Storbjørnemose



















Vanleg bjørnemose

Vanleg bjørnemose
Vanleg bjørnemose

Systematikk

Rike:

Planteriket Plantae

Overrekkje:

Landplantar Embryophyta

Rekkje:

Bladmosar Bryophyta

Klasse:

Bjørnemosar Polytrichopsida

Orden:

Bjørnemoseordenen Polytrichales

Familie:

Bjørnemosefamilien Polytrichaceae

Slekt:

Bjørnemoseslekta Polytrichum

Art:

Vanleg bjørnemose P. commune

Vitskapleg namn

Polytrichum commune
Hedw.

Storbjørnemose (Polytrichum commune) eller vanleg bjørnemose er den største og vanlegaste bjørnemosearten i Skandinavia.


Mosen veks i store, lause tuer med 10-30 cm lange ugreina stenger. Blada er 8-12 cm lange med ein glinsande nederdel som sluttar seg om stengelen. Sporekapselen sit på en 6-12 cm lang stilk, og før han er moden, har han ei lang gulbrun hette med frynser.


Vanleg bjørnemose er vanleg på myr og på fuktig og sur skogsmark. Han er nøysam.




Innhaldsliste





  • 1 Bruk


  • 2 Namn


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff




Bruk |




Umodne sporekapslar
Foto: Arnstein Rønning





Modnare sporekapslar
Foto: Arnstein Rønning



Tradisjonelt har bjørnemose vorte brukt til å lage små soplimar av. Eit knippe bjørnemose kunne då verte lagt rundt eit langt skaft og surra fast med hyssing eller bjørketæger. Slike soplimar vart brukt til reingjering av hus. Mellom anna har dei vorte brukte til fjøsvask. Desse soplimane måtte haldast fuktige.


Elles kunne dei verte brukte til gryteskrubb, til å koste oske og kolstykke ut or bakaromnen når brød skulle inn , og til å gjere bakstehella rein under flatbrødbaking.


Bjørnemosen har vorte brukt til husdyrfôr. Særleg har sporekapslane vorte rekna som næringsrike. Born har og mange stader ete desse sporehusa.



Namn |


Namnet «bjørnemose» kjem truleg av folketradisjonen om at bjørnen brukar å sanke saman denne mosen til hiet sitt.


Sjølv om dette namnet er kjend over heile Noreg, har og andre lokale namn vore vanlege:



  • Hestemose, staurmose (på grunn av storleiken)


  • Sopemose, ryvippmåssa (den vart brukt til soplime)


  • Musåker, gaukemat, gaukekonn, kråkehavre og liknande (på grunn av sporehusa)


Kjelder |




  • Kåre Arnstein Lye Moseflora Universitetsforlaget 1974


  • Høeg, Ove Arbo:Planter og tradisjon. Universietsforlaget, 1975



Bakgrunnsstoff |


  • Om bjørnemose på norsknettskole.no


Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Storbjørnemose







Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...