Parulaer













Parulaer



Brunparula, Limnothlypis swainsonii Illustrasjon av Louis Agassiz Fuertes, 1907, Public domain
Brunparula, Limnothlypis swainsonii
Illustrasjon av Louis Agassiz Fuertes, 1907, Public domain



Systematikk

Rike:

Animalia

Rekkje:

Chordata

Klasse:

Aves

Orden:

Passeriformes

Familie:
Parulidae

Parulaer er ein familie Parulidae av små, ofte fargerike sporvefuglar, ordenen passeriformes, med distribusjon avgrensa til Amerika.


Dei fleste av dei over 115 artane i familien lever i tre, men artane i slekta Seiurus, omnparula, vassparula og straumparula, har eit levevis knytt til vatn og mark. Nesten alle er insektetarar.


Alle parulaer er relativt små fuglar. Den minste arten er mesquiteparula, Vermivora luciae, på om lag 6,5 gram og 10,6 cm.


Artane i familien som er trekkfuglar har tendens til å legge største kull av egg, vanlegvis opptil seks egg. Store kull kan vere eit middel til å kompensere for farar som individa utsett seg for under trekka. I kontrast er to egg i kullet typisk for mange tropiske artar, ettersom ungane hos desse artane kan få betre omsorg, og dei vaksne har større sjansar for fleire kull og større reproduksjon.


Det er sannsynleg at parulaer har opphavet i det nordlege Sentral-Amerika, der ein framleis finn størst mangfald av arter og største populasjonar. Derifrå har dei spreidd seg nordover i løpet av interglasialperiodane, hovudsakleg som migrantar som returnerte til forfedrane sitt område om vinteren. To slekter, Myioborus, kvitstjertar, og Basileuterus synast å ha kolonisert Sør-Amerika tidleg, kanskje før dei to kontinenta blei kopla saman, og gav veg til dei fleste artar av songfuglar til regionen. Om lag tredve artar av parulaer har vore observert som sporadiske streiffuglar i Europa,[1] av desse ein i Noreg, myrteparula (Setophaga coronata) på Utsira i 1996.[2]


Hos mange trekkfuglartar i familien, spesielt dei som hekkar lengst nord, utviklar hannane ein karakteristisk hekkedrakt i hekkesesongen, ettersom hannar markerer seg for å gjenvinne territoriet og å vise seg fram for moglege makar kvart år. Denne tendensen er spesielt markant i den store slekta Setophaga. Derimot syner standfuglane, som dannar par for livet, liten eller ingen kjønnsdimorfisme.


Eit unnatak er dei tre artane i Seiurus. Dei er trekkfuglar, men samstundes har dei identisk fjørdrakt for begge kjønn. Eit anna unnatak er dei tropiske gulstrupane, Geothlypis, som er standfuglar, men òg kjønnsdimorfe.


Det vitskapelege namnet for familien, Parulidae, stammar frå det faktum at Linné i 1758 namnsette stryparula som ei meis, Parus americanus. Slektsnamnet vart først endra til Parulus og seinare til Parula, som har gjeve namn til heile familien.



Artsliste |





Flodparula, Myiothlypis rivularis
Foto: Dario Sanches






Gulbukparula, Myiothlypis flaveola
Foto: Dario Sanches






Nordgulstrupe, Geothlypis trichas
Foto: Dan Pancamo



Parulaer i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]



Slekt Seiurus



  • Omnparula, Seiurus aurocapilla, Ovenbird, LC, Linné, 1766

Slekt Helmitheros



  • Åmeparula, Helmitheros vermivorum, Worm-eating Warbler, LC, Gmelin, 1789

Slekt Parkesia



  • Straumparula, Parkesia motacilla, Louisiana Waterthrush, LC, Vieillot, 1809


  • Vassparula, Parkesia noveboracensis, Northern Waterthrush, LC, Gmelin, 1789

Slekt Vermivora



  • Sumpparula, Vermivora bachmanii, Bachman's Warbler, CR (PE), Audubon, 1833


  • Blåvengparula, Vermivora cyanoptera, Blue-winged Warbler, LC, Linné, 1766


  • Gullvengparula, Vermivora chrysoptera, Golden-winged Warbler, NT, Linné, 1766

Slekt Mniotilta



  • Klatreparula, Mniotilta varia, Black-and-white Warbler, LC, Linné, 1766

Slekt Protonotaria



  • Plommeparula, Protonotaria citrea, Prothonotary Warbler, LC, Boddaert, 1783

Slekt Limnothlypis



  • Brunparula, Limnothlypis swainsonii, Swainson's Warbler, LC, Audubon, 1834

Slekt Oreothlypis



  • Halvmåneparula, Oreothlypis superciliosa, Crescent-chested Warbler


  • Flammeparula, Oreothlypis gutturalis, Flame-throated Warbler


  • Møllparula, Oreothlypis peregrina, Tennessee Warbler


  • Oransjekroneparula, Oreothlypis celata, Orange-crowned Warbler


  • Eikeparula, Oreothlypis crissalis, Colima Warbler


  • Mesquiteparula, Oreothlypis luciae, Lucy's Warbler


  • Bjørkeparula, Oreothlypis ruficapilla, Nashville Warbler


  • Pinjeparula, Oreothlypis virginiae, Virginia's Warbler

Slekt Leucopeza



  • Jernparula, Leucopeza semperi, Semper's Warbler, CR, Sclater, 1877

Slekt Oporornis



  • Markparula, Oporornis agilis, Connecticut Warbler, LC, Wilson, 1812

Slekt Geothlypis



  • Gråkronegulstrupe, Geothlypis poliocephala, Gray-crowned Yellowthroat, LC, Baird, 1865


  • Tropegulstrupe, Geothlypis aequinoctialis, Masked Yellowthroat, LC, Gmelin, 1789


  • Kjerrparula, Geothlypis tolmiei, MacGillivray's Warbler


  • Svartbrystparula, Geothlypis philadelphia, Mourning Warbler


  • Kentuckyparula, Geothlypis formosa, Kentucky Warbler


  • Olivengulstrupe, Geothlypis semiflava, Olive-crowned Yellowthroat, LC, Sclater, 1861


  • Aztekgulstrupe, Geothlypis speciosa, Black-polled Yellowthroat, EN, Sclater, 1859


  • Bajagulstrupe, Geothlypis beldingi, Belding's Yellowthroat, EN, Ridgway, 1883


  • Bahamasgulstrupe, Geothlypis rostrata, Bahama Yellowthroat, LC, Bryant, 1867


  • Tamaulipasgulstrupe, Geothlypis flavovelata, Altamira Yellowthroat, VU, Ridgway, 1896


  • Nordgulstrupe, Geothlypis trichas, Common Yellowthroat, LC, Linné, 1766


  • Pedregalgulstrupe, Geothlypis nelsoni, Hooded Yellowthroat, LC, Richmond, 1900

Slekt Catharopeza



  • Crescendoparula, Catharopeza bishopi, Whistling Warbler, EN, Lawrence, 1878

Slekt Setophaga



  • Blyparula, Setophaga plumbea, Plumbeous Warbler


  • Svartryggparula, Setophaga angelae, Elfin-woods Warbler


  • Pilparula, Setophaga pharetra, Arrowhead Warbler


  • Hetteparula, Setophaga citrina, Hooded Warbler


  • Raudstjertparula, Setophaga ruticilla, American Redstart, LC, Linné, 1758


  • Brannfeltparula, Setophaga kirtlandii, Kirtland's Warbler


  • Brunkinnparula, Setophaga tigrina, Cape May Warbler


  • Asurparula, Setophaga cerulea, Cerulean Warbler


  • Stryparula, Setophaga americana, Northern Parula


  • Eldparula, Setophaga pitiayumi, Tropical Parula


  • Magnoliaparula, Setophaga magnolia, Magnolia Warbler


  • Kastanjeparula, Setophaga castanea, Bay-breasted Warbler


  • Hemlokkparula, Setophaga fusca, Blackburnian Warbler


  • Gulparula, Setophaga petechia, Yellow Warbler


  • Brunsideparula, Setophaga pensylvanica, Chestnut-sided Warbler


  • Svarthetteparula, Setophaga striata, Blackpoll Warbler


  • Blåparula, Setophaga caerulescens, Black-throated Blue Warbler


  • Myrparula, Setophaga palmarum, Palm Warbler


  • Olivenkroneparula, Setophaga pityophila, Olive-capped Warbler


  • Furuparula, Setophaga pinus, Pine Warbler


  • Myrteparula, Setophaga coronata, Yellow-rumped Warbler


  • Gulstrupeparula, Setophaga dominica, Yellow-throated Warbler


  • Bahamasparula, Setophaga flavescens, Bahama Warbler


  • Caymanparula, Setophaga vitellina, Vitelline Warbler


  • Buskparula, Setophaga discolor, Prairie Warbler


  • Puertoricoparula, Setophaga adelaidae, Adelaide's Warbler


  • Barbudaparula, Setophaga subita, Barbuda Warbler


  • Saintluciaparula, Setophaga delicata, St. Lucia Warbler


  • Ponderosaparula, Setophaga graciae, Grace's Warbler


  • Gråparula, Setophaga nigrescens, Black-throated Gray Warbler


  • Granparula, Setophaga townsendi, Townsend's Warbler


  • Barnålparula, Setophaga occidentalis, Hermit Warbler


  • Gulkinnparula, Setophaga chrysoparia, Golden-cheeked Warbler


  • Grønparula, Setophaga virens, Black-throated Green Warbler

Slekt Basileuterus



  • Vifteparula, Basileuterus lachrymosus, Fan-tailed Warbler, Bonaparte, 1850, (LC)


  • Brunkroneparula, Basileuterus rufifrons, Rufous-capped Warbler, Swainson, 1838, (LC)


  • Svartkinnparula, Basileuterus melanogenys, Black-cheeked Warbler, Baird, 1865, (LC)


  • Pirreparula, Basileuterus ignotus, Pirre Warbler, Nelson, 1912, (VU)


  • Gulbrynparula, Basileuterus belli, Golden-browed Warbler, Giraud, 1841, (LC)


  • Gyllenkroneparula, Basileuterus culicivorus, Golden-crowned Warbler, Deppe, 1830, (LC)


  • Costaricaparula, Basileuterus melanotis, Costa Rican WarblerLawrence, 1868


  • Tacarcunaparula, Basileuterus tacarcunae, Tacarcuna WarblerChapman, 1924


  • Stripehovudparula, Basileuterus tristriatus, Three-striped Warbler, Tschudi, 1844, (LC)


  • Quechuaparula, Basileuterus trifasciatus, Three-banded Warbler, Taczanowski, 1881, (LC)


  • Gråhovudparula, Basileuterus griseiceps, Gray-headed Warbler, Sclater & Salvin, 1869, (EN)

Slekt Myiothlypis



  • Bambusparula, Myiothlypis basilica, Santa Marta Warbler, VU, Todd, 1913


  • Andesparula, Myiothlypis luteoviridis, Citrine Warbler


  • Kvitbrynparula, Myiothlypis leucophrys, White-striped Warbler


  • Gulbukparula, Myiothlypis flaveola, Flavescent Warbler


  • Paranáparula, Myiothlypis leucoblephara, White-browed Warbler


  • Bergparula, Myiothlypis signata, Pale-legged Warbler


  • Svartisseparula, Myiothlypis nigrocristata, Black-crested Warbler


  • Kakiparula, Myiothlypis fulvicauda, Buff-rumped Warbler


  • Flodparula, Myiothlypis rivularis, Riverbank Warbler


  • Eldkroneparula, Myiothlypis bivittata, Two-banded Warbler


  • Inkaparula, Myiothlypis chrysogaster, Golden-bellied Warbler


  • Gråstrupeparula, Myiothlypis cinereicollis, Gray-throated Warbler


  • Brilleparula, Myiothlypis conspicillata, White-lored Warbler


  • Ecuadorparula, Myiothlypis fraseri, Gray-and-gold Warbler


  • Rustkroneparula, Myiothlypis coronata, Russet-crowned Warbler

Slekt Cardellina



  • Kanadaparula, Cardellina canadensis, Canada Warbler


  • Kalottparula, Cardellina pusilla, Wilson's Warbler


  • Rubinparula, Cardellina rubrifrons, Red-faced Warbler, LC, Giraud, 1841


  • Raudparula, Cardellina rubra, Red Warbler


  • Rosenparula, Cardellina versicolor, Pink-headed Warbler

Slekt Myioborus



  • Kvitvengkvitstjert, Myioborus pictus, Painted Redstart, LC, Swainson, 1829


  • Skiferkvitstjert, Myioborus miniatus, Slate-throated Redstart, LC, Swainson, 1827


  • Brunkronekvitstjert, Myioborus brunniceps, Brown-capped Redstart, LC, Lafresnaye & D'Orbigny, 1837


  • Tepuikvitstjert, Myioborus castaneocapilla, Tepui Redstart, LC, Cabanis, 1849


  • Pariakvitstjert, Myioborus pariae, Paria Redstart, EN, Phelps & Phelps, 1949


  • Guaiquinimakvitstjert, Myioborus cardonai, Saffron-breasted Redstart, NT, Zimmer & Phelps, 1945


  • Kvitkinnkvitstjert, Myioborus albifacies, White-faced Redstart, LC, Phelps & Phelps, 1946


  • Ringkvitstjert, Myioborus torquatus, Collared Redstart, LC, Baird, 1865


  • Gulkronekvitstjert, Myioborus flavivertex, Yellow-crowned Redstart, LC, Salvin, 1887


  • Gulpannekvitstjert, Myioborus ornatus, Golden-fronted Redstart, LC, Boissonneau, 1840


  • Gulbrillekvitstjert, Myioborus melanocephalus, Spectacled Redstart, LC, Tschudi, 1844


  • Kvitbrillekvitstjert, Myioborus albifrons, White-fronted Redstart, NT, Sclater & Salvin, 1871



Kjelder |



  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen New World warbler frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:


  • Curson, Quinn and Beadle, 1994. New World Warblers. 252 p. ISBN 0-7136-3932-6

  • Lovette, I. J. and E. Bermingham. 2002. What is a wood-warbler? Molecular characterization of a monophyletic Parulidae. The Auk. 119(3): 695-714. PDF fulltext



Fotnotar |




  1. Avobase sjekkliste Europa


  2. Rapport fra Norsk sjeldenhetskomité for fugl, 1996


  3. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017  CS1 maint: Multiple names: authors list (link)


  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)



Bakgrunnsstoff |



  • New World warbler videos on the Internet Bird Collection


  • Chasing Down Warblers National Geographic News story on seeing 30 warbler species in May


Bibliografi |


  • Dunn, Jon. 1997. A field guide to warblers of North America. Boston : Houghton Mifflin Co., x, 656 p. : ill. (some col.), col. maps ; 19 cm.

  • Morse, Douglass H. 1989. American warblers : an ecological and behavioral perspective. Cambridge, Mass. : Harvard University Press, xii, 406 p. : ill., maps.

  • Harrison, Hal H. 1984. Wood warblers’ world. New York : Simon and Schuster, 335 p., 24 p. of plates : ill. (some col.) ; 25 cm.


Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...