Tyrifjorden



















Tyrifjorden

innsjø

Tyrifjorden-tb.jpg

Idyll ved Tyrifjorden

Land

Flag of Norway.svg Noreg

Høgd over havet
63 moh

Areal
138,56 km²
Middeldjupn
114 m
Største djupn
330 m
Volum

13,13 km³
Kystlengd1171,81 km


Koordinatar

59°55′04″N 09°58′02″EKoordinatar: 59°55′04″N 09°58′02″E


Wikimedia Commons: Tyrifjorden


1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Tyrifjorden (138,56 km²) er den femte største innsjøen i Noreg. Innsjøen ligg i kommunane (frå nord til sør) Ringerike, Hole, Lier og Modum, som alle ligg i Buskerud fylke.




Innhaldsliste





  • 1 Generelt


  • 2 Fjordarmane

    • 2.1 Storfjorden


    • 2.2 Holsfjorden


    • 2.3 Nordfjorden


    • 2.4 Steinsfjorden



  • 3 Drenering


  • 4 Historie


  • 5 Rekreasjon og friluftsliv


  • 6 Artsrikdom


  • 7 Naturvern

    • 7.1 Nordre Tyrifjorden våtmarkssystem


    • 7.2 Tyrifjorden dyrefredingsområde


    • 7.3 Anna naturvern



  • 8 Kjelder




Generelt |


Tyrifjorden er ein av dei mest artsrike innsjøane i landet og vert rekna som moderat næringsrik. Vasspegelen ligg om lag 63 moh., og fjorden har eit gjennomsnittleg djup på 114 meter. Frå naturen si side er Tyrifjorden den fjerde største i landet i forhold til areal (femte størst når Røssvatnet, som er kunstig demd opp vert rekna med), men den nest største i volum (13,13 km³). Reknar ein med Røssvatnet er Tyrifjorden den tredje største i volum.


Fleire område i direkte tilknyting til innsjøen har stor verneverdi på grunn av sin unike flora og fauna. Fjorden, som er ein typisk klarvassjø som er lite humuspåverka og har ein god ionesamansetjing, har ein pH på mellom 6,8 og 7,2. Han er verna i samsvar med Verneplan I for vassdrag. Tyrifjorden er regulert 1 m, og vernet gjeld mot ytterlegare regulering.



Fjordarmane |




Kart over Tyrifjorden



Storfjorden |


Storfjorden er synonym med sjølve Tyrifjordplatået og strekninga frå Nakkerud og ned mot Vikersund. Tyrifjordplatået er den delen av fjorden som ligg mellom Nakkerud, Røysetangen og Øst-Modum. Det er her Tyrifjorden er på det breiaste. Tyrifjordplatået er omkring 288 m dyp på det djupaste, og platået står i direkte samband med djupet i Holsfjordrenna.



Holsfjorden |


Holsfjorden strekkjer seg frå Storfjorden og sørover mot Svengstrand i Lier kommune. Dette er den lengste og største av fjordarmane, i tillegg til den djupaste. Holsfjordrenna er omkring 288 m djup[1] og står i direkte samband med Tyrifjordplatået. NVE oppgir 295 m som største djupn i Holsfjorden[2]. Utanfor Skaret i Hole er derimot djupna målt til 330 m, noko som òg vert oppgjeve som det djupaste punktet i fjordsjøen på eit tidlegare djupnekart.


Holsfjorden er hovudkjelda for drikkevassforsyninga for kommunane Asker og Bærum.



Nordfjorden |


Nordfjorden er den nordlegaste av fjordarmane i Tyrifjorden. Han strekkjer seg nordaustover frå Nakkerud i Ringerike og Bønsnestangen i Hole til Røssholmstranda og utløpet av elvane Sogna og Storelva inst i fjordarmen. Den nordlegaste delen av Nordfjorden er særs grunn.



Steinsfjorden |


Steinsfjorden er den nordaustlege armen av Tyrifjorden. Denne fjordarmen skil seg frå resten av innsjøen gjennom eit smalt sund ved Kroksund. Her kryssar E16 over innsjøen i bru, mellom Sundvollen og Kroksund i Hole. Steinsfjorden har eit gjennomsnittleg djup på om lag 10,2 m, medan maksimaldjupna er om lag 24 m. Denne delen av fjorden har særs liten drenering i forhold til resten av Tyrifjorden. Det er utrekna at ein total utskifting av vatnet i Steinsfjorden tar omkring 4,6 år. Miljøet er derfor langt meir sårbart i dette området enn elles i fjorden.



Drenering |


Begnavassdraget, Randsfjordvassdraget og Soknavassdraget drenerer til Nordfjorden i Tyrifjorden gjennom elvane Storelva (som startar ved Hønefoss, der Begna og Randselva flyt saman) og Sogna som munnar ut ved høvesvis Averøya og Karlsrudtangen nord i fjorden.


Desse elvane utgjer langt det største tilsiget til Tyrifjorden, men på langt nær dei einaste. Ei rekke mindre elvar og bekker drenerer òg til fjorden, mellom anna frå Holleia, Krokskogen og Finnemarka.



Historie |


For mange år sidan var dette området dekt av 2 000–3 000 meter tjukk is, men då istida gjekk mot slutten vart Tyrifjorden ein del av havet, som etter kvart strekte seg helt inn mot Eggemoen på Ringerike. Når dei store ismassane forsvann byrja landskapet å stige, og Tyrifjorden vart såleis ein isolert innsjø over tid.


Rundt Tyrifjorden finn ein framleis mange spor frå den tida da fjorden var ein del av havet, til dømes den vidkjende fossile kjempesjøskorpionen (Mixopterus kiæri) som vart funne ved Rudstangen ved Kroksund i 1906. Sjøskorpionen målte heile 70 cm og er om lag 420 millionar år gammal (silur). På den tida låg dette området ved Sørpolen. Seinare, under karbontida for 363–290 mill. år sidan, låg området ved Ekvator.


Soga seier at Tyrifjorden har fått namnet sitt etter dronning Tyra, men det er lite truleg at dette er sant. Fjorden er lausleg forma som bokstaven H og minner mykje om ei tyrirot sett oppifrå. Ein teori er at folk som kom over Krokskogen, der fjorden er godt synleg, kan ha gjeve han namnet «Tyri» etter forma. Ein annan teori er at namnet kan ha samanheng med vegetasjonen rundt fjorden for mange hundre år sidan. Grantreet kom nemleg ikkje til dette distriktet før omkring 400-500-talet. Før den tida var truleg landskapet rundt fjorden dekt med furutre.



Rekreasjon og friluftsliv |





Holsfjorden sett mot Tyrifjordplatået
(Skaret til høgre i biletet)





Røysetangen og Storfjorden
(Finnemarka i bakgrunnen)





Storelva, Synneren (meandersjø) og nordenden av Nordfjorden (Holleia i bakgrunnen)


Tyrifjorden er ein artsrik innsjø med rik flora og fauna rundt. Det er derfor oppretta fleire naturreservat i samband med fjorden.


Tyrifjorden har to stammer av storaure (Salmo trutta lacustris); ein som gyt i øvre del av Drammenselva og ein som gyt i Randselva. Det er slett ikkje uvanleg å få aure på over 10 kg i fjorden, sjølv om det på ingen måte er dagleg kost. Steinsfjorden er kjent for sitt yrande båtliv og fiske etter edelkreps og gjedde. Krepsebestanden der er truleg den største i heile landet. Kvart år vert det fiska opp i snitt cirka 2 000 kg med edelkreps her. I Steinsfjorden går òg Gjeddefestivalen av stabelen kvart år i mai/juni. Gjedder på 10 kg eller meir er nærast for normalt å rekne. Noregsrekorden for gjedde er frå Synneren, som ligg i nær tilknyting til Nordfjorden. Han vog 19,6 kg og vart tatt i garn. Frå Steinsfjorden er òg noregsrekorden for brasme, på drygt 5,5 kg. Òg åboren kan verte svært stor i dette området, og i ei tid hadde Steinsfjorden òg noregsrekorden for denne fiskearten. Steinsfjorden er òg populær for isfisket sitt vinterstid.


Rundt Tyrifjorden finst det ei rekke flotte badeplassar, som til dømes Røssholmstranda inst i Nordfjorden. Det er ei stor langgrunn sandstrand der det yrer av liv i heile badesesongen. Det er også ei rekke større og mindre øyar i fjorden, der strandhogg med båt er populært. Området rundt fjorden er dessutan populært hos både ornitologar og geologar.



Artsrikdom |


I Tyrifjorden finst aure, røye, sik, krøkle, brasme, karuss, ørekyt, åbor, gjedde, trepigga og nipigga stingsild, ål og elveniauge. Dessutan er bekkerøye og regnbogeaure etablert som eit resultat av fiskeoppdrett og utsetting. I tillegg kjem edelkreps.


Rundt Tyrifjorden er fuglelivet rikt. Averøya og Karlsrudtangen er særleg viktig for vadefugl på trekk. Ved låg vasstand vert ei fleire hundre meter brei sand- og muddersone blottlagt ved Karlsrudtangen, ei akkumulasjonsstrand som delvis har frodig vegetasjon. Dette er ein viktig beiteplass for våtmarksfuglar, særleg vadarar. Strandengene og akkumulasjonssonen vert utnytta av artar som enkeltbekkasin, trane, gråhegre, kortnebbgås, vipe, storspove, sandlo, dverglo og gluttsnipe. I gruntvassområda beiter songsvane, knoppsvane og grasender som stokkand, krikkand, brunnakke og stjertand. Dukkender (mellom anna kvinand, toppand, bergand, havelle og sjøorre) og fiskender (laksand og siland) og storlom utnyttar dei djupare vassområda. I tillegg har fiskeørn regelmessig næringssøk i området. Det finst òg ei rekke spettar, meiser og songarar.



Naturvern |



Nordre Tyrifjorden våtmarkssystem |


Nordre Tyrifjorden våtmarkssystem er eit internasjonalt viktig våtmarksområde som i 1996 vart erklært som ramsarområde. Området omhandlar Nordfjorden og Steinsfjorden med tilstøytande elvar og bekker. Innanfor dette området ligg fem naturreservat, som kvar er tildelt ramsarstatus. Tre av reservata er såkalla meandersjøar (kroksjøar) i ei ulik fase av gjengroing, danna av Storelva nær utløpet til elva i Nordfjorden. Dei to siste er innlandsdeltaer i nær tilknyting til Storelva og Sognas sine utløp i fjorden.



  • Averøya naturreservat (innlandsdelta med ramsarstatus)


  • Juveren naturreservat (meandersjø med ramsarstatus)


  • Karlsrudtangen naturreservat (innlandsdelta med ramsarstatus)


  • Lamyra naturreservat (meandersjø med ramsarstatus)


  • Synneren naturreservat (meandersjø med ramsarstatus)

Nordre Tyrifjorden-området er eit svært viktig område for trekkfuglar i vår- og hausttrekket, spesielt for songsvaner og knoppsvaner. For knoppsvanene er området faktisk et karaktererområde året rundt. Totalt er det registrert 235 fugleartar i dette området (2006). Ei rekke av desse står oppført på nasjonal raudliste som trua artar. Områda med gammal skog er òg viktig for fuglelivet, til dømes er alle dei norske hakkespettartane observert i Averøya naturreservat. Det er dessutan observert at dvergspett hekkar i området.



Tyrifjorden dyrefredingsområde |


Tyrifjorden dyrefredingsområde vart oppretta den 27. august 1954 og omfattar eit område på 5 121 da lengst sørvest i Tyrifjorden (fysisk i trakta dannar utløpet til Drammenselva ved Vikersund) og øvre del av Drammenselva (i praksis det området som er synonymt med Bergsjøen mellom Vikersund og Geithus).


Dyrefredinga omfattar alt vilt i området, men hovudårsaka med fredinga er å sikre fuglelivet i dette viktige våtmarksområdet for trekkfuglar.



Anna naturvern |


I tillegg til verneområda som er nemnd tidlegare finst det fleire små naturreservat i direkte tilknyting til Tyrifjorden, men desse er i hovudsak via vern av fossil og geologien i området, som er ein svært interessant del av Oslofeltet.



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Tyrifjorden» frå Wikipedia på bokmål, den 18. april 2008.

    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:


  1. Djupnekart over Tyrifjorden. 2005. NVE. Vitja 27. mars 2008


  2. SSM. 2006. 012/14 Tyrifjorden: Vassdragsnr. 012.D1. NVE. Vitja 27. mars 2008






Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?