Ingolstadt
Ingolstadt | |
|---|---|
Byvåpen | Plassering |
| Styresmakter | |
| Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis | Bayern Oberbayern Kreisfri by |
| Først nemnd i | 806 |
| Geografi | |
| Flatevidd - By | 133,35 km² |
| Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik | 122 448 918/km² |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Høgd over havet | 374 m |
| Tidssone - Ved sommartid | CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
| Diverse annan informasjon | |
| Postnummer | 85049-85057 |
| Telefon-retningsnummer | 0841, 08450 |
| Bilnummer | IN |
Heimeside: www.ingolstadt.de | |
Ingolstadt er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 120 000 innbyggjarar. Han ligg ved breidda av Donau og er den sjette største byen i delstaten.
Hovudkvarteret til den tyske bilfabrikanten Audi ligg i Ingolstadt, i tillegg til hovudkvartert til elektronikkjedane MediaMarkt og Saturn. Ingolstadt har vore forbunde til Nürnberg via ein høgsnøkkleiksjarnbane sidan mai 2006.
Ingolstadt er nemnd i romanen Frankenstein av Mary Shelley, og er fødestaden til monsteret som forskaren Victor Frankenstein lagar.
Historie |
Ingolstadt vart først nemnd i eit dokument av Karl den store frå 6. februar 806 som «Ingoldes stat», «staden til Ingold». Ingolstadt fekk byrettar omkring 1250.
Ingolstadt var hovudstad i hertugdømet Bayern-Ingolstadt mellom 1392 og 1447 før han vart ein del av Bayern-Landshut. Ludvig VII av Bayern gav ordre om å byggje Neues Schloss, som var kraftig påverka av fransk gotikk.
I 1472 grunnla Ludvig IX av Bayern Ludwig-Maximilians-Universität i Ingolstadt, som vart flytta til Landshut i 1800 og til slutt til München.
30. april 1632 døydde den tyske feltmarskalken Johann Tserclaes av Tilly i Ingolstadt, under den svenske omleiringa. Feltmarskalken vart hardt skadd under eit tidlegare møte med svenskane under kong Gustav Adolf. Ingolstadt var den første festninga i Tyskland som motstod den svenske omleiringa, og svenskane trekte seg til slutt tilbake.
Hesten til Gustav Adolf står på eit museum i byen. Hesten døydde etter å ha vorte råka av kanoneld frå festninga. Kanonen vart på den tida kalla «Fikenen». Då svenskane trekte seg tilbake, tok innbyggjarane vare på hesten og stilte han ut, og i dag, 400 år seinare, står han framleis i byen.
Ingolstadt var ein festningsby og er omringa av ein bymur frå mellomalderen. Under den første verdskrigen sat den framtidige franske presidenten Charles de Gaulle som krigsfange i byen.
Ingolstadt var byen der Vilhelm IV av Bayern skreiv og signerte den bayerske Reinheitsgebot i 1516, den eldste matlova som framleis er i bruk.
Bakgrunnsstoff |
Kjelder |
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Ingolstadt frå Engelsk Wikipedia .
Donau | |
|---|---|
| Land | Tyskland · Austerrike · Slovakia · Ungarn · Kroatia · Serbia · Romania · Bulgaria · Ukraina · Moldova |
| Byar | Donaueschingen · Ulm · Ingolstadt · Regensburg · Passau · Linz · Wien · Bratislava · Győr · Komárno · Esztergom · Budapest · Baja · Vukovar · Ilok · Bačka Palanka · Novi Sad · Beograd · Smederevo · Drobeta-Turnu Severin · Vidin · Ruse · Brăila · Galaţi · Tulcea |
| Sideelvar | Iller · Lech · Regen · Isar · Inn · Enns · Morava · Rába · Váh · Hron · Ipeľ · Drava · Tisza · Sava · Timiş · Velika Morava · Jiu · Iskar · Olt · Osam · Jantra · Vedea · Argeş · Ialomiţa · Siret · Prut |
|