Kapital
- For tidsskriftet, sjå tidsskriftet Kapital.
Kapital er eit omgrep innan økonomi som viser til noko som kan investerast i produksjon av varer eller tenester. 
Innhaldsliste
 1 Ordsoge
 2 Klassisk økonomi
 3 Marxisme
 4 Human kapital
 5 Kulturell kapital
 6 Kjelder
Ordsoge | 
Kapital er avleidd av latin capitalis, 'hovud-' (caput tyder 'hovud'), som på mellomalderlatin hadde tydinga 'hovudsum, hovuddel (av gjelda)'. Ordet har gjeve opphav til omgrepa «kapitalisme» og «kapitalist».
Klassisk økonomi | 
I klassisk økonomisk tenking, slik omgrepet mellom anna er brukt av Adam Smith og David Ricardo, består kapital av følgjande element: 
- Det kan brukast til produksjon av andre varer.
- Det har vorte produsert (i motsetnad til landområde, naturressursar og liknande).
- Det blir ikkje brukt opp umiddelbart.
Ein skil mellom realkapital, konkrete fysiske ting som maskinar, verktøy, fabrikkbygningar, skip, lager av råvarer og så bortetter som kan setjast inn i ein produksjonsprosess, og penge- eller finanskapital, som viser til alle slags fordringar til ei verksemd eller ein økonomisk sektor.
Marxisme | 
Karl Marx, forfattaren av Kapitalen, hevda at kapital er ei direkte følgje av privat eigedomsrett. Kapital er ifølgje Marx kvart og eit verd som gjev eigaren sin høve til å tileigne seig ein del av meirverdien produsert i den samfunnsmessige produksjonen.
Human kapital | 
I nyare sosialøkonomisk litteratur brukar ein omgrepet human kapital, som er uttrykk for kunnskapen og ferdigheitene til folkesetnaden. Denne kapitalen kan aukast gjennom utdanning og opplæring, som dermed er ei investering i human kapital. Studiar av økonomien til utviklingsland viser at human kapital er ein viktig faktor for å forklare kvifor einskilde land er fattige og andre økonomisk avanserte.
Kulturell kapital | 
Pierre Bourdieu innførte på 1970-talet omgrepet kulturell kapital, det å ha kunnskap om kulturelle uttrykksformer. Slik kunnskap er ein verdifull sosial ressurs som til dømes viser seg gjennom ei evne til å gje smaksdommar, kven som har «god» og kven som har «dårleg» smak, og dermed kven som skal inkluderast og blir ekskludert i sosial omgang. 
Kjelder | 
 «kapital» i Nynorskordboka.
 «realkapital» i Store norske leksikon, snl.no.
 «kapital – finanskapitalen» i Store norske leksikon, snl.no.
 kapital «kapital – human kapital» i Store norske leksikon, snl.no.
 «kulturell kapital» i Store norske leksikon, snl.no. Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
| 
 | 
 Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å
 Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å