Den svenske riksdagen


«Riksdagen» omdirigerer hit. For andre tydingar, sjå riksdag.






Sveriges riksdag
Coat of arms of the Swedish Parliament.svg
KammerEit
Leiarskap
Andreas Norlén
struktur
Representantar349
Riksdag-Valkrets.svg
Møtestad
Riksdagshuset Stockholm 2011.jpg
Riksdagshuset
Nettstad
https://riksdagen.se


Plenisalen i Riksdagshuset.


Koordinatar: 59°19′39″N 18°4′3″E
Den svenske riksdagen (svensk Sveriges riksdag), ofte berre kalla Riksdagen, er den lovgjevande forsamlinga i Sverige. Det har eitt kammer og følgjer parlamentarismen. Det blir leia av ein talman (lik stortingspresident) som blir vald av riksdagen etter kvart riksdagsval. Den svenske riksdagen held til i Riksdagshuset i Stockholm.


Riksdagsval blir haldne andre søndagen i september kvart fjerde år. Arbeidsåret til riksdagen byrjar vanlegvis tredje tirsdagen i september med Riksmötets öppnande, men i valår skjer dette noko seinare.


Riksdagen har 349 medlemmer som sit i fireårsperiodar. For at eit parti skal kunna få plass i riksdagen, treng det ei oppslutting på minst fire prosent av stemmene, eller tolv prosent i minst ein valkrets. Mandatfordeling skjer ved Sainte-Laguë-metoden med innslag av utjamningsmandat.


Den svenske regjeringa går ut frå og er ansvarleg for riksdagen. Når ei ny regjering skal skipast rådfører talmannen seg med partileiarane og føreslår så ein statsminister som riksdagen stemmer over. Riksdagen kan reisa mistillitsforslag mot regjeringa eller enkeltstatsrådar. Ved mistillit kan statsministeren skriva ut nyval, bortsett frå i ein tremånadersperiode etter eit val. Desse ekstra vala innverkar ikkje på dei vanlege fireårsperiodane.[1]



Kjelder |





  1. «Riksdagens planering inför ett beslut om extra val», riksdagen.se. Vitja 20. desember 2014.


  • Berg, Ole T. «Sveriges politiske system» (26. april 2013), Store norske leksikon.



  • Delar av denne artikkelen bygger på «Sveriges riksdag» frå Wikipedia på bokmål, og «Sveriges riksdag» frå Wikipedia på svensk den 20. desember 2014.


Bakgrunnsstoff |



  • Offisiell nettstad

    Spire Denne samfunnsartikkelen som har med Sverige å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?