Politi



Se òg: Politiet i Noreg.


Polititenestemenn i Australia 2006.


Politi er offentlege myndigheiter som skal oppretthalde lov og orden og kjempe mot kriminalitet.



Ordsoge og slanguttrykk |


Ordet politi stammar frå det greske ordet politeia, som betyr «borgarskap».


Det har vore eit rikt utval slanguttrykk for politi. På 1930-talet finn ein spanser og messing, i nyare tid har snut, purk, pink, onkel politi, onkel blå eller berre onkel vore bruka.



Oppgåver |


Hovudoppgåva til politiet er gjere det trygt for folk ved å handheve lov og orden. Politiet skal forhindre og førebyggje straffbare handlingar og etterforske lovbrot. Den mest sentrale oppgåva er å verne om liv og eigedom, og å oppretthalde eller gjenopprette offentleg ro og orden. Politiet pågrip personar som er mistenkte for lovbrot, og held desse i varetekt til mistanken er vurdert av domstolane. Politiet har som regel monopol på bruk av makt mot innbyggjarane i tråd med lover og juridisk kontroll.


Politistyrkar er inndelt i ordenspoliti som patruljerer og ser til at det er ro og orden og kriminalpoliti som etterforskar lovbrot. I landdistrikt kan den lokale politimakta verte utført av ein lensmann eller sheriff.


Trafikkontroll er ein av oppgåvene til politiet, og vert gjerne utført av eigne politiavdelingar. Politiet tek òg del i redningstenesten, og hjelper brannvesen og ambulansetenesta ved ulykker og katastrofar.


I enkelte land er tryggingstenesta òg ein del av politiet, til dømes Politiets tryggingsteneste (PST) i Noreg, Politiets Efterretningstjeneste i Danmark og Säkerhetspolisen i Sverige.


I motsettnad til dei fleste andre land har Noreg og Danmark integrert påtalemakta i politietaten. I praksis er det politijuristar som leier politietterforskinga, i kraft av rolla som påtalemakt. Politijuristane (politiadvokatane og politifullmektigane) opptrer òg som aktorar i domstolen, og kan i enkelte saker avgjere om ein skal innstille eller halde fram med å forfølgje eit straffbart forhold.



Historie |


I oldtida var det militæret som hadde ansvaret for å oppretthalde lov og orden i byane. Romerriket hadde eit svært effektivt system inntil riket tok til å smuldre opp, og bystaaene i Hellas under antikken hadde eigne militære styrkar som utførte politioppgåver.


Frå 400-talet tok forskjellige høvdingar og monarkar i Europa å ta på seg ansvaret for oppgåvene. Dei ga gjerne oppgåvene videre til lokale adelsmenn, som i sin tur gjerne utnevnte ein konstabel. Denne stillinga var ofte ubetalt, og vart i staden lønna med enkelte fordelar.


Den første organiserte og betalte politistyrken vart oppretta i London i 1663, for å styrke den ubetalte styrken ein hadde frå før. Denne ordninga spreidde seg til andre stader i Storbritannia, slik at dei halvoffisielle «tjuvfangarane» og de ubetalte konstablane, som var kjende for korrupsjon og tilfeldig handsaming av folk, vart bytt ut med profesjonelle. Storbritannia var igjen ute med ein nyvinning då Metropolitan Police Service vart oppretta. Denne er rekna som verdas første moderne politistyrke, og er mønster for oppbygingen av politiet i ei rekkje land.



Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?