Harald
Harald er eit mannsnamn, eit gamalt nordisk namn. Namnet har opphav i ord som tyder hær og herskar. Tydinga er altså noko nær hærførar eller krigsherre. Fleire danske, norske og engelske kongar har hatt namnet Harald. På engelsk skriv ein namnet Harold.
Per april 2005 er det over 17.300 menn i Noreg med Harald som fornamn.
Innhaldsliste
1 Kjende personar med namnet Harald
1.1 Kongar
1.2 Andre
2 Anna
3 Bakgrunnsstoff
Kjende personar med namnet Harald |
Kongar |
Harald I Hårfagre, norsk konge
Harald II Eiriksson Gråfell, norsk konge
Harald III Hardråde, norsk konge
Harald IV Magnusson Gille, norsk konge
Harald V av Noreg (f. 1937), norsk konge
Harald Blåtann, norsk-dansk konge
Harald Hein, dansk konge
Harald Hildetand, sagakonge
Harald Klak av Jylland, konge i mellomalderen
Harald Harefot av England
Harald Godwinson av England
Andre |
Harald Hjärne (1848-1922), svensk historikar
Harald Sohlberg (1869-1935), norsk kunstmålar
Harald Cramér (1893-1985), svensk matematikar
Harold Macmillan (1894-1986), britisk statsminister
Harald Strøm (1897-1977), norsk idrettsmann
Harald Sæverud (1897-1992), norsk komponist
Harold Pinter (1930-2008), britisk forfattar og nobelprisvinnar
Harald Grønningen (f. 1934), norsk langrennar
Harald Heide-Steen jr. (1939-2008), norsk skodespelar
Harald Mæle (f. 1944), norsk skodespelar
Harold Faltermeyer (f. 1952), filmmusikkomponist
Harald Torfinn Thune (f. 1952), fylkesmann i Rogaland
Harald Aabrekk (f. 1956), norsk fotballtrenar
Harald Stanghelle (f. 1956), norsk journalist
Harald Zwart (f. 1965), norsk filmregissør
Harald Eia (f. 1966), norsk komikar
Harald Rosenløw Eeg (f. 1970), norsk forfattar og musikar
Harald Martin Brattbakk (f. 1971), norsk fotballspelar
Harald Rønneberg (f. 1973), norsk programleiar, kjent frå Senkveld
Anna |
Mstislav den store vart kalla Harald i norrøne soger
Bakgrunnsstoff |
Søk etter norsk namnestatistikk for Harald hjå Statistisk Sentralbyrå