Lag i geologi




Lag i Salta i Argentina


Eit lag i geologi er eit samanhengande, sjiktforma førekomst av lausmasse eller bergart med einskaplet samansetnad. Særskild er laga karakteristisk for sedimentære og vulkanske bergartar, men kan òg finnast hos djupbergartar danna ved krystallisasjon frå eit magma (t.d. lagdelt gabbro).


Sediment blir nesten alltid avsett på tilnærma horisontale underlag og vil difor liggje i horisontale lag med dei eldre laga nedst, dei yngre øvst. Når avleiringa skjer i sterkt strøymande vatn eller ved vind, kan laga bli skråstilte. I sedimentære avleiringar vil det særs ofte bli ei veksling i kornstorleik frå lag til lag pga vekslande straumsnøggleik (t.d. sand vekslande med grus) eller veksling av ulikt slags sediment (t.d. leir- og kalkavleiringar). Denne vekslinga av sedimenttypar vil sett i tverrsnitt vise seg som striper og band.


Sedimentære bergartar vil lett kløyvast etter lagflatene. Medan grovkorna sandsteinar og kalksteinar blir delt opp i tjukke, opptil metertjukke benkar, kan finkorna sedimentbergartar delast opp i tynne, ned til millimetertynne flak.
Bergarter som har vore utsett for mekanisk press og omkrystallisasjon, får ei kløyving eller skifrigheit som ikkje alltid fell saman med lagflatene, men kan skjære desse i ein kva for ein som helst vinkel.


Ei lagflate er ei flate i ein lagdelt bergart som kjem fram ved oppsplitting langs plan som er meir eller mindre parallelle med den generelle orienteringa av laget.


Ei lagstilling er stillinga til eit lag i tilhøve til horisontalplan og kompassretningar.



Sjå òg |


  • fall i geologi

  • folding


Kjelder |


  • Lag: sjikt – 1. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/lag%2Fsjikt_%E2%80%93_1.

  • Lagflate. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/lagflate.

  • Lagstilling: geologi. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/lagstilling%2Fgeologi.


Popular posts from this blog

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Why is system upgrade showing unstable version when upgrading in backend?System Settings > System Upgrade link does not existsComposer Error While upgrading magento version 2.1.6 to 2.2.2How to upgrade magento 1.4.0.0 to above 1.6 versionIssue with upgrading Magento Version from 2.1.7 to 2.1.12Magento 2.2.5: Error on running setup: upgrade after upgrading Magento from 2.2.2 to 2.2.5Are there any Magento Code Release Notes?getting error when upgrading from Magento 2.1.5 to Magento 2.2.6Will the installed third party plugins upgrade when we upgrade Magento version via composerWhy PHP Settings Check and Checking Component Dependency showing error during Magento 2.3 upgrade?Fatal error: Out of memory (in composer) during upgrade Magento2.2.1 to Magento 2.3 when run composer update command