Ugle











Ugle



Flekkugle Strix occidentalis
Flekkugle Strix occidentalis



Systematikk

Rike:

Animalia

Rekkje:

Chordata

Klasse:

Aves

Orden:

Strigiformes

Dei nattaktive rovfuglane (Strigiformes) er stort sett ugler. Dei jaktar helst om natta, sjølv om det finst unntak. Uglene er ikkje i slekt med rovfuglane i ordenen Falconiformes.




Innhaldsliste





  • 1 Skildring


  • 2 Ugler i kulturen


  • 3 Inndeling


  • 4 Kjelder




Skildring |


Ugler har typisk store, framoverretta auge som ser godt. Oppbygginga er ulik til dømes menneskeauge; dei er meir avlange enn kuleforma, og gjer at fuglane kan sjå byttet sitt på lang avstand. Klørne er lange, skarpe og bøygde og nebbet boga og kraftig.


Uglene har kraftige bryst- og vengemusklar til å flyge med. Nesten heile kroppen er dekt av fjør, slik at han er glatt og straumlineforma. Beina er lette, ofte hole, slik at fuglen veg mindre. Alle desse eigenskapane gjer ugler til dyktige flygarar.


Det finst stor storleiksvariasjon mellom dei ulike artane, og ofte er også hoa større enn hannen. Hjå nokre ugleartar er hoa opptil 50% større enn hannen.



Ugler i kulturen |


I europeisk kultur har uglene hatt ry på seg for å vera kloke fuglar, og har vore brukte som symbol på visdom og kunnskap. Dette kjem av at kyrkjeugla var den heilage fuglen til Atene, den greske visdomsgudinna.
Men dette synet på fuglane er slett ikkje verdsomspennande; i India blir dei derimot sett på som svært dumme dyr.



Inndeling |


Ugleordenen blir delt inn i to familiar:



  • Slørugler (Tytonidae)


  • Eigentlege ugler (Strigidae)


Kjelder |


  • Dansk Wikipedia

Popular posts from this blog

六本木駅

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Joseph Lister