Flekkefjord kommune


























Flekkefjord kommune

kommune




kommunevåpen

Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Vest-Agder


Adm.senter

Flekkefjord

Areal
543 km²
 - land
482 km²
 - vatn
61 km²

Folketal
9 066 (1. januar 2018)
Folketettleik

19 / km²



Målform
bokmål

Ordførar
Jan Sigbjørnsen (H)


Kommunenr.
1004




NO 1004 Flekkefjord.svg




Wikimedia Commons: Flekkefjord

Nettstad: www.flekkefjord.kommune.no

Flekkefjord er ein bykommune heilt vest i Vest-Agder fylke. Flekkefjord er ein kystkommune som grensar til Sokndal og Lund i Rogaland fylke i vest, til Sirdal i nord og til Kvinesdal og Farsund i aust.


Flekkefjord er den av bykommunane langs Sørlandskysten som ligg lengst vest. Kommunesenteret ligg nært E39, om lag midt mellom Kristiansand og Stavanger. I tillegg til bysenteret omfattar Flekkefjord kommune òg tettstadane og bygdene Sira, Gyland, Rasvåg og Kirkehavn.


Flekkefjord kommune er resultatet av kommunesamanslåing i 1965. I tillegg til Flekkefjord inkluderer kommunen dei tidlegare kommunane Nes, Hidra, Gyland og Bakke.




Innhaldsliste





  • 1 Historie


  • 2 Venskapsbyar


  • 3 Kultur


  • 4 Kjende flekkefjæringar


  • 5 Bakgrunnsstoff




Historie |


I Flekkefjord er det er nesten 4 sjømil frå indre fjord til ope hav. Indre fjordbasseng er stort nok til å romme mange skip og båtar for anker og er fritt for sterk vind eller straum. I seglskutetida var det mange skip som låg der i vinteropplag.
Då hollendarane begynte å fylle ut sine hamneområde med stein, kom dei til Noreg for å hente han. Flekkefjord hadde rikeleg av den vara. Ein bydel har fått namn etter dette: Hollenderbyen. Mange unggutar frå distriktet tok hyre med desse båtane.


Byen fekk kjøpstadrettar i 1842 etter langvarig dragkamp med mellom anna Kristiansand. Med kjøpstadretten følgde nemleg ymse einerettar som gav gode inntekter.


Byen har hatt opptil 5 tønnefabrikker, den siste blei nedlagt i 1960-åra. I periodar var produksjonen stor - silda kom inn fjorden og tønnene trongst rett utanfor stovedøra. Det var eit tilsvarande tal garveri, basert på at skip frå byen drog ut for å hente eikebark (quebracho) som blei brukt som garvemiddel. Dei siste var Dalens Garveri (sålelær) og Årnes Garveri (skinn til mellom anna ranslar og damevesker). Årens Graveri er framleis i drift.
Ein stor del av brannbilane som er i bruk i Noreg i dag blei tidlegare bygd opp i dei gamle tønnefabrikklokala, men produksjonen er no flytt til moderne lokale i Nulandsvika.


Flekkefjord kom tidleg i gang med skulevesen - både vidaregåande, fagskule og husmorskule. I tillegg kom privat gymnas, der mellom anna forfattaren Jens Bjørneboe gjekk ein periode før krigen. Etter krigen vart skulen overteken av Morten Ringard som dreiv realskule der. Skulen hadde ikkje eksamensrett, så elevane blei eksaminert i alle fag før dei fekk papir som slapp dei vidare. Dei fleste klarte det på to år. Mange elever frå heile landet fekk ein ny sjanse der.





Venskapsbyar |



  • Flagget til Danmark Nykøbing Mors


  • Flagget til Skottland Burntisland


Kultur |


Avisa Agder er for tida einaste avis i Flekkefjordsområdet. Tidlegare hadde avisa konkurranse frå Flekkefjordsposten.



Kjende flekkefjæringar |



  • Sverre Anker Ousdal (f. 1944), skodespelar


  • Eirik Verås Larsen (f. 1976) kajakkpadlar


  • Tatjana Lars Kristian Guldbrandsen, kunstnar


  • Gunvald Tomstad, krigshelt


  • Peter Waage, (1833 - 1900), kjemikar


Bakgrunnsstoff |


  • Flekkefjord kommune


Koordinatar: 58°17′49.4″N 6°39′38.5″E



Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...