Konservatisme


Konservatismen (frå latin; conservare, å ta vare på) som politisk retning oppstod etter den franske revolusjonen frå 1789 og frametter.


Ein av dei fremste tenkjarane i den tidlege konservatismen var den britiske godseigaren Edmund Burke.


Dei konservative var sjokkerte over den valden som ramma adelen i Frankrike under revolusjonen, og meinte denne hang nødvendig saman med tanken om at alle menneske var likeverdige og måtte ha same rettane (menneskerettane). Dei konservative meinte ulikskap er naturleg, og at alle samfunn må utvikle seg gradvis på sine eigne gitte premissar. Derfor måtte den radikale og universelle menneskerettstanken avvisast.


På 1800-talet var konservatismen ideologien til monarkiet, adelen og kyrkjeleiarane. Mot dei stod dei liberale, som representerte det ikkje-adelege borgarskapet som var på veg opp og fram i samfunnet, og dei tidlege sosialistane, som kjempa arbeidarklassen si sak. Noko av det viktigaste for dei konservative (og mange liberale) på denne tida var å hindre innføring av allmenn stemmerett.


Dei konservative i Noreg representerte, i mangel av ein adel, embetsmennene og deira sær-rettar i embetsmannsstaten (1814-1884). Det konservative partiet, Høgre, oppstod som ein kamporganisasjon mot innføring av parlamentarismen, det vil seie prinsippet om at regjeringa ikkje kan ha stortingsfleirtalet imot seg.


I dag kallar det norske partiet Høgre seg liberal-konservativt. Det har foregått ein viss dragkamp innanfor Høgre mellom verdikonservative kretsar og marknadsliberalistiske kretsar. Det er ikkje anna å vente, for marknadskreftene er i røynda ei sterk endringskraft i samfunnet. Dei fleste er vel samde om at marknadsliberalistane synest å ha overtaket i Høgre no. Såleis representerer partiet Høgre i dag først og fremst den økonomiske liberalismen.



Popular posts from this blog

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Why is system upgrade showing unstable version when upgrading in backend?System Settings > System Upgrade link does not existsComposer Error While upgrading magento version 2.1.6 to 2.2.2How to upgrade magento 1.4.0.0 to above 1.6 versionIssue with upgrading Magento Version from 2.1.7 to 2.1.12Magento 2.2.5: Error on running setup: upgrade after upgrading Magento from 2.2.2 to 2.2.5Are there any Magento Code Release Notes?getting error when upgrading from Magento 2.1.5 to Magento 2.2.6Will the installed third party plugins upgrade when we upgrade Magento version via composerWhy PHP Settings Check and Checking Component Dependency showing error during Magento 2.3 upgrade?Fatal error: Out of memory (in composer) during upgrade Magento2.2.1 to Magento 2.3 when run composer update command