Midtre Gauldal kommune
| Midtre Gauldal kommune | ||
| kommune | ||
| 
 | ||
| Land |  Noreg | |
|---|---|---|
| Fylke | Trøndelag | |
| Adm.senter | Støren | |
| Areal | 1 861 km² | |
| - land | 1 817 km² | |
| - vatn | 44 km² | |
| Folketal | 6 225 (1. januar 2018) | |
| Folketettleik | 3 / km² | |
| Målform | bokmål | |
| Ordførar | Sivert Moen (Sp) | |
| Kommunenr. | 5027 | |
|  | ||
| Wikimedia Commons: Midtre Gauldal | ||
| Nettstad: midtre-gauldal.kommune.no | ||
Midtre Gauldal er ein kommune i Trøndelag fylke. Han grensar i nord mot kommunane Melhus og Selbu, i aust mot Holtålen, i sør mot Os og Tynset, og i vest mot Rennebu og Meldal.
Talet på innbyggjarar var 5950 per 01.01.2009. Kommunesenteret er Støren. Midtre Gauldal ligg langs E6 fem mil sør for Trondheim. 
Innhaldsliste
 1 Historie
 1.1 Kommunehistorie
 
 2 Samfunn
 3 Næringsliv
 4 Geografi
 4.1 Elvar, fjell og vatn
 
 5 Kultur
 5.1 Tusenårsstad
 5.2 Idrettslag
 5.3 Korps
 
 6 Kjende personar frå Midtre Gauldal kommune
 7 Bakgrunnsstoff
Historie | 
Kommunehistorie | 
Midtre Gauldal kommune vart oppretta i 1964 etter at kommunane Støren, Soknedal, Singsås og Budal slo seg saman.
Rådhuset i Midtre Gauldal
Samfunn | 
Kommuneadministrasjonen ligg på Støren, cirka 50 km sør for Trondheim. På Støren finn ein eit utdanningssenter med barne- og ungdomsskole samt ein vidaregåande skole med ei mengde linjer. Gjennom kommunen renner fleire vassdrag, dei største er Gaula, Sokna og Bua i Sørtrøndelag som alle er gode lakseelvar.
Kommunen består i hovudsak av fylgjande område: Budal, Singsås, Støren og Soknedal.
Størenhallen
Næringsliv | 
Kyllingindustri er ei stor næring i kommunen, særleg representert ved storbedriften Norsk Kylling. Andre store bedrifter i kommunen er Støren Trelast og Støren Treindustri
Singsås
Geografi | 
Forollhogna nasjonalpark ligg delvis i kommunen.
Elvar, fjell og vatn | 
- Gaula
- Burusjøen
- Holsjøen
Kultur | 

Bygdesenteret i Soknedal
Tusenårsstad | 
Kommunens tusenårsstad er Buosen (eller Buaneset), ein friluftsscene like ved elva Gaula. Staden er omtala i Snorres kongesoger. 
Buosen ligg på Rognes cirka ei mil søraust for Støren i retning Røros.
Idrettslag | 
- Støren Sportsklubb
- Sokna Idrettslag
- Rognes Idrettslag
- Budal Idrettslag
- Singsås Idrettslag
Korps | 
- Støren Skolekorps
- Støren Musikkorps
- Soknedal Skolekorps
- Budal Skolekorps
- Singsås Skolekorps
Kjende personar frå Midtre Gauldal kommune | 
 Marit Bjørgen, verdsmeister i langrenn, kjem frå Rognes
 Svein Tore Samdal, trenar for damelandslaget i langrenn
 Magnar Solberg, olympisk meister i skiskyting
 Henrik O. Anshushaug, skyttarkonge.
 Tor Lian, president i Det europeiske håndballforbundet
Bakgrunnsstoff | 
 Midtre Gauldal Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
| Kommunar i Trøndelag | ||
|---|---|---|
| 
 |  | |
| 
 | 

 Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å
 Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å