Mesosyklon


Ein mesosyklon er eit stort område med ein spiralforma vertikal luftstraum, vanlegvis knytt til dei stigande luftrørslene til superceller i samband med torevêr. Uvêr som har utvikla mesosyklonar har ofte kraftig vind ved bakken og kraftig hagl. I tillegg er dei ofte nært knytt opp mot danninga av tornadoar.




Innhaldsliste





  • 1 Definisjon


  • 2 Identifisering


  • 3 Korleis dei oppstår


  • 4 Sjå òg


  • 5 Bakgrunnsstoff




Definisjon |


I ein mesosyklon roterer den stigande lufta på veg oppover (vanlegvis, men ikkje alltid syklonsk), og er som oftast knytt til lokale lågtrykksområde innanfor eit kraftig torevêr. Skalaen på fenomenet er vanlegvis mindre enn synoptisk skala (hundrevis av kilometer) og større enn liten skala (hundrevis av meter), og blir kalla mesoskala. Vanlegvis har rotasjonen ein diameter på 5-15 km, og roterer vanlegvis same retning som eit vanleg lågtrykk (mot klokka på nordlege halvkule).



Identifisering |


Mesosyklonar kan ein lettast sjå ved å bruke ein Doppler radar. Ofte finn ein mesosyklonane på høgre bakside av superceller og bygelinjer, og området skil seg ofte ut som eit «krokaktig ekko» («hook echo») på radarbilete, fordi toreskya formar seg som ein krok i område der mesosyklonen oppstår.


Visuelt kan ein sjå ein mesosyklon når skybasen har roterande rørsler. Ein tornado vil òg vere eit teikn på mesosyklon.



Korleis dei oppstår |



Figur 1 - Vindskjer (raud) får lufta til å rotere (grøn)



Figur 2 - Den stigande lufta (blå) «vippar» den roterande lufta på høgkant.



Figur 3 - Den stigande lufta byrjar så å rotere.


Mesosyklonar oppstår sannsynlegvis ved at endringar av vindstyrke og/eller retning med høgda (vindskjer) får lågare delar av atmosfæren til å rotere, som vist på figur 1. Den konvektive stigande lufta i toreskya vippar så denne rotasjonen vertikalt (frå å vere parallell med bakken, til å stå normalt på bakken), som vist på figur 2. Dette får igjen dei stigande luftrørslene til å rotere (figur 3).


Når dei stigande luftrørslene roterer, kan det bli danna ei roterande sky som søkk ned frå mesosyklonen. Når denne roterande skya søkk under skybasen til toreskya kan det oppstå eit «traktforma nedheng». Dette er det første stadiet i utviklinga av tornadoar.


Ein meiner at mesosyklonar er ein av dei viktigaste faktorane for å få danna kraftige tornadoar. Doppler radarar er den beste metoden ein har for å kunne oppdage mesosyklonar.


Ein annan måte å sjå utviklinga av mesosyklonar og tornadoar på er å tenkje seg ei stor roterande toresky. Tornadoar blir vanlegvis danna når torevêret er på sitt kraftigaste og uvêret byrjar å avta. Dette kjem av at momentum og vakum som er bygd opp av dei store luftmassane som stig til toppen av troposfæren skapar ein sugerøyreffekt nær bakken. Når dei stigande luftrørslene i skya er i ferd med å gje seg, vil små lommer av varm luft som er igjen ved bakken stige opp i skya. Vakumeffekten som blir skapt når den varme lufta ved bakken er i ferd med å forsvinne fører til at skybasen av toreskya blir sogen ned mot bakken. Når den varme lufta er borte, vil toppen av toreskya og den roterande skybasen suge til seg luft frå eit område med diameter 1 km eller mindre nær bakken, og ein tornado oppstår. Visst torevêret får tilgang på varm luft framfor uvêret, kan den halde tornadoen i gang ei god stund, men visst det blir heilt slutt på varmlufta vil utviklinga stoppe opp og uvêret døy ut.



Syklonar og antisyklonar

Ekstratropisk syklon — Mesosyklon — Polarsyklon — Polart lågtrykk — Subtropisk syklon — Tropisk syklon


Sjå òg |


  • Supercelle


Bakgrunnsstoff |


  • Electronic Journal of Severe Storms Meteorology

  • Mesosyklon i StormWiki


Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?