Messe i musikk


Messe (Missa) er ei musikkform der tekstene frå messa i den katolske gudstenesta ligg til grunn. Ved sidan av tekstane til den vanlege søndagsmessa (ordinarium) vert ofte dei skiftande tekstane gjennom kyrkjeåret (proprium) tonesett.


Sidan den evangelisk-lutherske liturgien har halde på søndagsmessa, ordinarium, finst det òg messekomposisjonar av Johann Sebastian Bach og mange andre ikkje katolske komponistar. Messer kan vere a cappella, dvs for den menneskelege stemme aleine, eller dei kan akkompagnerast av forskjellige instrument opp til eit fullt orkester.


Dei faste messeledda vart tidleg utarbeidde av ulike komponistar, av di dei støtt var sunge. Messeledda vart mest alltid framførde på latin og gresk, og sunge av liturgen eller av kyrkjekoret. Framvoksteren av messa heng nøye saman med framvoksteren av ein vestleg polyfoni.


Dei første gjennomkomponerte messene vart laga på 1300-talet. Før dette hadde komponistar gjerne utarbeidd einskilde ledd, helst Gloria-delen. Utover i dei følgjande hundreåra vart komponistar støtt bedne om å skrive ny musikk til messeledda, og slik vart messa ein kyrkjemusikalsk sjanger.


Dei tidlege messene vart ofte skrivne over ei kjend melodi, gjerne ein hymnetone frå dei gregorianske gradualene. Dei eldste variantane er kalla Cantus firmus-messer. Messa var bygd opp rundt ein fast Cantus firmus som var sett i ei einskild stemme. Seinare kunne komponistane arbeide og harmonisere ut melodien på ulike vis, og leggje han imitert i fleire av stemmene. Desse messene er oftast kalla parafrasemesser. Utover på 1500-talet vart det òg vanleg å nytte skrivne satsar, anten små fleirstemmige songar eller motettar som forelegg. Desse messene fekk namn etter den tona, songen eller motetten som var nytta, som kjennemerke. Typen er kalla parodimesse.


Fram til om lag 1600 var messene stort sett framførd utan tonefølgje. I barokken vart det meir vanleg å byggje ut messa med instrument, og dei ulike ledda vart delte opp etter eit meir opera-liknande prinsipp. Med tida vart ikkje messene av dette slaget gagnlege til bruk i gudstenesta sameleis som før, men dei stod fram som sjølvstendige musikalske verk. Ei av dei største som er skrivne av dette slaget er H-moll-messa av Johann Sebastian Bach, som knapt vart oppført medan han levde, og som varar i meir enn to timar.


Utover i romantikken vart messene større i takt med voksteren på orkesteret, men det vart òg mindre vanleg å komponere ny musikk til messeledda. Dei romantiske komponistane nytta meir tid på requiem-messa, som er ei særskild grein av messeliturgien.


I nyare tid vert det komponert ny musikk til einskilde ledd, til nytte i gudstenesta, som i eldre tid. Musikken som er mest nytta i den norske gudstenesta er skriven av Egil Hovland og Trond Kverno.



Viktige messekomponistar med nokre komposisjonar |



  • Giovanni Pierluigi da Palestrina: Missa papae Marcelli


  • Orlando di Lasso: Missa super Bell amfirit altera


  • Guillaume de Machaut: Messe de nostre dame


  • Guillaume Dufay: Missa Sancti Jacobi


  • Josquin Des Prez: Missa Ave maris stella


  • Hans Leo Hassler: Missa Ecce quam bonum


  • Heinrich Ignaz Franz Biber: Missa Salisburgensis


  • Johann Sebastian Bach: h-moll-messa, Lutherske messer


  • Jan Dismas Zelenka: Missa votiva


  • Joseph Haydn: Paukenmesse


  • Michael Haydn: Missa Sancti Hieronymi


  • Antonio Salieri: Messe D-Dur «Kaisermesse» (1788)


  • Wolfgang Amadeus Mozart: Große Messe i c-Moll


  • Ludwig van Beethoven: Missa Solemnis


  • Franz Schubert: Deutsche Messe


  • Luigi Cherubini: Missa solemnis in F-Dur «Di Chimay» (1809)


  • Gioacchino Rossini: Petite Messe solennelle


  • Johann Nepomuk Hummel: Große Messe (op.80)


  • Anton Bruckner: Missa solemnis B-Dur (WAB 29)


Bakgrunnsstoff |



  • Global chant database - Den største databasen på nett med messemelodiar og tekstar


Kjelder |



  • Delar av denne artikkelen bygger på «Messe (musikk)» frå Wikipedia på bokmål, den 4. april 2010.


  • Gads Musikhistorie, København.

Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?