Anne-Cath. Vestly









Anne-Cath. Vestly

Anne-Cath. Vestly.jpg

Fødd
15. februar 1920
Rena
Død

15. desember 2008
Mjøndalen


Yrke
skodespelar, skribent, omsetjar, barnebokforfattar

Anne-Cath. Vestly på Commons

Anne Catharina Vestly (15. februar 1920–15. desember 2008), meir kjend som Anne-Cath. Vestly, var ein norsk barnebokforfattar og skodespelar, fødd på Rena i Østerdalen.




Innhaldsliste





  • 1 Liv


  • 2 Verk

    • 2.1 Barnetimen


    • 2.2 Geografi


    • 2.3 Skodespel igjen



  • 3 Verkliste

    • 3.1 Barneromanar

      • 3.1.1 1953–1958 - Ole Aleksander


      • 3.1.2 Lese-lett-bøker


      • 3.1.3 Bokormen


      • 3.1.4 Mormor og de åtte ungene (1957–1961; 1986, 1999)


      • 3.1.5 Knerten-bøkene (1962–1974; 1998–2002)


      • 3.1.6 Aurora-bøkene (1966–1972)


      • 3.1.7 Guro-bøkene (1975–1981)


      • 3.1.8 Kaos-bøkene (1982–1987)


      • 3.1.9 Mormor-bøkene (1992–2004)



    • 3.2 Biletbøker


    • 3.3 Skodespel


    • 3.4 Sjølvbiografi



  • 4 Prisar


  • 5 Referansar:




Liv |


Anne-Cath. Vestly opplevde ein barndom med mykje flytting, noko som går igjen i mange av bøkene hennar. Ho skildrar seg sjølv som eit sjenert barn som vart modig berre ho fekk opptre. Etter kvart vart draumen hennar å bli skodespelar.


Vestly laga sine eigne små kabaretprogram som ho oppførte i privatheimar under den andre verdskrigen. Ho blei lagd merke til, og kom med i Studioteateret som starta etter krigen.


Etter å også ha underhalde på tivoli, byrja Anne-Cath. Vestly å skriva høyrespel for barn for NRK. I 1952 byrja ho å sjølv lesa tekstane sine i Barnetimen for dei minste. Forteljingane blei til ei rekkje bøker som ho gav ut frå 1950- til 2000-talet.


Anne-Cath. Vestly døydde i Mjøndalen i Nedre Eiker.



Verk |



Barnetimen |


Ho fortalde historier om dagleglivet til små barn på ein levande, barnleg måte, som gjorde at både små og store vart gripne av det ho fortalde. Men forteljingane hennar er ikkje berre kos. Dei skildrar samfunnet slik det er, og tek for seg mykje av det barn strir med i kvardagen, som syskensjalusi, det å mista ein forelder, eller å vera redd for at det skal bli krig.


Nokre av emna vekte reaksjonar. Då Ole Aleksander fekk ei lillesøster og foreldra forklarte at ho kom frå magen til mora, var det mange som vart sinte for at ho lærte ungane slik «styggedom». Det var òg mange som ikkje likte at ho skildra ein heimeverande far og ei mor med karriere i bøkene om Aurora.



Geografi |


Anne-Cath. Vestly sine hovudpersonar er for det meste barn under skulealder, med unntak av Mormor, som har gått igjen i fleire seriar. Ho byrja med å fortelja om vesle Ole Aleksander som budde i eit høghus i Oslo, men flytte snart handlinga ut av «Den store byen». Vestly-universet dreier seg rundt Tiriltoppen, ein oppdikta drabantby utanfor hovudstaden, men handlinga kan òg gå føre seg på Gampetreff og Vetleby på Austlandet, Fabelvik i Nord-Noreg, eller verkelege stader, som Amsterdam og Lagos.



Skodespel igjen |


Sjølv om forfattarverksemda vart viktigare, gav ikkje Anne-Cath. Vestly heilt opp med skodespelet. Ho laga fjernsynsserien om Kanutten saman med mannen Johan Vestly, der Alf Prøysen òg var med som Romeo Clive. Seinare spela ho Mormor i filmatiseringane av bøkene om dei åtte ungane. Ho brukte kanskje òg skodespelarteknikk når ho lærte seg å spela fiolin for å kunna skriva om Guro og fiolinen, eller når ho reiste til Island for at Mormor òg skulle kunna reisa dit.



Verkliste |



Barneromanar |



1953–1958 - Ole Aleksander |



  • 1953 - Ole Aleksander Filibom-bom-bom


  • 1954 - Ole Aleksander på farten


  • 1955 - Ole Aleksander får skjorte


  • 1956 - Ole Aleksander og bestemor til værs


  • 1958 - Ole Aleksander på flyttefot


Lese-lett-bøker |


(Desse hefta kom ut på Tiden Norsk Forlag i både bokmåls- og nynorskutgåver.)



  • 1971 - Ole Aleksander hjemme og ute


  • 1971 - Ole Aleksander og den slemme gutten


  • 1971 - Ole Aleksander på skolen


  • 1971 - Ole Aleksander på sirkus


  • 1971 - Ole Aleksander og julepresangene


Bokormen |



  • 2002 - Ole Aleksander på skolen


  • 2002 - Ole Aleksander flytter


Mormor og de åtte ungene (1957–1961; 1986, 1999) |



  • 1957 - Åtte små, to store og en lastebil


  • 1958 - Mormor og de åtte ungene i skogen


  • 1959 - Marte og mormor og mormor og Morten


  • 1960 - En liten takk fra Anton


  • 1961 - Mormors promenade


  • 1986 - Mormor og de åtte ungene på sykkeltur i Danmark


  • 1999 - Morten og mormor og Stormvind


Knerten-bøkene (1962–1974; 1998–2002) |



  • 1962 - Lillebror og Knerten


  • 1963 - Trofaste Knerten


  • 1964 - Knerten gifter seg


  • 1965 - Knerten i Bessby


  • 1973 - Knerten og forundringspakken


  • 1974 - Knerten på sykkeltur


  • 1998 - Knerten detektiv og Handelsreisende Lillebror


  • 2001 - Knerten Politimann


  • 2002 - Den store boken om Knerten


Aurora-bøkene (1966–1972) |



  • 1966 - Aurora i blokk Z


  • 1967 - Aurora og pappa


  • 1968 - Aurora og den vesle blå bilen


  • 1969 - Aurora og Sokrates


  • 1970 - Aurora i Holland


  • 1971 - Aurora på Hurtigruten


  • 1972 - Aurora fra Fabelvik


Guro-bøkene (1975–1981) |



  • 1975 - Guro


  • 1976 - Guro og nøkkerosene


  • 1977 - Guro alene hjemme


  • 1978 - Guro og fiolinen


  • 1979 - Guro og Lille-Bjørn


  • 1980 - Guro på Tirilltoppen


  • 1981 - Guro og Frydefoniorkesteret


Kaos-bøkene (1982–1987) |



  • 1982 - Kaos og Bjørnar


  • 1983 - Lilla Olaug og Lubben


  • 1984 - Kaosgutten i Vetleby og verden


  • 1985 - Kaos førskolegutt


  • 1987 - Kaos og hemmeligheten


Mormor-bøkene (1992–2004) |



  • 1992 - Ellen Andrea og mormor


  • 1993 - Forundringspakken og Lagertha rasebasse


  • 1994 - 5 på reise


  • 1995 - Kostemarsj på Tirilltoppen


  • 1996 - Mormor og én til hos Rosa


  • 2000 - Småtassene og andre folk på Tirilltoppen


  • 2002 - Monrad tenker


  • 2004 - Monrad og mormor i den store klubben


Biletbøker |



  • 1997 - Lille-Draugen


Skodespel |



  • 1960 - Huset i skogen


  • 1997 - Heksen Innmari og Frankogfri


Sjølvbiografi |



  • 1990 - Lappeteppe fra en barndom


  • 2000 - Nesten et helt menneske


Prisar |



  • 1977 - Kirke- og undervisningsdepartementets sine premiar for barnebøker


  • 1977 - Riksmålsforbundets barne- og ungdomsbokpris


  • 1979 - Oslo bys kunstnerpris


  • 1980 - Peer Gynt-prisen


  • 1982 - Kulturdepartementets pris


  • 1986 - Bokhandlarprisen for Mormor og de åtte ungene på sykkeltur i Danmark


  • 1986 - Teskjekjerringas hederspris


  • 1987 - Sofus mediepris


  • 1989 - Regnbogeprisen


  • 1990 - Paul Robeson-prisen


  • 1990 - Oslo bys kulturpris


  • Spellemannprisen 1991 i klassen Barneplate for Marte og mormor og mormor og Morten 1-4


  • 1992 - Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden


  • 1994 - Norsk kulturråds ærespris


  • 1995 - Brageprisens heiderspris


  • 1998 - Folkehelseprisen


Referansar: |



  • Denne artikkelen bygger på «Anne-Cath. Vestly» frå Wikipedia på bokmål, den 15. desember 2008.


Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?