Ian McDonald


Denne artikkelen handlar om multiinstrumentalisten. For folkrockmusikaren, sjå Iain Matthews.
















Ian McDonald
Ian McDonald (2009).jpg
Ian McDonald i 2009
Fødd
25. juni 1946 (72 år)
Fødestad
Osterley i Middlesex
OpphavStorbritannia
Aktiv1960-åra til i dag
Sjangerrock
Instrument
Saksofon, fløyte, gitar, klaverinstrument, vibrafon
Tilknytte artistar
King Crimson
Foreigner
Verka som
saksofonist, gitarist, multiinstrumentalist, musikar

Ian McDonald (fødd 25. juni 1946) er ein engelsk multiinstrumentalist som er mest kjend for å ha vore med å starte det progressive rockebandet King Crimson i 1969 og hardrockbandet Foreigner i 1976. Han er òg ein mykje nytta studiomusikar, hovudsakleg som saksofonist. Han spelar òg fløyte, vibrafon, klaverinstrument og gitar.


Med King Crimson spelte han på debutalbumet In the Court of the Crimson King. Like etter forlet McDonald og trommeslagar Michael Giles bandet og danna ei gruppe som gav ut albumet McDonald and Giles. Han dukka opp att i King Crimson i 1974 og var meint å bli fulltidsmelem, men fekk aldri høve fordi Robert Fripp valte å legge ned gruppa.


Han var så med på å danne bandet Foreigner i 1976, der han spelte gitar, samt treblåseinstrument og klaverinstrument.[1] Han har òg spelt som studiomusikar og deltok på hitsingelen «Get It On (Bang a Gong)» av T. Rex, og innspelingar av Linda Lewis og Christine Harwood. I 1999 gav han ut soloalbumet Drivers Eyes.


I 2002 var han med å starte 21st Century Schizoid Band saman med andre tidlegare King Crimson-medlemmar.




Innhaldsliste





  • 1 Diskografi

    • 1.1 Med King Crimson


    • 1.2 Med McDonald and Giles


    • 1.3 Med Fruupp


    • 1.4 Med Foreigner


    • 1.5 Med Steve Hackett


    • 1.6 Med John Wetton


    • 1.7 Solo album


    • 1.8 Med 21st Century Schizoid Band


    • 1.9 Med Waking in the Blue


    • 1.10 Med Keith Tippett's Centipede


    • 1.11 Filmmusikk


    • 1.12 Som produsent eller gjestemusikar



  • 2 Kjelder




Diskografi |



Med King Crimson |



  • In the Court of the Crimson King (1969)


  • Epitaph (1969 konsertopptak, kom ut 1997)


  • Red (1974) (spelte altsaksofon som studiomusikar)


Med McDonald and Giles |



  • McDonald and Giles (1971)


Med Fruupp |



  • Modern Masquerades (1975)


Med Foreigner |



  • Foreigner (1977)


  • Double Vision (1978)


  • Head Games (1979)


Med Steve Hackett |



  • Genesis Revisited (1997)


  • The Tokyo Tapes (1998)


  • Darktown (1999)


Med John Wetton |



  • Hazy Monet Live in New York City (1997)


Solo album |



  • Drivers Eyes (1999)


Med 21st Century Schizoid Band |



  • Official Bootleg V.1 (2002)


  • Live in Japan (2003)


  • Live in Japan (2003) (DVD)


  • Live in Italy (2003)


  • Pictures Of A City — Live in New York (2006)


Med Waking in the Blue |



  • Isn't It Pretty to Think So (2003)


Med Keith Tippett's Centipede |



  • Septober Energy (1971)


Filmmusikk |



  • Wachenröder (1998) (videospel frå Sega)


  • Success Stories with Bruce Jenner (1987) (Nationally Syndicated CBS TV-show)


Som produsent eller gjestemusikar |



  • Linda Lewis Say No More (1971)


  • T Rex «Bang a Gong (Get It On)» (1972)


  • Darryl Way's Wolf Canis Lupus (1973)


  • Fruupp Modern Masquerades (1974)


  • Keith Christmas Brighter Day (1974)


  • Fireballet Night on Bald Mountain (1975)


  • Ian Lloyd Ian Lloyd (1976)


  • Steve Taylor On the Fritz (1985)


  • Park Stickney Action Harp Play Set (2000)


  • Judy Dyble Talking With Strangers (2009)


  • Asia Spirit of the Night: Live (2011)


Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Ian McDonald (musician)» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juni 2012.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

  • King Crimson Biography

  • Gramy Records - Ian McDonald



  1. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 318. CN 5585. 

















Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...