Allegori




Allegorisk framstilling av dei tradisjonelle sju frie kunstene som personar: Grammatikk, retorikk, dialektikk, musikk, aritmetikk, geometri og astronomi.


Allegori (frå gresk 'seia noko anna') er ein utvida metafor eller ei omfattanda biletfamstilling som kan brukast som verkemiddel innan tekst og biletkunst. Omgepet viser særleg til ei konkret framstilling av noko abstrakt, til dømes personifiseringa av døden som mannen med ljåen.




Ilustrasjon til Reisa mot vest.




Innhaldsliste





  • 1 Allegori i litteraturen


  • 2 Allegorisk kunst


  • 3 Sjå òg


  • 4 Bakgrunnsstoff


  • 5 Kjelder




Allegori i litteraturen |


Allegorisk litteratur er ei framstilling med overførd tyding der ein bruker eit gjennomført mønster av bilete. Medan metaforar og symbol kan brukast åleine i ein tekst, er allegorien ein struktur av ulike verkemiddel som gjer at ein tekst kan forståast på eit anna tydingsplan. I moderne litteraturvitskap har omgrepet fått ei noko annan og utvida tyding, i og med at det blir brukt meir generelt i tilknyting til språket si figurative eller overførde tyding.


Nokre døme på allegoriske verk er mellom anna Reisa mot vest av Wu Cheng'en frå 1590-åra, ei forteljing om ei buddhistisk pilgrimsreise som òg kan stå for ei indre reise mot opplysing; og The Pilgrim's Progress (1678) av John Bunyan, ei forteljing om «Christian» si reise til «Celestial City» med klar protestantisk vinkling. Animal Farm (1945) av George Orwell framstiller ein bondegård som blir teken over av husdyra og er ein allegori over Sovjetunionen under stalinismen. Haiene (1974) av Jens Bjørneboe, som på overflata handlar om ein overfart og eit forlis i Indiahavet, kan lesast som ein allegori for verdssamfunnet eller menneskelivet.[1]




Allegori over nasjonar: Gallia vernar Bayern. Måleri frå 1805 av Marianne Kürzinger.



Allegorisk kunst |


Også innan biletkunst er allegori ei meir omfattande framstilling enn eit enkelt symbol. Både symbol og allegori har stor tyding i kunsten. Ein utbreidd måte å bruka allegori på er å framstilla abstrakte idear, som fred, rett, musikk, stader eller ulike nasjonar, som personar.


Ein finn allegori allereie i kunst frå antikken, i mellomalderen fekk verkemiddelet ei viktig tyding innan kyrkjekunst, og under renessansen blei det framstil allegoriar inspirert av antikken og etter nye idear. Nokre kjende døme er Våren (La Primavera) av Botticelli og Melencolia I av Albrecht Dürer.



Sjå òg |


  • Fabel

  • Likning

  • Parabel


Bakgrunnsstoff |



Kjelder |




  • «allegori» i Store norske leksikon, snl.no.


  1. Allegori ved Nasjonal digital læringsarena (NDLA)




Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?