Bay of Plenty























Bay of Plenty
Bay of Plenty Regional Council

Land:

Flag of New Zealand.svgNew Zealand

Position of Bay of Plenty.png


Regionstyre
Namn:Environment Bay of Plenty
Leiar:
John Cronin
Folketal:262,900
Estimert juni 2006
Areal:12 277 km²
Heimeside:
http://www.envbop.govt.nz
Større og mindre byar
Større byar:
Tauranga, Rotorua, Whakatane
Mindre byar:
Te Puke, Taneatua, Edgecumbe, Opotiki, Kawerau, Murupara, Ohope, Matata, Maketu, Mount Maunganui, Ngongotaha
Distrikt
Namn:
Tauranga City
Del av Rotorua District
Whakatane District
Western Bay of Plenty District
Kawerau District
Opotiki District
Del av Taupo District
Heimesider:
http://www.tauranga.govt.nz
http://www.rdc.govt.nz
http://www.whakatane.govt.nz
http://www.wbopdc.govt.nz
http://www.kaweraudc.govt.nz
http://www.odc.govt.nz

Bay of Plenty (maori Te Moana-a-Toi), ofte avkorta til BoP, er ein region på Nordøya på New Zealand, eit landområde som ligg innanfor havbukta med same namn. Den største byen i Bay of Plenty er Tauranga, i den vestlege delen.




Innhaldsliste





  • 1 Sjølve havbukta


  • 2 Regionen


  • 3 Referansar


  • 4 Bakgrunnsstoff




Sjølve havbukta |




Bay of Plenty


Bukta strekkjer seg frå basis av halvøya Coromandel Peninsula i vest til Cape Runaway i aust. Området er avgrensa av åsrekkjene Kaimai og Mamaku Ranges mot vest, og strekkjer seg innover i landet til dei sparsamt busette skogområda kring Rotorua, Kawerau og Murupara.
Fleire øyer ligg ute i bukta, mellom desse Mayor Island/Tuhua, Motiti Island, Whale Island og, mest kjend, den aktive vulkanen på øya Whakaari/White Island.


Bukta vart namngjeven av kaptein James Cook ein gong i november 1769. Cook gav henne namnet Bay of Plenty («overflodsbukta») etter at han la merke til dei overveldande matlagra i fleire māorilandsbyar han vitja langs kysten; i sterk motsetning til dei observasjonane han tidlegare hadde gjort i Poverty Bay («fattigdomsbukta»).



Regionen |




Kart over folketettleiken i Bay of Plenty ved folketeljinga i 2006. Klikk på kartet for å sjå teiknforklaringa.


Regionen hadde ved folketeljinga i 2006 eit folketal på 257 379 [1], som ein stipulerer vil auka til 277 900 i året 2011. Av innbyggjarane rekna 28% seg som etniske māoriar. 23% var under 15 år, og 3,9% utan arbeid.[1]
To byar dominerer Bay of Islands: Tauranga (folketal 103 635)[1] og Rotorua (folketal 65 901)[1]. Som eit kompromiss mellom byane, vart byen Whakatane i 1989 vald til sete for regionstyret. I 2007 vart det likevel bestemt at Tauranga skulle ta over denne rolla.[2]. Andre byar i regionen omfattar Te Puke, Kawerau, Katikati og Opotiki. Jordbruk og turisme er dei to hovudnæringsvegane i regionen, og det geotermiske området kring Roturoa er eit populært turistmål.


Regionen er skogkledd, mykje av skogen er kommersielt planta og ivareteken, og det er dessutan eit utstrekt jordbruk i området. Klimaet i kystsona er nesten tropisk, både fuktig og varmt året rundt. I innlandet derimot, kring Roturoa, er gjennomsnittstemperaturen generelt sett 2°C kjøligare. Viktige produkt er kiwi, eple, avocado og tømmer. Som i det meste av New Zealand er sauehald vanleg, men produksjon av mjølkeprodukt og kjøt frå storfe er i aukande grad i ferd med å overta for sauehaldet.


Vegnettet har vorte utbygd i aukande grad, særskilt vest i Bay of Plenty, på grunn av tiltakande vegtransport av tømmer til hovudhamna i Tauranga. Jarnvegslinjer går mellom Tauranga og Waikatoregionen og til den austlege delen av bukta, men desse fraktar berre gods.



Referansar |




  1. 1,01,11,21,3 Statistics New Zealand, folketeljinga i 2006


  2. Environment Bay of Plenty



  • Denne artikkelen bygger på «Bay of Plenty» frå Wikipedia på engelsk, den 19. februar 2008.


Bakgrunnsstoff |








Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?