Colt 1911


M1911a1.jpg

Colt 1911 er ein single-action sjølvladepistol som er laga for patronar i kaliber .45 ACP. Han vart konstruert av John Browning, og var standard tenestepistol for dei væpna styrkane til USA frå 1911 til 1985. I alt kjøpte USA-styresmaktene rundt 2,7 millionar slike pistolar. Han vart au seld på den sivile marknaden, og andre militærvesen har bruka han i tillegg til USA sitt, såleis bl.a. det norske.


Konstruksjonen vann over konkurrentane i dei våpentestane dei amerikanske militære styresmaktene heldt først på 1900-talet, fram til avgjerda i 1911. Colt 1911 kom da offisielt i staden for ei rekkje revolverar og pistolar i ulike greiner av dei væpna styrkane til USA, sjølv om somme andre framleis hadde visse nisjar, såleis til dømes Colt 1903 som lommepistol for høgare offiserar.


Colt 1911 brukar John Browning sitt kort-rekyl-prinsipp som etter dette vart vanleg i dei fleste pistolar som ikkje berre kunne bruke ein enkel bakslagsmekanisme. Magasinet tek 7 skot i ei enkelt rekkje.


På grunn av dårlege erfaringar med den såkalla stoppekrafta til Colt-revolverar i kaliber .38 Long Colt i krigen mot Filippinane, meinte militære leiarar at kaliberet på den nye standardpistolen måtte vera .45. (Revolverpatronane i kaliber .38 Long Colt var elles mykje svakare enn kaliber .38 Smith&Wesson Special, og må ikkje forvekslast med desse).


På grunn av stor etterspørsel under første verdskrigen vart modell 1911 au produsert av den føderalt eigde Springfield-fabrikken. Under andre verdskrigen vart han laga av enda fleire produsentar. Heile 1,9 millionar eksemplar vart laga, slik at ein etter krigen ikkje bestilte fleire av dei.


Før andre verdskrigen vart nokre Colt 1911 produserte på lisens ved Kongsberg Våpenfabrikk. Desse er kjende som kongsbergcoltar. Under okkupasjonen heldt produksjonen fram, men våpna vart no merkte med hakekross. Desse er særleg etterspurde av samlarar.


I 1924 vart det gjort nokre mindre ytre modifiseringar, og våpna produserte etter den tid blir kalla modell 1911A1.


Etter andre verdskrigen var Colt 1911 framleis standard i USA sitt militærvesen, både i Koreakrigen og i Vietnamkrigen, og jamvel i den første Irakkrigen i somme einingar. Men frå slutten av 1970-talet begynte ein prosess for å prøve ut nye våpen som skulle bruke 9 mm Parabellum, som hadde vorte NATO-standard for pistolar og maskinpistolar. Ironien i det er at dette kaliberet vart forkasta under den amerikanske konkurransen først i hundreåret, da den tyske Lugerpistolen var blant konkurrentane. Til slutt vart italienske Beretta 92 vald som nytt militært standard tenestevåpen, i 1985, under nemninga M9. Men somme einingar i dei amerikanske væpna styrkane krangla seg til retten til framleis å bruke Colt 1911, mellom dei marineinfanteriet US Marines. Likeins er våpenet framleis bruka av ein del politieiningar i USA, som ønskjer ein pistol i .45. Mange sivile har au våpenet. Det er fleire produsentar som lagar denne modellen. Colt 1911 har ein viss patriotisk appell for ein del amerikanarar, som mislikar at ein europeisk pistol slo ut dei amerikanske i testane for nytt tenestevåpen på 1980-talet.



Bakgrunnsstoff |


  • Colt Automatic Pistols Home Page

  • Colt's Manufacturing Company

  • Kimber America

  • Springfield Armory, Inc.

  • Para Ordnance

  • Wilson Combat

  • Les Baer

  • STI International, Inc.

  • The M-1911 Pistols Home Page

  • The Sight M1911

  • The Thompson-LaGarde Cadaver Tests of 1904


Kjelde |


Den engelskspråklege wikipediaen, som har ein meir detaljert artikkel her [1]







Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?