Jumpin’ Jack Flash




















Jumpin’ Jack Flash
Singel av The Rolling Stones


Utgjeve
24. mai 1968

Innspelt
Mars–april 1968

Sjanger

Rock

Lengd
3:43

Selskap

Decca F.12782 (UK)
London 45.908 (US)

Låtskrivar(ar)

Jagger/Richards

Produsent

Jimmy Miller

The Rolling Stones-kronologi
«She’s a Rainbow»
(1967)

Jumpin’ Jack Flash
«Street Fighting Man»
(1968)



«Jumpin’ Jack Flash» er ein song av The Rolling Stones, som kom ut som singel i 1968. Han vart av musikkmagasinet Rolling Stone kalla «ein overnaturleg deltablues via Swinging London»[1] og songen vert rekna som ein retur til blues-røtene til bandet etter den psykedeliske musikken som hadde prega dei førre albuma Between the Buttons og Their Satanic Majesties Request.[2] Songen er ein av dei mest populære og lettast gjenkjennelege songane til bandet, og har vorte nytta i mange filmar og er med på mange samleplater.




Innhaldsliste





  • 1 Inspirasjon og innspeling


  • 2 Utgjeving og ettermæle


  • 3 Bakgrunnsstoff


  • 4 Kjelder




Inspirasjon og innspeling |


Songen er skriven av Mick Jagger og Keith Richards og innspelt under innspelinga av Beggars Banquet i 1968 (men var ikkje med på dette albumet).


Richards har fortalt at han og Jagger skreiv teksten medan dei var på landstaden til Richards, der dei vakna ein morgon av gartnaren Jack Dyer som gjekk forbi vindauga deira. Då Jagger spurte kva som lagde lyd, svarte Richards «Oh, that's Jack – that’s jumpin’ Jack.»[3][4] Ein jumping jack er eit gammal leiketøy, ein sprellemann.


I sjølvbiografien sin, Stone Alone, hevdar Bill Wyman at det var han som kom på det særeigne gitarrifett i songen på eit orgel, men at han ikkje vart kreditert for dette.[3]


På studioutgåva av songen spelte Richards bass og golvtamtam, samt akustisk og elektrisk gitar. Jagger hadde solovokal og maracas, Brian Jones spelte akustisk gitar, Charlie Watts var på trommer og Bill Wyman spelte orgel. Ian Stewart medverka med piano og produsent Jimmy Miller var med Jagger og Richards på korvokal.



Utgjeving og ettermæle |


Songen kom ut 24. mai 1968 med «Child of the Moon» som B-side og gjekk rett til topps på den britiske singellista og til tredjeplassen i USA og Noreg.


The Rolling Stones har spelt «Jumpin’ Jack Flash» på kvar einaste turne sidan han kom ut, og er av dei songane bandet har spelt flest gonger.[5][6]. Han har vore gjeve ut på konsertalbuma Get Yer Ya-Ya’s Out!, Love You Live, Flashpoint og Shine a Light. Introen vert vanlegvis ikkje spelt på konsertane, men i staden startar dei rett på hovudriffet.


I mars 2005 plasserte musikkmagasinet Q songen på andreplass på lista deira over dei største gitarsongane gjennom tidene. I 2004 låg songen på 124. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene. VH1 plasserte songen på 65. plass på lista deira over dei 100 største rockesongane gjennom tidene.[7]



Bakgrunnsstoff |


  • Songtekst


Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Jumpin' Jack Flash» frå Wikipedia på engelsk, den 28. februar 2009.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


  1. «Jumpin' Jack Flash». Rolling Stone. 4. desember 2007


  2. Unterberger, Richie. ««Jumpin' Jack Flash»». allmusic.  Både |utgjevar= og |forlag= er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp)


  3. 3,03,1 McPherson, Ian. «Track Talk: Jumpin' Jack Flash». 


  4. The Rolling Stones - Four Flicks DVD - Warner Music Vision (2003)


  5. Galbraith, Gary. «The Rocks Off Rolling Stones Setlists Page». 


  6. Zentgraf, Nico. «The Complete Works of the Rolling Stones 1962-2008». 


  7. «100 Greatest Songs of Rock & Roll (80-61)». VH1. 










Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?