Middlesbrough





















Middlesbrough



Middlesbrough rådhus
Middlesbrough rådhus
Kallenamn
«Boro (i dag),
Ironopolis (tidlggare)
»
Plassering




Middlesbrough is located in









Styresmakter
Land

Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia

Konstituerande land

Flag of England.svg England

Grevskap

North Yorkshire
Distrikt

Sameint styresmakt
Grunnlagd
1830
Borgarmeister
Ray Mallon
Geografi
Flatevidd
 - By


53,88 km²
Innbyggjarar
 - By (2008)
   - folketettleik


139 000
  2 579,8 /km²
Koordinatar

54°34′26″N 1°14′0″WKoordinatar: 54°34′26″N 1°14′0″W
Diverse annan informasjon

Nettstad: www.middlesbrough.gov.uk



Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Middlesbrough


Middlesbrough er ein by og ei sameint styresmakt i North Yorkshire i England. Sjølve byen har eit innbyggjartal på i underkant av 140 000 (2003), men med dei omkringliggande byane Normanby, Ormesby, Grangetown og South Bank kjem det opp i noko over 175 000. Han utgjer vidare ein del av Teesside, eit samanhengande urbant område med nesten 400 000 innbyggjarar.


I 1974 vart byen ein del av det nye grevskapet Cleveland. Dette vart oppløyst i 1996, og Middlesbrough vart ei sameint styresmakt innanfor det seremonielle grevskapet North Yorkshire. Distriktet er eit av dei få i England som blir leia av ein direktevalt borgarmeister.


Middlesbrough ligg på sørbreidda av Tees, rett utanfor North York Moors nasjonalpark. Yorkshire Dales er òg kort veg unna.



Historie |


Middlesbrough er ein ung by. I 1801 bestod bygningsmassen der av fire gardsbygningar, men i løpet av 1800-talet hadde han ein vekst som er eineståande i britisk samanheng. Dette skuldast at det vart lagt store jernverk, kjemiske fabrikkar og skipsverft der. Verdsprisen for stål og jarn vart i mange år sett i Teesside. Sydney Harbour Bridge er designa og bygd av Durman Long frå Middlesbrough og har «Made in Middlesbrough» skrive på sidan.


Joseph Pease frå Darlington sette i gang veksten då han såg at byen eigna seg som hamn for utskiping av kol frå det nordaustlege England. Det store spranget kom då ein fann jernmalm i Cleveland Hills i 1850. Dette vart oppdaga av Henry Bolckow og John Vaughan, som i 1841 hadde opna eit jernverk i byen. Bolckow vart borgarmeister i 1853 og den første representanten til byen til parlamentet.


Bell Brothers starta eit stort jernverk på breidda av Tees 1853, og stålpoduksjon starta ved Port Clarence i 1889. Dei starta òg med saltproduksjon etter at saltførekomstar vart funnen i 1874. På det tidspunktet hadde selskapet heile 6000 tilsette. Isaac Lowthian Bell vart den første presidenten for Iron and Steel Institute, og var overborgarmeister for Newcastle upon Tyne 1854–1855 og igjen 1862–1863.



Attraksjonar og kultur |


Middlesbrough har naturleg nok ingen spesielt gamle bygningar, og byen ber preg av å vere bygd opp omkring industri. Det nye rådhuset er ein imponerande bygning, og det gamle rådhuset frå 1864 er òg eit flott bygg.


Little Theatre var det første nye teatret som vart bygd i England etter andre verdskrigen.


Byen har den einaste offentleg utstilte skulpturen i Storbritannia av den amerikanske kunstnaren Claes Oldenburg. Han er ei flaskeforma skulptur reist til ære for kaptein James Cook. Cook har òg fått eit kjøpesenter i Middlesbrough kalla opp etter seg, Captain Cook Square. Ein modell av Cooks skip, «Endeavour», heng i taket i kjøpesentret Cleveland center.


Dorman Longs kontor i Zetland Street er den einaste kommersielle bygningen som er designa av Philip Webb.


Transporter Bridge frå 1911 går over Tees inne i byen. Han er den største brua av slaget sitt, med ei lengd på 259 m og ei høgd på 68,5 m.


Fotballklubben Middlesbrough FC spelar i Football League Championship og har heimebana si på Riverside Stadium.


Pop-artisten Chris Rea er fødd og oppvaksen i Middlesbrough.


Det katolske Middlesbrough bispedøme har setet sitt i byen, med katedralen St. Maria.



Bakgrunnsstoff |



  • Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Middlesbrough frå Wikivoyage

  • This is Middlesbrough

  • Offisiell heimeside

  • Offisiell turistguide


Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?