Evenkia

























Evenkijskij avtonomnyj okrug
(før 1. januar 2007)
 







Evenkia sitt flagg


 
Evenkia sitt flagg
 

Evenkia på kartet over Russland

Hovudstad

Tura

Areal

- Totalt

- % vatn


Rangering: 4.

767 600 km²

Ukjent



Innbyggjartal

- totalt

- folketettleik


Rangering: 88.

ca. 17 300 (2006)

ca. 0,02/km²



Føderalt distrikt
Sibir

Økonomisk region
Aust-Sibir

Regionsnummer
88

Offisielt språk

Russisk

Guvernør

Boris Zolotarjov

Nasjonalsong
 

Tidssone

UTC +0700

Evenkia (russisk Эвенкийский автономный округ) var fram til 1. januar 2007 eit sjølvstyrt distrikt (okrug) i Russland. Evenkia var del av Krasnojarsk kraj, men samstundes eit av dei 88 føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden var Tura, arealet var 767 600 km² og innbyggjartalet var 17 300 (2006). Frå 1. januar 2007 er Evenkia ein vanleg rajon (kommune) i Krasnojarsk kraj. Folketalet i 2010 var gått ned til 16 300.[1]




Innhaldsliste





  • 1 Geografi


  • 2 Demografi og etnisk samansetjing


  • 3 Historie


  • 4 Fotnotar




Geografi |


Evenkia er det minst tettbygde området i Russland og er mindre tettbygd enn Grønland. På eit område om lag like stort som Noreg og Sverige til saman bur det om lag like mange menneske som på Stord. Evenkia ligg i den sentrale delen av den sibirske vidda. Det høgaste punktet er fjellet Kamen (1701 m.o.h.). Store område i nord har permafrost, men om lag 80 % av området er taiga. Middeltemperaturen i januar er -34 grader celsius, i juli +15 grader celsius.


Reindrift er ein utbreidd leveveg. Ein håpar å utvikla oljeverksemd og turisme.


Jernbane eller vegar finst praktisk talt ikkje. Kommunikasjonsmiddel er hovudsakleg elvebåt, fly eller reinsdyr.



Demografi og etnisk samansetjing |


Folketalet i 2002 var på 17 697. Av desse var det (i folketeljinga frå 2002) representantar frå 67 etniske grupper, m.a. 10958 russarar (62 %), 3802 evenkar (21,5 %) 991 jakutar (5.6%), 550 ukrainarar (3.1%), 211 ketar (1.2%), 162 tatarar (0.91%), 152 khakassar (0.86%), 127 volgatyskarar (0.72%) og så vidare.


Som andre autonome okrugar var Evenkia bygd opp rundt ein minoritet, i dette tilfelle evenkane, som snakkar evenkisk, eit tungusisk språk.



Historie |


Evenkia har vore del av Russland sidan 1600-talet. Både i tsar-tida og sovjet-tida var det fangeleirar for politiske fangar her. 30. juni 1908 var Evenkia åstad for ein av dei største naturlege eksplosjonane på jorda i moderne tid. Eit område på over 3000 km² med skog vart lagt flatt etter ein eksplosjon på mellom 10 og 15 megatonn, forårsaka av ein meteoritt. Området er så øde at den første ekspedisjonen ikkje nådde fram til eksplosjonsstaden før i 1927.


Det autonome området vart oppretta i 1930. Etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 vart Evenkia eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen, men òg framleis del av Krasnojarsk kraj. Sidan 2001 er Boris Zolotarjov guvernør i Evenkia.
17. april 2005 vart det vedtatt i ei folkerøysting at Evenkia, saman med Tajmyr skulle slåast saman med Krasnojarsk kraj. Dette skjedde 1. januar 2007.



Fotnotar |



  1. Den russiske folketeljinga i 2010 på russisk


Popular posts from this blog

六本木駅

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Joseph Lister