Aksel Sandemose













Aksel Sandemose

Aksel Sandemose 1934.jpg

Fødd
19. mars 1899
Nykøbing Mors
Død

6. august 1965
København


Yrke
skribent
Sjanger
roman
Born
Bjarne Sandemose, Jørgen Sandemose

Aksel Sandemose på Commons

Aksel Sandemose (19. mars 1899–6. august 1965), som opphavleg heitte Axel Nielsen, var ein dansk skjønnlitterær forfattar som flytta til Noreg og skreiv mesteparten av bøkene på riksmål, og vert difor rekna som norsk forfattar. Han er mellom anna kjent for at han i romanen En flyktning krysser sitt spor formulerte den såkalla jantelova som gjer greie for dei krava til sjølvutsletting som eit trongsynt lokalsamfunn legg på individa i form av at «Du skal ikkje tro du er noko....».


Aksel Sandemose var fødd i den vesle byen Nykøbing Mors på den austlege parten av øya Mors i Limfjorden i Jylland, og oppveksten her, saman med minna frå tida som sjømann i ungdomsåra, gav stoff til mykje av forfattarskapen hans. I romanane sine freistar han å gje forklaringar på kvifor menneska gjer det dei gjer, og ein finn ofte sjølvbiografiske drag i forfattarskapen. Men han var òg ein meister i hylle si eiga fortid inn i eit mytisk slør som gjer det uklårt kva som var sanninga om hans eige liv.


Sandemose hadde norsk mor som kom frå Sandermosen i Maridalen, i det som då var Aker kommune (no Oslo), og var reist til Jylland som tenestejente, og han endra etternamnet sitt frå Nielsen til Sandemose i 1921. Han og Dagmar Ditlevsen frå Nykøbing Mors gifta seg i 1921 og fekk tre born, tvillingdøtre og ein son. Familien flytta til Noreg i mai 1930, og dei vart buande på Nesodden i nærleiken av Oslo fram til 1941, då han måtte flykte til Sverige etter å ha teke del i motstandskampen mot den tyske okkupasjonsmakta under den andre verdskrigen. Medan har var i Sverige utgav han eit av dei meste vesentlege verka sine, romanen Det gångna är en dröm. Papper, efterlämnade av norskamerikanen John Torson till hans son i Norge, 1939–1944 (Stockholm 1944), som kom ut på norsk i 1946 med tittelen Det svundne er en drøm.


I 1944 hadde han skilt seg frå Dagmar, og gifta seg med den norske bibliotekaren Eva Borgen. Etter krigen slo ekteparet seg ned på småbruket Kjørkelvik i Søndeled ved Risør med tvillingsønane sine, men Sandemose drog derfrå etter å ha mista kona si og eine sonen. Han hadde vore enkemann eit par år før han gifta seg opp att med den danske skodespelarinna Hanne Holbek 1962, og dei flytta til Oslo og budde der fram til Sandemose døydde i København i 1965 etter å ha vore mykje sjuk og ha levd eit utagerande liv.


Aksel Sandemoses son Jørgen Sandemose (fødd 1945) vakte i 2002 stor merksemd med boka Flyktningen. Aksel Sandemose - en biografi, nytt opplag i 2004 med somme rettingar, som var eit krast oppgjer med faren.



Utmerkingar |



  • Gyldendals legat 1948


  • Doblougprisen 1959

  • Nominert til Nordisk Råds litteraturpris 1963 for Felicias bryllup


Verk |


  • 1923 Fortællinger fra Labrador

  • 1927 Klabavtermanden

  • 1928 Ross Dane

  • 1931 En sjømann går i land

  • 1933 En flyktning krysser sitt spor (som inneheld den kjende Janteloven)

  • 1936 Vi pynter oss med horn

  • 1945 Tjærehandleren

  • 1946 Det svundne er en drøm, omstjing av Det gångna är en dröm. Papper, efterlämnade av norskamerikanen John Torson till hans son i Norge, 1939–1944, Stockholm 1944

  • 1949 Alice Atkinson og hennes elskere

  • 1950 Eventyret fra kong Rhascall den syttendes tid om en palmegrønn øy

  • 1958 Varulven

  • 1960 Murene rundt Jeriko

  • 1961 Felicias bryllup

  • 1963 Mytteriet på barken Zuidersee

I tillegg kjem eit stort tal essay og artiklar.



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aksel Sandemose


  • Sandemose, Jørgen. 2006. Flyktningen : Aksel Sandemose - en biografi. Oslo: Aschehoug. ISBN 978-82-03-19111-4 : ISBN 82-03-19111-8

  • Haavardsholm, Espen. 1999. Mannen fra Jante : et portrett av Aksel Sandemose . [Oslo]:Gyldendal. ISBN 82-05-26703-0

  • Haavardsholm, Espen. 1999. Misery harbour : filmen og bøkene om Espen Arnakke, eit utval ved Espen Haavardsholm; fotografi ved Rolf Konow. Oslo: Aschehoug. ISBN 82-03-18188-0

  • Haavardsholm, Espen. Aksel Sandemose : et forfatterhefte. Oslo 1999: Biblioteksentralen. (Inneheld eit forfattarportrett skrive av Espen Haavardsholmitteratur og anna litteratur om Aksel Sandemose og hans forfattarskap, sju forfattaromtalar frå norske aviser og 25 bokmeldingar frå norske aviser)

  • Hareide, Jorunn. [biletredaktør: Åsta Brenna]. 1999. Diktning som skjebne : Aksel Sandemose . Oslo: Aschehoug. ISBN 82-03-18129-5 (Utgjeve i høve av 100-årsjubileet for Aksel Sandemoses fødsel)

  • Andersen, Jens. 1998. Vildmanden : Sandemose og animalismen i mellemkrigstidens litteratur . København: Gyldendal. ISBN 87-00-37204-8

  • Nilsson, Thaly (redaktør). 1998. Nytt lys på Aksel Sandemose : ti artikler. Oslo: Aschehoug. ISBN 82-03-17967-3 (Dei fleste bidraga stammer frå eit seminar som gjekk føre seg på Öland i 1995)


Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?