Dvale





Nordflaggermus i dvale på Modum i Noreg.


Dvale er ein biologisk tilstand med sterkt nedsette livsfunksjonar og blir brukt av fleire dyr som ein måte å takla vanskelege tilhøve i miljøet på, som kulde eller tørke. Dyr som er i dvale har nedsett næringsbehov og tærer på feittreservane sine i ei tid då føde er vanskeleg tilgjengeleg. Ein skil mellom «ekte dvale» (hibernering, vinterdvale), der andedrett, stoffskifte og kroppstemperatur går kraftig ned, og «vintersøvn» (uekte dvale), der stoffskifte søkk noko men kroppstemperaturen held seg nokså normal.


Dyr som går i dvale om vinteren er mellom anna bjørkemus, flaggermus, pinnsvin og hoggorm. Brunbjørn har vintersøvn. Lemurarten Cheirogaleus medius lever i dvale i opptil sju månader av året under den tørre vinteren på Madagaskar.


Fleire sniglar, krokodillar, salamandrar og andre dyr går i dvale under tørketida i tropiske strøk. Mange slangar kan også ha ein dvaleliknande tilstand med nedsett stoffskifte og aktivitet, men der dei ikkje søv.



Sjå òg |


  • Diapause

  • Nattleg hypotermi

  • Søvn hjå dyr


Bakgrunnsstoff |



  • «hibernering» i Store norske leksikon, snl.no.


Kjelder |



  • «dvale. – tilstand hos dyr» i Store norske leksikon, snl.no.

  • «vintersøvn – zoologi» i Store norske leksikon, snl.no.

  • Denne artikkelen bygger på «Hibernation» frå Wikipedia på engelsk, den 16. januar 2011.


  • Denne artikkelen bygger på «Dvale» frå Wikipedia på bokmål, den 16. januar 2011.


Spire Denne dyreartikkelen som har med biologi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Popular posts from this blog

六本木駅

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Joseph Lister