Bantuspråk


Bantuspråk er ei undergruppe av niger-kongo-språka, som blir snakka i Aust- og sørlege Afrika. Det finst fleire hundre bantuspråk, kor mange er ikkje lett å seie, i og med at skiljet mellom språk og dialekt er vanskeleg å dra.




Innhaldsliste





  • 1 Geografisk område


  • 2 Viktige bantuspråk


  • 3 Grammatikk

    • 3.1 Fonologi


    • 3.2 Morfologi



  • 4 Språkhistorie


  • 5 Forskingshistorie


  • 6 Inndeling etter Guthrie-nummer


  • 7 Bakgrunnsstoff

    • 7.1 Litteratur





Geografisk område |


Viktige land med bantutalarar er mellom anna (dei sørlege delane av) Kameruns, Gabon, Kongo, Uganda, Rwanda, Burundi, Kenya, Tanzania, Angola, Zambia, Malawi, Mosambique, Namibia, Botswana og Sør-Afrika.



Viktige bantuspråk |


Det viktigaste bantuspråket er swahili. Sjølv om det ikkje har meir enn rundt 6 millionar talarar, er det lingua franca i store delar av Aust-Afrika, og det er offisielt språk i Kenya og Tanzania. Eit anna bantuspråk som har status som lingua franca ier lingala, som blir brukt som handelsspråk i Kongobekkenet. Zulu og xhosa er viktige språk i Sør-Afrika.



Grammatikk |



Fonologi |


Dei fleste bantuspråka er tonespråk, men ikkje alle er det. Swahili har ikkje tone, kanskje på grunn av at det har vore sterkt påverka av arabisk.



Morfologi |


Bantuspråka er morfologisk sett relativt like, dei er agglutinerande språk som i hovudsak har prefiks. Særleg verbbøyinga er godt utbygd, eit verb kan ha opp til femten prefiks (og eitt eller to suffiks]]. Affiksa er inndelt i klassar, slik at nokre av suffiksa står i komplementær distribusjon, og desse affiksklassene kjem i ei bestemt rekkjefølgje i ordforma. Verba kongruerer både med subjekt og objekt i tal og person, og i tillegg blir dei bøygd både i tempus, modus og negasjon. Eit døme på det siste er den kjende swahilifrasen hakuna matata «ingen problem», der ha- er eit negasjonsprefiks, og -kuna er hjelpeverbet «å vere».


Substantiva blir delt inn i klasser etter eit system tilsvarande genus i norsk, og verb og adjektiv kongruerer med substantiva i klasser.



Språkhistorie |


Bantu sine slektspråk ligg i Vest-Afrika, dei fleste nord for ekvator. Bantuspråka er resultat av ei folkevandring av hovudsakleg kvegbønder i løpet av dei siste 1500 åra. Jf. kart over bantu-ekspansjonen.





Forskingshistorie |


Grunnlaget for den vitskaplege utforskinga av bantuspråka vart lagt på 1800-talet, av tyske forskarar innanfor det junggrammatiske paradigmet. Målet for desse forskarane var å avdekke den historiske prosessen som hadde ført fram til dagens bantuspråk. Wilhelm Bleek var den første som skildra nominalklassesystemet til bantuspråka. Carl Meinhof utarbeidde den første samanliknande grammatikken over bantuspråka.


Etter første verdskrigen mista Tyskland dei afrikanske koloniane sine, og meir av bantuforskinga vart utført av britar. Bantulogen M. Guthrie har rekonstruert ur-bantu, og han har også laga eit klassifiseringsspråk over bantuspråk.



Inndeling etter Guthrie-nummer |


Bantulogar refererer til bantuspråk med det såkalla Guthrie-nummeret. Vanlegvis blir språkfamiliar ordna genetisk i grupper slik at dei språka som har felles urspråk kjem i same gruppe. For bantuspråka har det vist seg å vere vanskeleg å setje opp ein genetisk definert indre struktur. I staden sette bantulogen M. Guthrie opp eit system der han delte opp det bantuspråklege området inn i femten soner, A, B, C, D, E, F, G, H, K, L, M, N, P, R, S, kvar sone med omtrent like stor språkleg variasjon. Sonene er geografisk bestemt, slik at språk som ligg attmed kvarandre kjem i same sone. Jf. Guthrie sitt kart i referanselista nedanfor. Seinare har særleg belgiske bantulogar argumentert for ein sekstande sone, J, som består av ein del språk frå sonene D og E (språka J = D40, D50, D60, E10, E20, E30). Her er ei liste over bantustpråkgrupper ordna etter Guthrie-nummer.


  1. Sone A (Sør-Kamerun & nord-Gabon)

  2. Sone B (Sør-Gabon & vest-Kongo-B)

  3. Sone C (Nordvest, nord- & Sentral-Kongo)

  4. Sone D (Nordaust, aust-Kongo-K & Rwanda-Burundi)

  5. Sone E (Sør-Uganda, Sørvest-Kenya & nordvest- Tanzania)

  6. Sone F (Nord- & Vest-Tanzania)

  7. Sone G (Sentral-, aust Tanzania & swahilikysten)

  8. Sone H (Sørvest-Kongo-B & Nord-Angola)

  9. Sone J (Kombinert D/E-klasse)

  10. Sone K (Aust-Angola & Vest-Zambia)

  11. Sone L (Sør-Kongo-K & Vest-, Sentral-Zambia)

  12. Sone M (Aust-, Sentral-Zambia, Sørvest-Tanzania & Søraust-Kongo-K)

  13. Sone N (Malawi, Sentrale Mosambik & Søraust-Zambia)

  14. Sone P (Sør-Tanzania & Nord-Mosambik)

  15. Sone R (Sørvest-Angola & Nordvest-Namibia)

  16. Sone S (Zimbabwe, Sør-Mosambik & aust i Sør-Africa)


Bakgrunnsstoff |


  • Guthrie si liste over bantuspråk

  • Guthrie sitt kart over soner for bantuspråk


Litteratur |


  • Bryan, M. A. ed. 1959: The Bantu Languages of Africa

  • Guthrie, M 1948 (1967):, The Classification of the Bantu Languages (1948, repr. 1967)

  • Guthrie, M 1967–71: Comparative Bantu (4 vol).





Bantuspråk

Sone A | Sone B | Sone C | Sone D | Sone E | Sone F | Sone G | Sone H

Sone J | Sone K | Sone L | Sone M | Sone N | Sone P | Sone R | Sone S


Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?