Douglas C-47 Skytrain
C-47 Skytrain C-53 Skytrooper  | |
| Informasjon | |
|---|---|
| Type | Militært transportfly  | 
| Produsentnamn | Douglas Aircraft Company  | 
| Designa av | Douglas Aircraft  | 
| Fyrste flyging | 23. desember 1941[1] | 
| Hovudbrukarar | United States Army Air Forces  | 
| Fleire brukarar | Royal Air Force United States Navy Sjå operatørar  | 
| Produserte fly | >10 000 | 
| Passasjerar | 28 soldatar eller 12,7 tonn last | 
| Mannskap | 3 | 
| Spesifikasjonar | |
| Lengd | 19,43 m m | 
| Høgd | 5,18 m m | 
| Vengespenn | 29,11 m m | 
| Vengeareal | 91,70 m² m² | 
| Masse utan last | 8 225 kg kg | 
| Motorar | 2 × Pratt & Whitney Twin Wasp R-1830-90C, 14-cylinder stjerne, 1 200 hk kvar | 
| Maksfart | 360 km/t km/t | 
| Marsjfart | 257 km/t (160 mph) km/t | 
| Marsjhøgd | 8 045 m m | 
| Rekkjevidd | 2 575 km km | 
| Klatrefart | 345 m/min. m/min | 
| C-47 Skytrain C-53 Skytrooper  | |
Douglas DC-3  | |
Douglas C-47 Skytrain eller Dakota (RAF-namn) er eit militært transport fly som vart utvikla frå ruteflyet Douglas DC-3. Det vart mykje nytta av dei allierte under andre verdskrigen og militære operasjonar gjennom 1950-åra. 
Innhaldsliste
1 Historie
2 Modellar
2.1 Variantar
3 Operatørar
4 Tilsvarande fly
5 Sjå òg
6 Kjelder
7 Bakgrunnsstoff
Historie | 
Under andre verdskrigen vart C-47 og modifiserte Douglas DC-3-arar brukt av dei allierte styrkane til transport av troppar, militært materiell og såra soldatar. Meir enn 10 000 fly vart produsert i Long Beach og Santa Monica i California og Oklahoma City i Oklahoma. C-47 spelte ei viktig rolle i mange av felttoga til USA, i Stillehavskrigen, ikkje minst dei som gjekk føre seg i jungelen i Ny-Guinea og under Burma-krigen der C-47 (og den maritime versjon, R4D) aleine gjorde det mogeleg for allierte troppar å slå den japanske styrken ved transport av mannskap og forsyningar, slepe glidefly og transport av fallskjermsoldatar. 
Under invasjonen i Normandie (Operasjon Overlord) vart C-47 og varianten C-53 Skytrooper, brukt av invasjonsstyrkane i store mengder til transport av fallskjermsoldatar og til å slepe glidefly som Airspeed Horsa.
Etter andre verdskrigen vart mange C-47 selde til sivile flyselskap. Ombygd til passasjerversjonen Douglas DC-3 Dakota vart flyet brukt på dei fleste vestlege nystarta ruter etter krigen. 
335 skvadron på Gardermoen hadde lenge ein C-47 som vart brukt til å fly Kong Olav V. Flyet hadde kjenningsbokstavane BW-K, som ble uttalt: Bravo Whiskey King (altså ikkje Kilo som vanlegvis vert nytta).
Modellar | 
C-47 var den opphavlege militære versjonen av DC-3.
Variantar | 
- C-47A
 - C-47B
 - C-47D
 
C-48 til C-52- C-53
 
Operatørar | 
A Royal Air Force Memorial Flight Dakota with open parachute door at Duxford, England, in 2008
  | 
  | 
  | 
  | 
Tilsvarande fly | 
C-46 Curtiss C-46 Commando
Sjå òg | 
- Douglas AC-47 Dragon Ship
 
Kjelder | 
Denne artikkelen bygger på «Douglas C-47 Skytrain» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juli 2013.- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
 
- Francillon, René (1979). McDonnell Douglas Aircraft Since 1920: Volume I. London: Putnam. ISBN 0-87021-428-4
 - Yenne, Bill (1985). McDonnell Douglas: A Tale of Two Giants. Greenwich, CT: Bison Books. ISBN 0-517-44287-6
 
↑ "C-47 Skytrain." Boeing. Retrieved: 1 August 2010.
↑ "Das Archiv der Deutschen Luftwaffe (in German)." LuftArchiv.de. Retrieved: 5 July 2010.
Bakgrunnsstoff | 
- The Assault Glider Trust