The Lamb Lies Down on Broadway




















The Lamb Lies Down on Broadway
Studioalbum av Genesis


Utgjeve
18. november 1974

Innspelt
august–oktober 1974 i Island Mobile Studios i Wales

Sjanger

Progressiv rock

Lengd
94:22

Selskap

Charisma, Atco

Produsent

John Burns, Genesis
Kritikk


  • Allmusic 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[1]


  • BBC Music (særs positiv)[2]


  • Robert Christgau B−[3]


  • The Rolling Stone Album Guide 4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[4]


Genesis-kronologi

Selling England by the Pound
(1973)

The Lamb Lies Down on Broadway

A Trick of the Tail
(1976)



The Lamb Lies Down on Broadway er eit dobbelt konseptalbum spelt inn og gjeve ut i 1974 av det britiske rockebandet Genesis. Det vart det sjette studioalbumet til gruppa og det siste med songaren Peter Gabriel.




Innhaldsliste





  • 1 Soge


  • 2 Bakgrunn


  • 3 Utgjeving


  • 4 Mottaking


  • 5 Innhald


  • 6 Medverkande


  • 7 Lister


  • 8 Salstrofé


  • 9 Kjelder


  • 10 Bakgrunnsstoff




Soge |


Albumet fortel ei surrealistisk soge om ein halvt puertoricansk ungdomsforbrytar kalla Rael som bur i New York City, og som vert feia under jorda og møter mange bisarre skapningar og marerittaktige farar for å redde broren John.[5] Fleire av episodane og stadane i soga kom frå draumane til Gabriel, og namnet til hovudpersonen er ei etterlikning av etternamnet hans. I dokumentaren «Genesis: A History» frå 1991 seier Phil Collins at albumet handlar om delt personlegdom. I denne samanhengen trur Rael at han leitar etter John, medan han i røynda leiter enn den andre delen av seg sjølv. Dei individuelle songane har mange satiriske allusjonar til mytologi, den seksuelle revolusjonen, marknadsføring og konsumerisme. Tittelsporet, «The Carpet Crawlers» og «In the Cage» vart spelt mykje på konsertane til bandet. Både «In the Cage» og «The Carpet Crawlers» var på Turn it On Again: The Tour i 2007, med «The Carpet Crawlers» som avslutningsnummer.



Bakgrunn |


Peter Gabriel var ikkje med under skrivinga av musikken og øvingane til albumet på grunn av personlege problem. Kona hans hadde vanskar med det første svangerskapet sitt.[6] Musikken vart derfor i hovudsak skriven av Tony Banks, Phil Collins og Mike Rutherford, med nokre bidrag frå Steve Hackett og først så godt som ingenting frå Gabriel. Gabriel insisterte derimot på å skrive soga og heile teksten sjølv, noko som skapte noko uro, særleg fordi Rutherford opphavleg hadde foreslått eit anna prosjekt for bandet, eit album basert på Antoine de Saint Exupéry sin Den lille prinsen. Banks og Rutherford skreiv nokre tekstar for «The Light Dies Down on Broadway», sidan Gabriel ikkje kom med noko sjølv mellom «Ravine» og «Riding the Scree». I tillegg då Gabriel sette tekst til eit stykke skrive av eit anna bandmedlem (som på Banks sin «The Lamia» og Hackett sin «Here Comes the Supernatural Anaesthetist») endra dei stundom teksten slik at det betre høvde med musikken, noko Gabriel mislikte sterkt.


«Fly on a Windshield» kom opphavleg til som ein improvisasjon av bandet, etter ein idé som bassist/gitarist Mike Rutherford hadde. Klaverspelar Tony Banks sa, «Me brukte mange stemningar på albumet, og stundom var det ikkje noko meir enn improvisasjonar over ein idé. Til dømes kunne Mike sei 'Faraoar reiser ned Nilen', og så starta han å spele to akkordar som resten av oss hang seg med på i den særskilde stemninga. Akkurat denne enda opp på albumet som 'Fly On A Windshield'».[7]


Den dåverande kona til Gabriel, Jill, har sagt at Gabriel skreiv hovudmelodien til «The Carpet Crawlers», noko han var særskild stolt av.[8] Songar som «Anyway» og «Lilywhite Lilith» vart utvikla frå tidlegare unytta songar frå 1969.


Under førproduksjonen av albumet vart Gabriel kontakta av filmskapar William Friedkin (som på denne tida hadde stor suksess med Exorcisten), om eit mogeleg filmprosjekt etter at Friedkin las novella til Gabriel på omslaget til Genesis Live.[5] Trass i at bandet meinte at han ikkje burde gjere dette, forlet Gabriel dei for å arbeide på eit manus. Prosjektet vart derimot ikkje noko av. Friedkin arbeidde i staden med Tangerine Dream for den neste filmen sin Sorcerer), og Gabriel drog attende til bandet.



Utgjeving |


The Lamb Lies Down on Broadway nådde 10. plass i Storbritannia og 41. plass i USA og selde etter kvart til gullplate der, men fekk stort sett blanda kritikk. Då det kom ut drog Genesis på verdsturné og spelte albumet frå start til slutt 102 gonger. Lamb-turneen skulle starte 29. oktober 1974, men på grunn av ein skade i handa til Steve Hackett, vart turneen utsett til 12. november.[8] Den første konserten var i Auditorium Theatre i Chicago i Illinois den 20. november 1974. Den siste konserten under turneen var 22. mai 1975 i Palais des Sports i Besançon i Frankrike. Tidleg i turneen hadde Gabriel avgjort å slutte i bandet, men gjorde ferdig turneen og annonserte offentleg at han slutta i august 1975.


Peter Gabriel nytta, som på tidlegare turnear, mange masker og kostyme. I tillegg vart det nytta tre skjermar bak bandet som synte gangen i soga. Turneen var prega av fleire spinal tap-augneblink. Skjermane fungerte sjeldan som dei skulle gjennom heile konsertane, berre fire eller fem konsertar gjekk utan noko feil. Gabriel hadde ofte vanskar med å høyrast gjennom kostyma sine, særleg kostymet Slipperman. Under ei framføring av «It» på ein konsert i Oslo, førte feilen til ein regissør til ein kraftig eksplosjon så heile bandet stoppa å spele i frykt for tryggleiken sin.


Ingen av konsertane vart filma i sin heilskap, men fleire mindre bitar vart filma. 5.1 DVD-utgåva av The Lamb kom ut i november 2008 med ein visuell «rekonstruksjon» av konserten, der dei originale bakgrunnsfilmane frå konserten vart nytta i lag med piratkopiar og bilete.


I 2004 snakka Genesis om å kome saman att for ein kort turné med «The Lamb Lies Down On Broadway». Gabriel trekte seg derimot til slutt på grunn av soloarbeidet sitt.



Mottaking |


I Q & Mojo Classic Special Edition Pink Floyd & The Story of Prog Rock, var albumet på 14. plass på lista over «40 Cosmic Rock Albums».[9]


Albumet kom på 9. plass på lista til Uncut over dei «10 beste konseptalbuma», der det vart skildra som eit «impressjonistisk og intenst album» og «reint teater (på ein god måte) og framleis det beste verket til Gabriel.»».[10]


Dei lange tekstane og den komplekse musikken er tema for ei bok[11] skriven av Kevin Holm-Hudson, ein musikkprofessorar. Holm-Hudson skriv «...The Lamb stig fram som eit av dei rikaste kreative verka i 1970-åra».



Innhald |


  • Atco endra to songtitlar for den amerikanske utgjevinga: «The Carpet Crawl» til «The Carpet Crawlers» og «Here Comes The Supernatural Anaesthetist» til «The Supernatural Anaesthetist"


Alle songar er skrivne av Tony Banks, Phil Collins, Peter Gabriel, Steve Hackett og Mike Rutherford.. 

























Side ein
# Tittel Lengd
1. «The Lamb Lies Down on Broadway»   4:55
2. «Fly on a Windshield»   2:47
3. «Broadway Melody of 1974»   2:11
4. «Cuckoo Cocoon»   2:14
5. «In the Cage»   8:15
6. «The Grand Parade of Lifeless Packaging»   2:45





















Side to
# Tittel Lengd
1. «Back in N.Y.C.»   5:49
2. «Hairless Heart»   2:13
3. «Counting Out Time»   3:45
4. «The Carpet Crawlers»   5:16
5. «The Chamber of 32 Doors»   5:44
























Side tre
# Tittel Lengd
1. «Lilywhite Lilith»   2:40
2. «The Waiting Room»   5:28
3. «Anyway»   3:18
4. «Here Comes the Supernatural Anaesthetist»   2:50
5. «The Lamia»   6:57
6. «Silent Sorrow in Empty Boats»   3:06
























Side fire
# Tittel Lengd
1. «The Colony of Slippermen»   8:14
2. «Ravine»   2:05
3. «The Light Dies Down on Broadway»   3:32
4. «Riding the Scree»   3:56
5. «In the Rapids»   2:24
6. «It.»   4:58


Medverkande |



  • Mike Rutherford – bass, 12-strengsgitar, basspedalar


  • Phil Collins – trommer, perkusjon, vibrafon, korvokal


  • Steve Hackett – gitar


  • Tony Banks – klaverinstrument, piano


  • Peter Gabriel – vokal, fløyte, obo

Andre medverkande

  • Brian Eno – enossification (handsamingar)


Lister |










År
Liste
Plassering
1974
UK album chart
10
Billboard Pop Albums
41


Salstrofé |














Organisasjon
Nivå
Dato

BPI – UK
Gold
1 February 1975

CRIA – Canada
Gold
1. mai 1978

RIAA – USA
Gold
20 April 1990


Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «The Lamb Lies Down on Broadway» frå Wikipedia på engelsk, den 30. september 2012.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


  1. Erlewine, Stephen Thomas (2011 [last update]). «The Lamb Lies Down on Broadway – Genesis | AllMusic». allmusic.com. Henta 24. september 2012. 


  2. Easlea, Daryl (23 April 2007). «BBC – Music – Review of Genesis – The Lamb Lies Down On Broadway». BBC. Henta 24. september 2012. 


  3. Christgau, Robert (2011 [last update]). «Robert Christgau: Album: Genesis: The Lamb Lies Down on Broadway». robertchristgau.com. Henta 24. september 2012. 


  4. Nathan Brackett; Christian David Hoard (2004). The new Rolling Stone album guide. New York: Simon & Schuster. s. 327. ISBN 978-0-7432-0169-8. 


  5. 5,05,1 Daryl Easlea (23 April 2007). «Classic Pop/Rock Review – Genesis, The Lamb Lies Down on Broadway». BBC. Arkivert frå originalen 13 June 2007. Henta 30. september 2012. 


  6. Genesis: A History. VHS Polygram Music Video (PMV), 082 769–3, VHS Virgin Video, 1991.


  7. The Book of Genesis by Hugh Fielder, published 1984


  8. 8,08,1 "Peter Gabriel: An Authorized Biography by Spence Bright, 1988, pub. 1989 by Headline Book Publishing PLC, ISBN 0-7472-3231-8».


  9. Q Classic: Pink Floyd & The Story of Prog Rock, 2005.


  10. Uncut, mai 2007, Issue 120.


  11. Genesis and the Lamb Lies Down on Broadway, Kevin Holm-Hudson. Ashgate, 2008. ISBN 978-0-7546-6139-9.






Bakgrunnsstoff |


  • The Lamb Lies Down on Broadway – Complete Story by Peter Gabriel and Album Links


  • The Annotated Lamb Lies Down on Broadway – Ei tolking av The Lamb Lies Down on Broadway


  • The Lamb Lies Down on Broadway på Allmusic










Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?