Henrik
Namnetrekket til Henrik VIII av England.
Henrik er eit dansk, norsk og svensk mannsnamn, frå gammaltysk Haimirich. Det har norsk namnedag den 20. oktober.
Henrik Bjelke, dansk adelsmann som levde på 1600-talet.
Namnet er opphavleg sett saman av 'heim' og -rik, 'herskar', og kan altså tyda herskaren over heimen. Det har vore brukt i Noreg sidan 1200-talet.
På tysk er namnet Heinrich, noko den eldre skandinaviske skrivemåten Hinrich minner om. Den engelske forma av namnet er Henry. Ein kvinneleg variant av namnet er Henrikke.
Innhaldsliste
1 Namneberarar
2 Annan bruk
3 Kjelder
4 Bakgrunnsstoff
Namneberarar |
Kongelege
Fleire keisarar av det tysk-romerske riket (ty. Heinrich)
| Fleire engelske kongar (eng. Henry):
| Fleire franske kongar (fr. Henri):
|
Henrik Wergeland (1808–1845), norsk forfattar
Henrik Ibsen (1828–1906), norsk forfattar
Henryk Sienkiewicz (1846-1916), polsk forfatter og nobelprisvinnar
Henrik Pontoppidan (1857–1943), dansk forfattar
Henrik Bull (1864–1953), norsk arkitekt
Henrik Sørensen (1882–1962), norsk maler
prins Henrik av Danmark (1934–2018), dansk dronninggemal, døypt Henri
Henrik Larsson (f. 1971), svensk fotballspelar
Henrik H. Langeland (f. 1972), norsk forfattar
Henrik Christiansen (f. 1983), norsk skøyteløpar
Annan bruk |
Stolt henrik er namnet på ein tidlegare matplante i amarantfamilien
Kjelder |
«Henrik – mannsnavn» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff |
- Søk etter norsk namnestatistikk for Henrik hjå Statistisk Sentralbyrå