Glimmer




Glimmer




Stein med glimmer


Glimmer (òg kalla uformelt kråkesølv) er ei gruppe mineral som til vanleg opptrer i tynne flak. Dei har særeigne kløyveigenskapar, og kan lett delast opp i enda tynnare og tynnare flak. Dette er sjiktsilikat. Kråkesølv er ingen krystall, men ein bergart. Dei er vanlege i gneisar og metamorfe skiferar (glimmerskifer).


Glimmer er mykje mjukare enn kvarts og feltspat. Saman utgjør desse minerala delar av bergarten granitt. Dei to vanlegaste glimmerminerala er muskovitt og biotitt.




Innhaldsliste





  • 1 Klassifisering av glimmer

    • 1.1 Dioktaedriske glimmer


    • 1.2 Trioktaedriske glimmer


    • 1.3 Andre typar glimmer


    • 1.4 Kråkesølv



  • 2 Funn


  • 3 Eigenskapar og bruk


  • 4 Glimmer i forhistorisk tid


  • 5 Kjelder

    • 5.1 Referansar



  • 6 Bakgrunnsstoff




Klassifisering av glimmer |


Kjemisk har glimmer formelen:[1]



X2Y4–6Z8O20(OH,F)4

der X er K, Na, eller Ca. Mindre vanleg er Ba, Rb, eller Cs


Y er Al, Mg eller Fe. Mindre vanleg er Mn, Cr, Ti, Li, osv.


Z er hovudsakleg Si eller Al, men kan òg vere Fe3+ eller Ti

Strukturelt kan glimmer klassifiserast som dioktahedrisk (Y = 4) og trioktahedrisk (Y = 6). Dersom X ionet er K eller Na er glimmeren ein vanleg glimmer. Dersom X ionet er Ca er glimmeren klassifisert som ein sprø glimmer.



Dioktaedriske glimmer |


Vanleg glimmer:



  • Muskovitt – KAl2(AlSi3O10)(OH)2.

  • Paragonitt

  • Glaukonitt

Sprøtt glimmer:


  • Margaritt


Trioktaedriske glimmer |


Vanleg glimmer:


  • Flogopitt


  • Biotitt – K(Mg,Fe)3(AlSi3O10)(OH)2.

  • Zinnwalditt

  • Lepidolitt

Sprøtt glimmer


  • Klintonitt


Andre typar glimmer |


Glimmer med vatn og varierande ioneinnhald mellom sjikta:


  • hydro-muskovitt med H3O+ og K på X-plassen.


  • Illitt med K mangel i X site og tilsvarande mer Si på Z-plassen.


  • Phengitt med Mg eller Fe2+ substituerer for Al på Y-plassen og ei tilsvarande auke i Si på Z-plassen.


Kråkesølv |


Kråkesølv er ei uformell nemning for sølvaktige, blanke skjel, blad eller plater av fargelaus glimmer (vanlegvis muskovitt). Gyldne flak av forvitra mørk glimmer (biotitt), og det messingfarga, sprø og harde mineralet pyritt (svovelkis) kan nokre gonger takast for å vere gull, og kallast gjerne kråkegull (engelsk fool's gold).



Funn |


I 2005 produserte Kina mest glimmer; opp imot 1/3 av verdsproduksjon tett følgd av USA, Sør-Korea og Canada, rapporterer British Geological Survey.


Glimmer er mykje utbreidd og ein finn det i magmatiske, metamorfe og sedimentære bergartar. Store glimmerkrystallar som blir nytta mange stader har vorte utvunne frå granittiske pegmatitter.


Fram til 1800-talet var store glimmerkrystallar ganske sjeldne og dyre på grunn av små førekomstar i Europa. Prisane på glimmer fall drastisk då store førekomstar vart funne og brote i Afrika og Sør-Amerika tidleg på 1800-talet.



Eigenskapar og bruk |




Isolasjonsskiver av glimmer for effektransistorar,


Glimmer tåler høg varme og er ein god isolator. Derfor har den blitt mykje brukt til pakningar i elektriske apparat som brødristarar, og anna elektrisk materiell som skal tåle høg temperatur.


Glimmer har ein høg dielektrisk styrke og er svært kjemisk stabilt, noko som gjer at det blir nytta i glimmerkondensatorar til høgfrekvens-utstyr. Glimmer blir òg nytta som elektrisk isolatormateriale i høgspenningsutstyr. Glimmerisolatorar vert nytta for elektriske feltstyrke opp til 60 kV/mm.


Fordi glimmer tåler høg varme opp til minst 600 °C, vert det nytta det i staden for glas i omnsruter (marieglas). Glimmer vert òg nytta som isolator i elektriske leiarar i elektriske kablar som må vere brannfaste – som til dømes for naudlys.


Glimmer kan kjøpast i flak og er lett å klippe opp.



Glimmer i forhistorisk tid |




Hand utskoren av glimmer av Hopewell-kulturen (Nord-Amerika, 200 f.Kr.-500 e.Kr.)


Glimmer har vore kjent og nytta sidan steinalderen til m.a. å få leirtøy til å glimre.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Glimmer» frå Wikipedia på dansk, den 26. mars 2013.

  • Kråkesølv. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/kr%C3%A5kes%C3%B8lv.



Referansar |



  1. Deer, W. A., R. A. Howie and J. Zussman (1966) An Introduction to the Rock Forming Minerals, Longman, ISBN 0-582-44210-9



Bakgrunnsstoff |


  • Mineral Galleries data

  • Mindat



Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Glimmer











Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?