Hordaland fylke


«Hordaland» omdirigerer hit. For avisa med same namn, sjå avisa Hordaland.
























Hordaland fylke

fylke




fylkesvåpen

Land

Flag of Norway.svg Noreg


Adm.senter

Bergen

Areal
15 440 km²
 - land
14 554 km²
 - vatn
886 km²

Folketal
522 539 (1. januar 2018)
Folketettleik

36 / km²



Målform
nynorsk

Fylkesmann

Lars Sponheim

Fylkesordførar

Tom-Christer Nilsen (H)


Fylkesnummer
12




Norway Counties Hordaland Position.svg




Wikimedia Commons: Hordaland

Nettstad: www.hordaland.no

Hordaland fylke er eit fylke i Noreg. Fylket ligg mellom Sogn og Fjordane i nord og Rogaland i sør. I aust grensar fylket til Telemark og Buskerud.


Hordaland fylke vert ofte delt inn i innlandsdistrikt og kystdistrikt. Innlandsdistrikta er Hardanger og Voss. Kystdistrikta er Sunnhordland, Nordhordland og Midhordland. Desse distrikta er samanfallande med dei tidlegare fogderia og noverande prostia. Om lag to tredelar av arealet i Hordaland fylke er fjellområde som ligg høgre enn 300 meter over havet. Hordaland er det einaste norske fylket (utanom Oslo) der alle kommunane har grenser til hav. Bergen er den største byen i fylket og er sete for administrasjonen til fylkeskommunen. I byen ligg Bryggen i Bergen, som i 1979 vart skriven inn på UNESCO si liste over verdas kultur- og naturarvstader. Dei to andre byane i fylket er Leirvik og Odda.


Fylkesvåpenet til Hordaland fylke er to krosslagde øksar med ei krone over, på raud bakgrunn. Våpenet er laga etter eit segl funne etter Olavsgildet på Onarheim på Tysnes. Fylkesblomen til Hordaland er kusymre, fylkessteinen er koronitt og fylkesfuglen er kvitryggspett.




Innhaldsliste





  • 1 Historikk

    • 1.1 Namn



  • 2 Klima


  • 3 Kommunar


  • 4 Sjå òg


  • 5 Litteratur


  • 6 Kjelder

    • 6.1 Referansar



  • 7 Bakgrunnsstoff




Historikk |


Hordaland har opphavleg vore namnet på dei ytre delane av det noverande fylket; Hardanger og Voss låg såleis utanfor Hordaland. I den fyrste amtsinndelinga frå tidleg i 1660-åra utgjorde Halsnøy kloster og Hardanger eit eige amt i den sørlege delen av det noverande Hordaland, medan resten av fylket saman med Sogn og Fjordane høyrde til Bergen stiftsamt. Dagens grenser fekk Hordaland i 1763, då amta Søndre Bergenhus og Nordre Bergenhus, som svarar til dei noverande fylka Hordaland og Sogn og Fjordane, vart oppretta. Sørgrensa til Hordaland vart endra i 2002, då Ølen kommune vart ført over til Rogaland.


Bergen by gjekk inn i Hordaland fylke i samband med store kommunesamanslutningar i 1972. Dei tidlegare kommunane Bergen, Arna, Fana, Laksevåg og Åsane vart slått saman til nye Bergen kommune. Frå same tid vart det slutt på at Bergen var eige fylke.



Namn |


Kysten av Hordaland var i norrøn tid kjend som Hǫrðafýlki. Før 1919 var namnet på Hordaland fylke Søndre Bergenhus amt. Namnet «Hordaland» kjem av folkenamnet Hǫrðar. Hǫrðar er ei avleiing av av det germanske ordet for skog, harud. "Harudane" tyder altså skogfolket. Det norske namnet var hordane. Namn som Hordnes, Hordvik og Hordamuseet kjem av folket hordane.



Klima |


Med rådande vind frå vest eller sørvest, vert det ført inn mykje mild og fuktig luft over fylket, noko som gjev eit temperert kystklima med mykje nedbør, særleg i kystnære strøk. Dei høge fjella skjermar dei indre områda mot påverknad frå havet, medan fjordar med temperert vatn hindrar vinterkulden, sjølv langt borte frå kysten.


Vindforholda er prega av terrenget, særleg i låglandet, medan vestavinden dominerer i høgfjellet året rundt. Om vinteren bles det ofte utfallsvind gjennom dalar og fjordar, medan det ved kysten ofte bles mellom sør og aust. Liten kuling eller meir ved kysten har ein kring 10 % av tida. I finvêr om sommaren kan solgangsbrisen gje ettermiddagsvind frå nordvest eller nord.


Januar og februar er dei kaldaste månadane med kring 2 °C ved kysten, men sjølv dei indre fjordstrøka har ikkje særleg under 0 °C. Innlandet har kring −5 °C, medan høgfjellet i aust har ned mot kring −10 °C. Kulderekordane er frå −10 °C til −15 °C ved kysten, til −25 °C til −35 °C i dalstrøka og i høgfjellet. Middeltemperaturane for juli er 14–16 °C, men temperaturen fell med høgda til kring 10 °C i 1000 m o.h.
Varmerekorden i låglandet er kring 32 °C, medan ein i høgfjellet har hatt opp mot 20–25 °C.


Hordaland et er eit av fylka i landet som får mest nedbør med ein årsnedbør kring 1500 mm ved kysten og over 3000 mm i ei maksimalsone kring 50 km frå kysten. Vidare austover minkar så nedbøren til kring 1000 mm lengst aust. Hausten er typisk den våtaste tida av året, medan mai er den tørraste. Det er vanleg med lokale ettermiddagsbyer om sommaren i indre strøk, men det meste av nedbøren kjem i samband med frontar og byevêr frå vest.


Årsmiddelet for tåke ved kysten er 2-3 %, og mest tåke er det om våren og sommaren. I dalstrøka kan ein få lokal strålingståke og frostrøyk om hausten og vinteren. I høgfjellet har ein tåke kring 2-5 % av tida og mest om hausten og vinteren.



Kommunar |
























































































































































































































































Nr.
Namn
Adm.senter
Folkemengd
Flatevidd km²
Målform
Distrikt
1201

Bergen kommune Bergen

Bergen

000000000279792.0000000000279 792

000000000000466.0000000000466
nøytral

Midhordland
1211

Etne kommune Etne

Etnesjøen

000000000004083.00000000004 083

000000000000735.0000000000735
nynorsk

Sunnhordland
1216

Sveio kommune Sveio

Sveio

000000000005721.00000000005 721

000000000000246.0000000000246
nynorsk

Sunnhordland
1219

Bømlo kommune Bømlo

Svortland

000000000011902.000000000011 902

000000000000246.0000000000246
nynorsk

Sunnhordland
1221

Stord kommune Stord

Leirvik

000000000018780.000000000018 780

000000000000144.0000000000144
nynorsk

Sunnhordland
1222

Fitjar kommune Fitjar

Fitjar

000000000003194.00000000003 194

000000000000142.0000000000142
nynorsk

Sunnhordland
1223

Tysnes kommune Tysnes

Uggdal

000000000002857.00000000002 857

000000000000255.0000000000255
nynorsk

Sunnhordland
1224

Kvinnherad kommune Kvinnherad

Rosendal

000000000013180.000000000013 180

000000000001128.00000000001 128
nynorsk

Sunnhordland
1227

Jondal kommune Jondal

Jondal

000000000001096.00000000001 096

000000000000210.0000000000210
nynorsk

Hardanger
1228

Odda kommune Odda

Odda

000000000006835.00000000006 835

000000000001616.00000000001 616
nøytral

Hardanger
1231

Ullensvang herad Ullensvang

Kinsarvik

000000000003363.00000000003 363

000000000001399.00000000001 399
nynorsk

Hardanger
1232

Eidfjord kommune Eidfjord

Eidfjord

000000000000931.0000000000931

000000000001492.00000000001 492
nynorsk

Hardanger
1233

Ulvik herad Ulvik

Ulvik

000000000001117.00000000001 117

000000000000721.0000000000721
nynorsk

Hardanger
1234

Granvin herad Granvin

Granvin

000000000000931.0000000000931

000000000000213.0000000000213
nynorsk

Hardanger
1235

Voss kommune Voss

Vossavangen

000000000014577.000000000014 577

000000000001806.00000000001 806
nynorsk
Voss
1238

Kvam herad Kvam

Norheimsund

000000000008455.00000000008 455

000000000000617.0000000000617
nynorsk

Hardanger
1241

Fusa kommune Fusa

Eikelandsosen

000000000003920.00000000003 920

000000000000378.0000000000378
nynorsk

Midhordland
1242

Samnanger kommune Samnanger

Tysse

000000000002463.00000000002 463

000000000000269.0000000000269
nynorsk

Midhordland
1243

Os i Hordaland Os

Osøyro

000000000020573.000000000020 573

000000000000140.0000000000140
nynorsk

Midhordland
1244

Austevoll kommune Austevoll

Storebø

000000000005189.00000000005 189

000000000000117.0000000000117
nynorsk

Midhordland
1245

Sund kommune Sund

Skogsvåg

000000000007085.00000000007 085

000000000000100.0000000000100
nynorsk

Midhordland
1246

Fjell kommune Fjell

Straume

000000000025725.000000000025 725

000000000000148.0000000000148
nynorsk

Midhordland
1247

Askøy kommune Askøy

Kleppestø

000000000029071.000000000029 071

000000000000101.0000000000101
nøytral

Midhordland
1251

Vaksdal kommune Vaksdal

Dale

000000000004127.00000000004 127

000000000000716.0000000000716
nynorsk

Nordhordland
1252

Modalen kommune Modalen

Mo

000000000000380.0000000000380

000000000000412.0000000000412
nynorsk

Nordhordland
1253

Osterøy kommune Osterøy

Lonevåg

000000000008125.00000000008 125

000000000000255.0000000000255
nynorsk

Nordhordland
1256

Meland kommune Meland

Frekhaug

000000000008079.00000000008 079

000000000000093.000000000093
nynorsk

Nordhordland
1259

Øygarden kommune Øygarden

Tjeldstø

000000000004877.00000000004 877

000000000000067.000000000067
nynorsk

Midhordland
1260

Radøy kommune Radøy

Manger

000000000005129.00000000005 129

000000000000112.0000000000112
nynorsk

Nordhordland
1261

Lindås kommune Lindås

Knarvik

000000000015789.000000000015 789

000000000000476.0000000000476
nynorsk

Nordhordland
1264

Austrheim kommune Austrheim

Årås

000000000002902.00000000002 902

000000000000057.000000000057
nynorsk

Nordhordland
1265

Fedje kommune Fedje

Fedje

000000000000561.0000000000561

000000000000009.00000000009
nynorsk

Nordhordland
1266

Masfjorden kommune Masfjorden

Masfjordnes

000000000001730.00000000001 730

000000000000556.0000000000556
nynorsk

Nordhordland

Totalt

Hordaland våpen.svgHordaland

Bergen

000000000522539.0000000000522 539

000000000015440.000000000015 440
nynorsk

Hordaland


Sjå òg |


  • Historisk oversyn over kommunar i Hordaland


Litteratur |


  • Brekke, Nils Georg (red): Kulturhistorisk vegbok Hordaland, Bergen 1993. ISBN 82-7326-026-7

  • Helland-Hansen, William (red): Naturhistorisk vegbok Hordaland, Bergen 2004. ISBN 82-7326-061-5


Kjelder |





  • «Hordaland – fylke i Norge» i Store norske leksikon, snl.no.


  • «Hordaland – klima» i Store norske leksikon, snl.no.


Referansar |





Bakgrunnsstoff |


  • Hordaland fylkeskommune

  • Fylkesmannen i Hordaland

  • NRK Hordaland

  • Kulturnett Hordaland

  • Turistinformasjon for Hordaland






Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...