DNA


For andre tydingar av oppslagsordet, sjå DNA (fleirtyding).


Skjematisk framstilling av DNA under kopiering.


DNA (kort for engl. deoxyribonucleic acid, norsk deoksyribonukleinsyre) er eit makromolekyl som inneheld genetisk informasjon, og som er grunnlaget for utviklinga av alle kjende levande organismar og ein del virus. Hovudrolla til DNA er å lagra informasjon på lang sikt. DNA inneheld «oppskrifta» på alle cellekomponentar, t.d. protein og RNA. Dei delane av DNA som inneheld denne informasjonen kallast gen, medan andre delar har strukturelle roller, eller er viktige i reguleringa av geneuttrykkinga.


DNA er bygd opp av to lange polymer. Kvart polymer er sett saman av ein «ryggrad» av annakvart deoksyribosemolekyl og fosfatgruppe. Til kvart deoksyribosemolekyl er det fest ein nitrogenbase. Desse er alltid ein av fire: adenin, guanin, cytosin og tymin. Dei to polymera er vende kvar sin veg. Informasjonen ligg i rekkjefylgja på basane. Baserekkjefylgja vert omdanna til aminosyrerekkjefylgja i protein ved at delar av DNA-molekylet vert kopiert til svarande RNA-basar. Denne prosessen ber namnet transkripsjon.


Inne i cellene er DNA inndelt i kromosom. I forkant av celledelinga vert ein kopi laga av alle kromosoma.
Hjå eukaryotar vert DNA-et lagra i cellekjerna, medan det hjå prokaryotar (det vil seie bakteriar og arkebakteriar) vert lagra rett i cytoplasma. DNA-et i kromosoma er bunde til histonar og andre kromatinprotein som hjelp til med å trekkja saman DNA-et før celledeling. Dei spelar òg ei rolle i uttrykkinga av DNA-et.



Fysiske og kjemiske eigenskapar |


DNA er eit langt polymer bygd opp av fire ulike små einingar kalla nukleotidar, som tek seg oppatt mange gonger. DNA-molekylet er mellom 22 og 26 Ångström (Å) brei, og kvar nukleotid er 3,3 Å lang. Jamvel om kvar av desse einingane er veldig småe, so kan DNA-molekyl vera veldig store, med millionar av nukleotidar. Til dømes er menneskekromosom 1 (det lengste) ca. 220 milloner nukleotidar langt.


Hjå levande organismar ligg som regel DNA-molekyla to og to, tett tvunne om einannan som ein dobbel spiral med basane vende inn og ryggradene ut. Dei to molekyla vert bundne saman av hydrogenbindingar mellom nitrogenbasane. Ein skil mellom base + deoksyribosemolekyl (nukleosid) og nukleosid + forfatgruppe (nukleotid). Fleire nukleotidar som er kopla saman kallast ein polynukleotid.


Ryggraden i DNA-molekylet er sett saman av 2-deoksyribose (eit ringforma sukker) og fosfatgrupper. Fosfatgruppene er bundne til 5-karbonet på eitt sukker og 3-karbonet på det hine. Difor kan ein tala om "retning" på DNA. Hovudskilnaden på DNA og det nært slekta RNA er at i DNA er sukkeret deoksyribose, i staden for ribose, som er i RNA.


Mellom basane skil ein mellom purinane adenin og guanin, og pyrimidinane tymin og cytosin. I RNA tek uracil plassen til tymin.



Struktur |


Molekylet er bygd opp av to lange kjeder som dannar ein dobbeltspiral. Desse består av grupper danna av sukkeret deoksyribose, ei fosfatgruppe og ein aromatisk nitrogenbase. Sukkeret i ei gruppe er bunde til fosfatgruppa i den neste.


Nitrogenbasane er kovalent bunde til sukkeret. Basepara vert danna ved hydrogenbindingar mellom to basar, og består av adenin (A) og tymin (T) eller cytosin (C) og guanin (G). Basane i paret kjem frå kvar si kjede.


James D. Watson, Francis Crick og Maurice Wilkins fekk nobelprisen i medisin og fysiologi i 1962 for å ha oppdaga denne strukturen.



Sjå òg |


  • Gen


  • RNA eller ribonukleinsyre

    Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.



Popular posts from this blog

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Why is system upgrade showing unstable version when upgrading in backend?System Settings > System Upgrade link does not existsComposer Error While upgrading magento version 2.1.6 to 2.2.2How to upgrade magento 1.4.0.0 to above 1.6 versionIssue with upgrading Magento Version from 2.1.7 to 2.1.12Magento 2.2.5: Error on running setup: upgrade after upgrading Magento from 2.2.2 to 2.2.5Are there any Magento Code Release Notes?getting error when upgrading from Magento 2.1.5 to Magento 2.2.6Will the installed third party plugins upgrade when we upgrade Magento version via composerWhy PHP Settings Check and Checking Component Dependency showing error during Magento 2.3 upgrade?Fatal error: Out of memory (in composer) during upgrade Magento2.2.1 to Magento 2.3 when run composer update command