Sauer 38H


Sauer 38H er ein liten halvautomatisk pistol med bakslagsmekanisme laga i Tyskland frå 1938 til slutten av andre verdskrigen.


Denne pistolen var svært moderne på den tida. Han hadde skjult hane, kombinert double-action og single-action avtrekkjarmekanisme, magasin med ei enkelt patronrekkje og drivfjør rundt det faste løpet. Det heilt nye var at ein kunne spenne og avspenne hanen på ein trygg måte. Hanen kunne senkast for trygg transport etter at eit skot hadde vorte kamra eller eit skot hadde vorte avfyrt. Eit hòlrom på avtrekkjaren indikerte om hanen var spend - om du kunne sjå gjennom hòlrommet var hanen nedspend. Mesta alle moderne pistolar frå det samanslegne sveitsisk-tyske firmaet SIG-Sauer no for tida har slik ein hanenedspenningshendel, og au andre trekk frå Sauer 38H.


Eit anna nyskapande trekk ved denne pistolen er at han hadde ein indikator som syner når han er ladd. Når eit skot er i kammeret stikk ei lita nål ut rett attom baksiktet. Vidare har han magasinsikring, som déaktiverer avtrekkjaren når magasinet er ute, sjølv om det framleis er eit skot i kammeret. Dette er au eit avansert trekk ved Sauer 38H.


Skjeftet på pistolen vart laga av bakelitt, som ikkje er så robust som moderne plast. Skjefteplatene har derfor ofte sprokke gjennom åra, og ein har måtta skifte dei ut.


Sauer 38H vart i hovudsak produsert i kaliber .32 ACP (7,65 mm Browning).


Pistolen vart bruka i delar av det tyske militæret, slik som flyvåpenet, attåt i politistyrkane. Omfanget var stort, talet på Sauer 38H var mesta like stort som talet på Walther PP. Den siste hadde likevel høgare status.


Sauer starta utviklinga av denne pistolen for å konkurrere med firma som Mauser om sivilt sal. Men da krigen begynte, fann dei fleste vegen til ulike politieiningar, ofte saman med eit svart lærhylster. Desse pistolane ber da stempelet til den eininga dei høyrde til.


Sauer 38H vart laga i tre variantar. Mot slutten av krigen vart han som andre våpen forenkla så langt det lét seg gjera. Finishen vart røffare og sikringa på sleiden kutta ut, til dømes.


Sauer 38H lever i dag vidare i etterkommaren SigSauer P232, som er ein moderne elegant bakslagspistol i kaliber .32 ACP eller kaliber .380 ACP (9 mm kort). (Sjå au her: SigSauer P232).



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sauer 38H


  • Sauer's Weapons Homepage

  • J.P. Sauer und Sohn Homepage

  • Reproduction Sauer 38H Grips

  • Reproduction and Original Sauer 38H Parts - Canada

  • Reproduction and Original Sauer 38H Parts - United States


Kjelde |


Den engelskspråklege wikipediaen [1]







Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?