Djevelen





Den heilage Augustin og Djevelen. Måleri frå 1470-talet av Michael Pacher.




Djevelen framstilt med horn og hestehov. Illustrasjon til det norske folkeeventyret «Fanden og futen» av Theodor Kittelsen.


Djevelen er ei nemning brukt om eit mektig overnaturleg vesen som står for det vonde i fleire religionar, særleg kristendommen og islam. Førestillinga er utvikla frå jødedommen, der ein Satan er ein engel som peiker ut folk sine vonde dragningar eller er ei kjelde til desse. Ordet «djevel» kjem frå gresk diabolos, som tyder 'skuldar' eller 'bakvaskar'. Det kom inn på norrønt som djafull, og kan som «djevel» visa til demonar eller vonde menneske. Ordet finst også i nokre faste uttrykk og som bannord. Vidare finst det ei rekkje tilnamn for Djevelen, som Fanden, Gamle-Erik, Hinmannen, mannen med hoven, Styggen, Tykje og Den vonde.


I Bibelen opptrer Djevelen i Første Mosebok som ein freistar som lokkar Eva til å eta av kunnskapstreet, i Jobs bok som ein som prøver Job, og i Matteusevangeliet igjen som ein freistar for Jesus. Djevelen er også kalla Satan og i nokre høve Lucifer, men det siste er omdiskutert. Han er ofte rekna som ein fallen engel.


I Koranen blei Djevelen og djinnane skapt av Gud, men valde å ikkje lyda han. Dei prøver å lokke og freista menneska til å synda. Djevelen er kjend som Iblis eller Shaitan i islam.


Djevelen har oppteke folk sterkt gjennom tidene, og han er blitt framstilt i biletkunst og litteratur. Tradisjonelt har ein sett han for seg som ein grotesk menneskeaktig skikkelse, ofte mørkleten, med dyrelemar som horn og hovar eller klauver. Nokre gonger kan han ha vengjer som ein engel, men desse er ofte mørke, motsett lyse eller kvite englevengjer. Djevelen kan visa seg for folk og kjøpslå med dei, som regel ved å gje dei gåver i bytte mot sjela deira. Mange folkeeventyr handlar om korleis ein lurer Djevelen. Ein finn også Djevelen som hovud- eller biperson i ei rekkje nyare bøker og filmar.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Djevelen» frå Wikipedia på bokmål, og «The Devil» frå Wikipedia på engelsk den 18. januar 2009.


Bakgrunnsstoff |



  • Ronald Grambo: Djevelens livshistorie. Scener fra en travel tilværelse. Oslo 1990. Ex Libris. ISBN 82-7384-252-5.

  • Oppslagsordet «Djævel» i Salmonsens konversationsleksikon fra 1915-1930 (på dansk)

  • Oppslagsdordet «Djævel» i Ordbog over det danske sprog (på dansk)


  • Oppslagsordet «Djävful» i Svenska Akademins ordbog (på svensk)

    Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.



Popular posts from this blog

六本木駅

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Joseph Lister