Vestfold fylke


























Vestfold fylke

fylke




fylkesvåpen

Land

Flag of Norway.svg Noreg


Adm.senter

Tønsberg

Areal
2 224 km²
 - land
2 157 km²
 - vatn
67 km²

Folketal
249 058 (1. januar 2018)
Folketettleik

115 / km²



Målform
bokmål

Fylkesmann

Per Arne Olsen

Fylkesordførar

Rune Hogsnes (H)


Fylkesnummer
07




Norway Counties Vestfold Position.svg




Wikimedia Commons: Vestfold

Nettstad: www.vfk.no

Vestfold er eit fylke i Noreg. Det grensar i nord og nordvest til Buskerud og i vest til Telemark. Fylket er det nest minste i Noreg i areal, men er det fylket med den tredje høgaste folketettleiken i landet. Den største byen i fylket er Sandefjord. Setet for fylkesmannen og fylkestinget ligg i Tønsberg.


Fylkesvåpenet er teikna av Hallvard Trætteberg og blei godkjent ved kongeleg resolusjon 30. januar 1970. Motivet er på raud grunn ei gull kongekrone, som skal vise til sambandet fylket har til kongeætta. Fylkesblomen til Vestfold er bøk og fylkessteinen er larvikitt.




Innhaldsliste





  • 1 Natur


  • 2 Klima


  • 3 Kommunar

    • 3.1 Tidlegare inndelingar

      • 3.1.1 Tidlegare futedøme (fogderi)




  • 4 Politikk


  • 5 Kommunikasjon

    • 5.1 Til Østfold



  • 6 Landbruk


  • 7 Historie

    • 7.1 Vikingtida



  • 8 Sjå òg

    • 8.1 Kultur



  • 9 Kjelder

    • 9.1 Referansar



  • 10 Bakgrunnsstoff

    • 10.1 Historie og kultur





Natur |


Vestfold har eit rikt dyre- og planteliv grunna tilhøva attmed Oslofjorden. I Vestfold er det 110 område og objekt som er verna etter naturvernloven. Områda utgjer til saman om lag 1,5 prosent av det totale arealet i fylket.[1] Over halvparten av Vestfold er dekt av skog. Vestfold har ein øyrik skjergard med over 500 store og småe øyar.



Klima |


Vestfold har enkle terrengtilhøve og liten utstrekning og det gjer klimaet einsarta.


Den rådande vinden er nordaustleg om vinteren, og sørvestleg om sommaren. Den sommarlege sjøvinden kan verte ganske sterk og ofte nå kuling styrke i ytre strøk. Februar er den kaldaste månaden i heile fylket, og ved kysten er middeltemperatur kring –1 °C, medan han lengre inne i fylket går ned til kring –5 °C. For juli er middeltemperaturen 16–17 °C.


Årsnedbøren varierer frå kring 700 mm ytst på kysten til opp mot 1200 mm i indre strøk. Mest nedbør kjem det gjerne på ettersomaren, medan det er lite nedbør på våren og forsommaren. Om vinteren får typisk områda nær kysten meir snø enn område aust for Oslofjorden. Kysten har òg ein del tåke, mest om våren. Tåke er observert i kring 3-5 % av observasjonane.



Kommunar |





































































Nr.
Namn
Adm.senter
Folkemengd
Flatevidd km²
Målform
0701

Horten kommune Horten

Horten

000000000027317.000000000027 317

000000000000070.000000000070
bokmål
0704

Tønsberg kommune Tønsberg

Tønsberg

000000000045360.000000000045 360

000000000000111.0000000000111
bokmål
0710

Sandefjord kommune Sandefjord

Sandefjord

000000000062615.000000000062 615

000000000000421.0000000000421
bokmål
0711

Svelvik kommune Svelvik

Svelvik

000000000006672.00000000006 672

000000000000058.000000000058
bokmål
0712

Larvik kommune Larvik

Larvik

000000000046801.000000000046 801

000000000000813.0000000000813
bokmål
0713

Sande kommune Sande

Sande

000000000009726.00000000009 726

000000000000178.0000000000178
bokmål
0715

Holmestrand kommune Holmestrand

Holmestrand

000000000014212.000000000014 212

000000000000249.0000000000249
bokmål
0716

Re kommune Re

Revetal

000000000009621.00000000009 621

000000000000225.0000000000225
bokmål
0729

Færder kommune Færder

Borgheim

000000000026734.000000000026 734

000000000000100.0000000000100
bokmål

Totalt

Vestfold våpen.svgVestfold

Tønsberg

000000000249058.0000000000249 058

000000000002224.00000000002 224
bokmål


Tidlegare inndelingar |



Tidlegare futedøme (fogderi) |




Futedøme (Fogderi)


Tidlegare futedøme



  • ██  Jarlsberg

Andebu, Hof, Holmestrand, Horten, Nøtterøy, Re, Sande, Stokke, Svelvik, Tjøme og Tønsberg



  • ██  Larvik

Lardal, Larvik og Sandefjord




Politikk |


Ved Stortingsvalet i 2009 vart fylgjande sju representantar vald inn på Vestfoldbenken i Stortinget for perioden 2009-2013:


  • Representant nr. 154: Dag Terje Andersen (Ap), Lardal

  • Representant nr. 155: Anders Anundsen (Frp), Larvik

  • Representant nr. 156: Svein Flåtten (H), Sandefjord

  • Representant nr. 157: Sonja Mandt (Ap), Larvik

  • Representant nr. 158: Per Arne Olsen (Frp), Tønsberg

  • Representant nr. 159: Steinar Gullvåg (Ap), Nøtterøy

  • Representant nr. 160: Inga Marte Thorkildsen (SV), Oslo (utjevningsmandat).


Kommunikasjon |



Til Østfold |


Frå Tønsberg kan ein kome seg over Oslofjorden til Østfold på 35 min. Flybåten går nemleg frå Tønsberg kai til Fredrikstad (Engelsviken).


Ein kan ogso ta Bastø-Fosen frå Horten til Moss som går kvar halvtime 18 timar i døgnet, og er Noregs mest traffikerte ferjesamband.



Landbruk |


Av Vestfolds totalreal er tjue prosent jordbruksareal, som det høgaste talet i Noreg. Landbruket i Vestfold skapar kvart år verdiar for over ein miliard kronar.


Nesten samtlege erter som vert dyrka i Noreg kjem frå Vestfold, medan femten prosent av dei norske jordbæra vert dyrka i dette fylket. Ti prosent av Noregs morellar vert modna i Vestfold.


23 prosent av alt norsk matkorn vert produsert i Vestfold, medan 23 prosent av Noregs grønsaker og tretti prosent av landets økologiske grønsaker vert produsert i det same fylket.


Potetar, grønsaker, frukt og bær dekkjer berre åtte prosent av fylkets arealar, men utgjer meir enn halvparten av samla fyrstehandsverdi av planteproduksjonen.



Historie |


Historisk er Vestfold særleg kjend for ei stor mengd gravrøyser frå bronsealderen, viktige funn av vikingskip, og for det første bysamfunnet i Noreg, Kaupang i Tjølling, aust for Larvik. Fylket har òg ein av dei eldste noverande byane i landet, Tønsberg. I nyare historie har særleg skipsfart og kvalfangst i Sørishavet vore viktig.



Vikingtida |


På 800-talet var det seinare norske riksområdet samansett av om lag 30 smårike. Vestfold utgjorde då, saman med Lier og Eiker i Buskerud, eit eige kongedøme, og lokale høvdingar hadde etablert eit dynasti som seinare kunne samle Noreg til eitt rike. Familien til Harald Hårfagre, den første kongen i Noreg, kom i frå Vestfold.


Nyare historisk forsking sår tvil om dette, og meiner riket til Harald Hårfagre hadde basis på Vestlandet. Ein stiller spørsmål om ikkje småkongane i Vestfold og resten av Viken, i langt større grad enn Snorre gjev inntrykk av, var vasallar under den danske kongen. Dei frankiske riksannalane frå 813 opplyser at to danske kongar, Harald og Reginfred, søner av kong Godfred av Danmark, drog med hæren sin ad Westarfoldam til Vestfold for å slå ned eit opprør. Vestfold er skildra som plassert i den nordvestlegaste delen av riket deira.[2]



Sjå òg |


  • Fylkesordførarar i Vestfold

  • Vestfoldmodellen

  • Viken

  • Distrikt i Noreg


Kultur |


  • Vestfold Festspillene

  • Litteraturuka i Vestfold


Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Vestfold» frå Wikipedia på bokmål, den 2. mars 2010.




  • «Vestfold – klima» av Petter Dannevig i Store norske leksikon, snl.no.


Referansar |



  1. Vestfoldstatistikk


  2. http://arkeologi.blogspot.com/2006/11/mellom-danmark-og-normanna-land.html


Bakgrunnsstoff |


  • Vestold fylkeskommune (med fleire lenker)

  • Vestfold-statistikk

  • Vestregionsamarbeidet

  • Rådet for Drammensregionen

  • Regionrådet 12k

  • btvregion.no - fylkesregionrådet


Historie og kultur |


  • Fylkesarkivet for Vestfold (historisk arkiv for Vestfold)

  • Lokalhistoriske tekster om Vestfold

  • Om historisk kystkultur i Vestfold

  • Om litteraturen i Vestfold

  • Bygde- og kirkebøker fra Vestfold






Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...