. januar 2017.







Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...